Studentar kjenner seg einsame: – Eg veit så vidt namna på dei eg studerer med

Både studentpsykologen og helsestasjon for ungdom fortel om auka pågang i haust. Førsteårsstudent Sabina Abrahamsen (24) i Bergen seier at situasjonen ikkje går i lengda.

Sabina Abrahamsen

ALEINE: Sabina Abrahamsen (24) er student og brukar no store delar av dagane sine heime. – Det kjennest meiningslaust, seier ho.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Oppblomstringa av koronaviruset har ført til innstrammingar av smitteverntiltak i Bergen. For mange studentar har årets studiestart vore prega av karantene, avlyst fadderveke, og digital undervisning.

Sabina Abrahamsen kjem frå Lyngdal og er utdanna lærar. I år begynte ho å studere historie på Universitetet i Bergen, men studiestarten vart alt anna enn det ho hadde tenkt.

– Eg er veldig lite ute og veit så vidt namna på dei eg studerer med. Det kjennest meiningslaust, fortel ho.

Historiestudenten seier at dagane blir lange, og at det tærer på psyken å ikkje møte folk.

– Målet mitt er å halde ut til jul, og sjå an situasjonen. Dette går ikkje i lengda, seier ho og understrekar at ho forstår at tiltaka må vere strenge.

Fadderuke-samling i Nygårdsparken i Bergen

FÅR SKULDA: Koronautbrotet i Bergen har blitt knytt til studentmiljøet. Det har fått fleire studentar til å kjenne på skam.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bekymra for studentane

Dette semesteret har fleire enn normalt tatt kontakt med helsestasjon og studentpsykolog i Bergen.

– I august hadde vi ei klar auke i førespurnader inn til tenesta, og så langt i september er pågangen stor, seier Øystein Sandven som er psykolog hos Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen).

Også Agnes Giertsen på helsestasjon for ungdom fortel om stor pågang. Ho beskriv studentane som einsame og fortvilt.

– Vi er engstelege for at dei som sleit litt frå før blir hardare ramma no, og at endå fleire vil få problem med psykisk helse, seier Giertsen som også er førelesar på Høgskulen på Vestlandet.

Abrahamsen har ikkje oppsøkt psykolog sjølv, men trur mange har det vanskeleg. Ho har også gjort eigne grep.

– Eg har starte å skrive dagbok og teikne for å få ut tankane og sjå om det kan hjelpe, seier ho.

Agnes Giertsen, helsesykepleier

BEKYMRA: Agnes Giertsen møter studentar både i jobben som helsesjukepleiar og som førelesar. Ho er bekymra for at endå fleire no vil få det vanskeleg psykisk.

Foto: Aurora Berg / NRK

Kjenner på skam

Psykolog Sandven trekk fram at det i utgangspunktet kan vere utfordrande å vere student.

– I tillegg til vanlege problem er det i tillegg nye undervisningsformer og færre naturlege sosiale arenaer. Det gjer kvardagen krevjande for mange, seier han.

Det merkar også Giertsen i møte med studentane.

– Vi har ferske studentar innom som har vore 20 dagar i karantene og ikkje føler dei har opplevd noko. Dei er redde for korleis dette første semesteret skal gå, seier ho.

Ifølgje henne opplever mange usikkerheit.

– Ein del lurer på om dei skal reise heim fordi det er tryggast der, fortel ho.

Mange av dei som er i kontakt med henne kjenner også på ei skam over å vere student. I Bergen har nemleg studentar fått skulda for det lokale utbrotet.

– Det er nesten slik at folk unnskyldar at dei er studentar. Eg opplever at dei av og til kjenner seg litt mobba og er flaue i denne koronasituasjonen, seier ho.

Studentforeiningar kan vere redninga

I tillegg til dagbok og teikning leitar historiestudenten etter andre måtar å betre kvardagen på.

– No ser eg på ulike studentorganisasjonar eg kan melde meg inn i, eg trur det kan vere ei redning, seier ho.

Ho er ikkje den einaste som søker mot studentforeiningar. Det fortel Edvin Tønder som er leiar for Aktive Studenters Forening i Bergen.

– Det har vore vanskeleg å rekruttere norske studentar i mange år. No når utvekslingsstudentane ikkje er her trudde vi det kom til å bli spikaren i kista, seier han.

Edvin Tønder, student

OVERRASKA: Edvin Tønder leiar Aktive Studenters Forening i Bergen. Han fortel at det har vore enklare å rekruttere norske studentar til studentlaget under korona.

Foto: Gerd Johanne Braadland

Giertsen trur at nettopp studentorganisasjonar kan bli redninga for mange denne hausten.

– Det er kanskje dei som kan vere det sosiale fellesskapet for studentane. Eg ser at dei tek det ansvaret bevisst. Det er noko å lene seg på dersom ein kanskje er ny i byen og ikkje har familie her. Det er ein stad kor ein kan få hjelp og søke tryggleik, seier ho.

Giertsen ber også familie om å følge ekstra godt med framover.

– Vi oppmodar foreldre til å ha kontakt med ungdommen sin. Å starte opp eit nytt studieliv er ei sårbar overgangsfase, seier ho.

Status Norge

Sist oppdatert: 29.10.2020
1 835
Siste uke
47
Innlagt
280
Døde