Hopp til innhold

Mange er uroa for isolerte eldre – Kirsti (92) er glad for besøksvennen

FØRDE (NRK): Annankvar innbyggar er uroa for at eldre familiemedlemmer ikkje har det så bra. Det viser ei ny undersøking.

Liv Randi Åbrekk Glasø og Kirsti Ramstad

FÅR BESØK: 92 år gamle Kirsti Ramstad bur i omsorgsbustad og får no ta imot besøk att frå frivillige i Røde Kors. Her er Liv Randi Åbrekk Glasø innom.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eit halvt år etter at koronapandemien stengde ned landet, er det framleis mange som lever isolerte liv.

Ei undersøking Opinion har laga for Røde Kors, fortel at halvparten av oss er uroa for at eldre familiemedlemmer ikkje har det så bra for tida grunna koronapandemien.

– Det går ut over livskvaliteten, for vi er sosiale vesen og har behov for kontakt for å føle på velvære, seier Eva Marie Halvorsen i Røde Kors Besøksteneste.

– Ei påkjenning

I ein omsorgsbustad i Førde får endeleg 92 år gamle Kirsti Ramstad ta imot besøksvenner att, etter fleire månader utan. Sjølv om ho har hatt kontakt med familien sin, tykkjer ho det siste halvåret har vore ei ekstra påkjenning.

– Det har vore litt trasig, for eg har ikkje vore så mykje ute.

Liv Randi Åbrekk Glasø er besøksven frå Røde Kors. Ho merkar at dei gjer ein viktig jobb.

– Det er ei forandring i kvardagen og noko dei kan sjå fram til. Det er glede å spreie og glede å få tilbake, seier ho.

Røde Kors: Alvorleg bodskap

Under koronapandemien har fleire sjukeheimar tolka smittevernreglane for strengt, meinte Røde Kors tidlegare i haust. Dette ramma spesielt sjukeheimsbebuarar som ikkje har familie eller andre pårørande, og enkelte har ikkje hatt besøk på mange månader.

Eva Marie Halvorsen, Røde Kors

RØDE KORS: Eva Marie Halvorsen i Røde Kors seier det er viktig for livskvaliteten å få besøk.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eva Marie Halvorsen i besøkstenesta er uroa for kva konsekvensar dette får for livskvalitet og helse, og håpar dei einsame kan får betre oppfølging framover.

– Alle treng å ha kontakt med nokon. Blir det ytterlegare nedstengingar må vi ta lærdom at det ikkje var fokus på dette. Både pårørande og frivillige er heilt avgjerande i arbeidet for eldre menneske i Noreg.

Ho seier dei har hatt ein stor pågang etter frå folk som ønskjer besøk og at også mange pårørande tek kontakt.

– Vi veit at mange kjenner seg isolerte, og då får vi denne kjensla av einsemd. Dette er også noko vi andre også kan kjenne på.

Halvorsen er ikkje overraska om det undersøkinga viser.

– Det er det vi erfarer, det er eit alvorleg bodskap vi må ta på alvorleg.

Gir 60 millionar kroner

Også i regjeringa er dette eit tema dei har på dagsorden. Då barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) laurdag besøkte Fagerborghjemmet i Oslo, kunne han fortelje at regjeringa i statsbudsjettet for 2021 vil bruke 60 millionar kroner til å arbeide mot einsemd og isolasjon blant eldre under koronapandemien.

– Trass strenge smitteverntiltak er det mange aktivitetar som er mogleg å gjere. Men det blir ei ekstra belastning, og det kostar meir pengar for institusjonane og kommunane. Difor vil vi legge til rette for at fleire kan bidra gjennom desse ordningane, sa Ropstad til Vårt Land då han besøkte Fagerborghjemmet.

Set stor pris på besøket

Heime hos 92-åringen Kirsti Ramstad viser besøksvenn Liv Randi Åbrekk Glasø gode treningsøvingar og tøyingar.

– No er det viktig å komme i gang igjen med det vi heldt på med tidlegare. Vi er etterspurde, og dei eldre ønskjer oss tilbake.

Ramstad set stor pris på besøket.

– Ein blir jo lei når seg når ein ikkje kjem seg ut av rommet. Det er veldig kjekt å få besøk, seier ho.

Liv Randi Åbrekk Glasø og Kirsti Ramstad

STREKK: Litt bøy og tøy er viktig når ein sit lenge i ro. Liv Randi Åbrekk Glasø og Kirsti Ramstad hygger seg i lag.

Foto: Oddmund Haugen / NRK