To av tre har framleis ikkje DAB-radio i bilen – fryktar for beredskapen langs vegane

Nesten to millionar biler står utan DAB-radio i bilen, berre månader før FM-nettet vert sløkt i heile landet.

Nils Sødal

BEKYMRA: Kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Nils Sødal, håper fleire får seg DAB-radio i bilen før FM-nettet vert sløkt.

Foto: Erik Norrud / NAF

– To av tre har det ikkje enno, og det er nesten to millionar norske bilar. Så det er jo veldig mange, seier kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Nils Sødal.

Han viser til ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå, og tala bekymrar han.

– Viss talet vil vere relativt høgt framover, har jo dette noko å seie for beredskapen langs vegane. Det er framleis slik at radio er den mest effektive beredskapskanalen om noko skulle oppstå og veldig mange vil ikkje få det med seg, om dei ikkje har radiomottakar i bilen sin, seier han.

I Sogn og Fjordane forsvinn FM-signala for NRKs kanalar 21. juni i år, medan P4 og Radio Norge går av FM-nettet 15. september.

Forventar storinnrykk

For berre nokre dagar sidan, den 11. januar, vart FM-nettet skrudd av i Nordland og alle der må over på DAB. På Opus AS i Førde har det så langt vore roleg med førespurnadar om DAB-installasjon.

– Det vil heilt sikkert forandre seg den dagen det blir stilt. Då blir nok rushet her, så til sommaren har vi nok rikeleg å gjere, seier mekanikar ved Opus AS i Førde, Lars Ove Nydal.

Nydal har nettopp installert DAB-adapter i ein bil, men folk kan fint gjera det sjølv.

– Det er jo litt forskjellige system. Nokon er veldig enkle å montere, mens andre krev litt meir, seier han.

DAB.

ADAPTER: Mekanikar ved Opus AS i Førde, Lars Ove Nydal, viser fram ein DAB-adapter, som kan få FM-radioen i bilen til å ta inn DAB-signal.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Tidleg ute

På gata i Førde er svara varierande, på spørsmål om folk har fått ordna seg med DAB i bilen.

Anne Grethe Lien

KLAR: Anne Grethe Lien skal få fiksa seg DAB-radio i bilen før utgangen av månaden.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Eg skal få det på plass denne månaden. Eg har ikkje gjort ein avtale enno, men eg har sjekka pris og kontakta verkstad, seier Anne Grethe Lien.

Og medan nokon driv og sjekkar priser og bestiller time til installasjon, er det greiare for andre.

– Eg har heilt ny bil, så den er ferdig med DAB i, seier Arvid Olsen.