Hopp til innhold

Rømde frå krigen i Syria: – No fryktar eg korona

For 800.000 innvandrarar er informasjonsbehovet stort, men utfordrande. Hiba Almobarak frå Syria tykkjer mykje av informasjonen som kjem er vanskeleg å forstå.

Hiba Almobarak

BEKYMRA: Hiba Almobarak følgjer spent med på utviklinga av situasjonen rundt Koronaviruset, både i Noreg og i Syria.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me er veldig redde, både for krigen og koronaviruset. I Noreg vert me tatt godt vare på, men det er ikkje slik i alle land, seier Hiba Almobarak.

Det er hektisk i Almobarak-heimen. For åttebarnsfamilien, som i fjor haust mista leilegheita si i brann, er det ekstra kaotisk når ungane må halde seg heime.

– Det er litt vanskeleg, men me klarar oss bra, seier ho.

Saman med familien rømde ho frå krigen i Syria og kom til Noreg for tre år sidan. Sjølv om dei har integrert seg godt i Luster i Indre Sogn, kjenner dei på utfordringane med å forstå all informasjon som kjem ut.

Flyktningar mista alt i brannen

STORFAMILIE: Åttebarnsfamilien Almobarak kom til Noreg for tre år sidan for å unngå krigen i Syria. No er dei redde for kva som kan skje dersom Koronaviruset får herje fritt i heimlandet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me prøver å få med oss det som skjer. Men ofte vert det brukt avanserte ord som ikkje alltid er like lett å forstå, seier ho.

Her får du korona-informasjon på fleire språk frå NRK:

– Mange engstelege

Familien bekymrar seg også for dei som er att i heimlandet, og dei er ikkje åleine om det. Hilde Eliassen er avdelingsleiar på kvalifiseringssenter for innvandrarar i Bergen. Ho seier fleire er i same båt, og at behovet for informasjon er stort.

– Mange er engstelege for kor farleg dette er og korleis det går med familien i heimlandet. Mange kjem gjerne frå land med dårleg helsevesen og er ekstra bekymra for dei, seier ho.

Også for dei som ventar på beskjed om opphald i Noreg er situasjonen vanskeleg. UDI Vest melder at dei 585 menneska som bur på asylmottak i Vestland og Rogaland, er sette på vent. Det byr på utfordringar.

– Dei følger nøye med på situasjonen og tek smittevernanbefalingar frå helsemyndigheitene veldig på alvor. Det er me sjølvsagt glade for, men me må tenkje på mental helse opp i dette også, seier regiondirektør Belén Vinuesa Birkenes.

– Norsktalande må ta ansvar

FHI seier dei gjer det dei kan for å nå ut med informasjon til så mange som mogleg.

– Me har omsett to brosjyrar med informasjon til 41 språk, og me jobbar bevisst for å nå ut til så mange som mogleg. Det er klart det er vanskeleg å få med seg alt om ein ikkje snakkar så godt norsk, seier avdelingsdirektør for forsking og analyse av helsetenesta, Tor Inseth.

Han oppfordrar norsktalande i nærmiljøa til å vidareføre så mykje informasjon som mogleg til dei som treng det.

– Særleg på mindre plassar. I byane er det nok større miljø som kan ta det ansvaret, men det er framleis viktig å vere bevisst på, og dette oppfordrar me til i brosjyrane våre også, seier han.