«Kven vil vere bøddel?» var ein kommentar. Andre ville gjerne trykkje på knappen, men då ville dei skru på og ikkje av.
Nokre ville heller flytte til Island enn å kjøpe ein DAB-radio, medan andre er vemodige.
Uroa for kva som skjer med miljøet
Stein Malkenes, førstekandidat for Miljøpartiet dei Grøne, fryktar for kva som skjer om alle skal kvitte seg med sin gamle radio. Han skreiv dette i ein e-post til NRK:
– Kjøpte meg eit DAB-adapter til 2039 kroner for å kunne lytte til NRK. Alternativet er at eg måtte kjøpe nytt, og bidra til NRK sin innsats for å skape eit elektronisk avfallsberg i Noreg.
KJØPTE ADAPTER: Førstekandidat for MDG i Sogn og Fjordane, Stein Malkenes kjøpte adapter til sin gamle FM-radio.
Foto: STEIN MALKENESP1-sjef, Jon Branæs, er ikkje uro for at gamle FM-radioar skal hamne i naturen.
– Det er ikkje NRK som bestemmer at vi skal gjere dette. Det er eit stortingsvedtak som vi ynskjer velkomen. Du kan kjøpe adapter, eller kjøpe deg ein billig DAB-radio. Skal du kvitte deg med ein FM-radio, så går du til eit kommunalt avfallsselskap eller til ein elektronikkbutikk.
Viss du ikkje vil bruke pengar på eit adapter eller ein ny radio, så har han eit godt tips.
– Ein kan faktisk høyre på radio over internett.
- Les også:
Finn du svar på ditt spørsmål?
Nokre av spørsmåla knytt til DAB går ofte att. Desse har Branæs svart på.
– Kvifor sluttar NRK å sende på FM-nettet?
– FM-nettet er gamalt. Skal vi sende på begge må det store investeringar til for at FM-nettet skal vere trygt nok til å sende på i framtida. Det er ikkje noko vi kan prioritere. Då vel vi heller å sende på det moderne og digitale sendenettet.
– Kvifor er DAB betre enn FM?
– Det vert fleire kanalar. Veldig enkelt sagt er dette som forskjellen mellom vinyl og CD-plate.
- Les også:
– Kva er forklaringa på at nokre har dårlegare dekning med DAB?
– Vi skal ikkje sei at det er perfekt dekning. Vi er ikkje ferdig med å bygge ut dette alle stader. Kravet om dekning frå Stortinget er oppfylt, men vi skrur no opp fleire sendarar. Så er det nok sånn at mange slit med at nytt utstyr verkar som det skal, seier Branæs.
SOM Å GÅ FRÅ LP TIL CD: P1-sjef, Jon Branæs, samanliknar overgangen frå FM til DAB som frå vinyl til CD.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKPssst.Vi tar framleis imot forslag på kven som skal trykke på knappen.