Hopp til innhold

«Alle» skal ha DAB-radio

FØRDE (NRK): Salet av DAB-radioar og tilleggsutstyr går så det susar. Hos Elkjøp i Førde slit dei med å halde tritt med etterspurnaden.

Varehussjef Espen Loe Haukedal (t.h.) hos Elkjøp i Førde.

PÅGANG: Hyllene hos varehussjef Espen Loe Haukedal vert fort tømde for DAB-radioar for tida. Kundane har mange spørsmål om korleis dei nye radioane fungerer.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Vi sel 50–60 einingar kvar dag, fortel varehussjef Espen Loe Haukedal hos Elkjøp i Førde.

Mange har sterke meiningar om overgangen frå FM til DAB. Men skal vi tru varehussjefen ser ikkje det ut til å påverke kjøpelysta. Tomme hyller er det synlege beviset på den store etterspurnaden. Han ventar inn 400 nye DAB-radioar og -artiklar dei næraste dagane.

Mange spørsmål

Loe Haukedal fortel at kundane kjøper både radioar, antenner og adapterar. Og felles for stort sett alle som er innom og kjøper, er at radioen eller utstyret må vere enkelt å bruke. Mange spør og om korleis ein søker opp kanalane og korleis utstyret skal monterast. Lydkvalitet er og eit tema for mange.

Sjølv om det har vore kjent lenge at DAB skal erstatte det gamle FM-nettet, har etterspurnaden auka i takt med at datoen for at sløkkinga nærmar seg. I Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder-fylka er det slutt på at du kan høyre NRK på FM-nettet frå 21. juni. Dei kommersielle kanalane forsvinn i september.

Rush av folk som kjøper radioar

TV: Sjå innslaget om DAB i Vestlandsrevyen.

– Det er litt småpanikk

Loe Haukedal trur difor etterspurnaden vil halde fram utover sommaren og hausten.

– Det har vore litt småpanikk når det no nærmar seg datoen for at signala snart forsvinn. Eg trur pågangen vil halde fram, når ein til dømes kjem på hytta og oppdagar at ein har gløymt den gamle radioen der, meiner Loe Haukedal.

Mange av kundane har kostbare og fullt brukande radioar og stereoanlegg, som dei gjerne vil behalde.

– Det er fullt mogeleg å bruke det anlegget du har i dag ved å kople til ein adapter, slik at du får inn DAB-signala også på det gamle anlegget, forklarar varehussjefen.

Laila Sandnes

MÅ HA RADIO: Laila Sandnes synest det er godt selskap i radioen, som ho har ståande på heile dagen.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Viktig selskap

Laila Sandnes er ein av kundane som er innom Elkjøp denne dagen.

– Eg må ha ein radio. Den skal stå på kjøkkenet. Eg høyrer på radio frå eg står opp om morgonen. Den er godt selskap.

To tredjedelar av alle radiolyttarar i Norge lyttar i dag til digital radio. 1,6 millionar høyrer det gjennom DAB.

Onsdag kl 11:11 sluttar NRK å sende på FM-nettet i Sogn og Fjordane.

DIREKTE: Vi sender direkte kl. 10:30-11:30 onsdag. Sjølve sløkkinga skjer klokka 11:11.