Hopp til innhold

Grøne arbeidsplassar kan gleppe fordi dei ikkje får straumgaranti

Lokale klimaprosjekt på land kan bli skrinlagt grunna mangel på straum. Raudt-leiar Bjørnar Moxnes ber om stans i elektrifisering av sokkelen. – Bruk straumen på land, seier han.

Rødt Øygarden industri
Foto: Silje Rognsvåg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

16 olje- og gassplattformer skal få straum frå land gjennom elektrifisering av sokkelen.

Utbygginga skal få ned klimautsleppa i Noreg, men vil samtidig krevje store mengder straum. Straum som i staden kunne vore brukt på klimaprosjekt på land, hevdar fleire.

Nord i Øygarden kommune vest for Bergen held dei på med å bygge eit svært anlegg for å hente inn og sende CO₂ til lagring under havbotnen, kalla Northern Lights.

Rødt Øygarden industri

NORTHERN LIGHTS: Her byggast gigantprosjektet i Øygarden utanfor Bergen. Hit skal ein frakte og lagre CO₂ fleire kilometer under havbotnen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

For lite straum

Der blei kommunen oppmoda av tidlegare statsminister Erna Solberg (H) til å finne synergiar i samband med bygginga av anlegget.

Det er berre eitt stort problem. Kommunen har nemleg ikkje nok straum å tilby til dei som vil etablere seg.

– Vi manglar mykje straum, fastslår ordførar Tom Georg Indrevik (H).

I kommunen er ein hydrogenfabrikk under planlegging. Den vil krevje veldig mykje straum, så mykje at Indrevik og kommunen må seie nei til andre.

Han har stor pågang av verksemder som vil ha ein stad å etablere seg.

– Det må bli fortgang i utbygginga av straumkapasiteten på land. Det nyttar ikkje vente 8–10 år frå ein kjem med eit behov til det blir bygd ut, seier Indrevik.

Rødt Øygarden industri

STØTTAR RAUDT: Høgre-ordførar Tom Georg Indrevik (H) er bekymra for om elektrifiseringa av sokkelen kan gå utover lokale arbeidsplassar.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Høgre får støtte frå Raudt

Øygarden-ordføraren spør seg no om elektrifisering av sokkelen er noko som hindrar utvikling av nye og miljøvennlege verksemder på land.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er sterkt i mot at straum frå land skal ut til norske oljeplattformer. Dette er eit standpunkt som stadig fleire deler.

– Krafta må brukast til å byggje landet, ikkje til ut til Nordsjøen og ein meiningslaus elektrifisering, som blir veldig dyrt for innbyggjarane. Det handlar om framtida til Noreg, og framtidig næringsliv, seier han.

Også dagleg leiar i CCB Energy halding, Ronny Haufe, som skal bygge hydrogenfabrikken i Energiparken, er bekymra for kva elektrifisering av sokkelen ha å sei for gigantprosjektet på Vestlandet:

– For storskala produksjon av hydrogen og andre grøne næringar som i hovudsak dreier seg om å fange Co₂, både frå lufta og i industrien, så har vi skissert et behov på over 1000 megawatt. Det er meir enn heile Trondheim by brukar i dag, seier han.

– Det er ein utfordring å tilfredsstille alle som trenger kraft, legger Haufe til.

Rødt Øygarden industri

– KNAPPE RESSURSAR: Dagleg leiar i CCB Energy halding, Ronny Haufe, trur det vil bli utfordrande å sikre nok kraft til grøn industri når sokkelen skal elektrifiserast.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Aasland: – Elektrifiseringa held fram

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) meiner det er viktig å ha to tankar i hovudet samstundes.

– Vi må leggje til rette for at oljeindustrien kan få utvikle seg i framtida, og få ned klimagassutsleppa med 50 prosent fram mot 2030. Difor må vi også halde fram med å elektrifisere sokkelen, seier Aasland.

Men han legg til:

– Men vi må ikkje gjere dette med bind for auga, og mellom anna ta vare på den kraftkrevjande industrien på land.

Aasland er tydeleg på at regjeringa si satsing på havvind vil stå for store deler av krafta som skal brukast på norske oljefelt.

– Utbygging av havvind vil skape store moglegheiter for Noreg og vere med på å utvikla ny industri. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, meiner Aasland.

Stortinget behandlar for tida eit forslag frå Frp om å stanse vidare elektrifisering av norsk sokkel. Frp ser ikkje ut til å få fleirtalet med seg, men får støtte av Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne.