Hopp til innhold

Må sikre cruiseskip utan utslepp – får ikkje lån til anlegg for landstraum

Elektrisk drift av cruiseskip skal berge verdsarvfjorden, men det er vanskeleg å skaffe pengar til å få bygt anlegget som skal skaffe straum frå land.

Cruiseskip i Flåm

VENTAR PÅ LANDSTRAUM: Om to å skal verdsarvfjordane vere nullutsleppsfjordar.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I 2019 kom det 158 cruiseskip til Flåm. Mange av dei er gamle og spyr ut ureinande røyk medan dei ligg i fjorden.

Om fire år kjem det nye reglar som forbyr skip å sleppe ut noko som helst.

Difor hastar det blant anna å få på plass eit anlegg som kan forsyne skipa med straum medan dei ligg til kai, slik at dei kan stogge motorane.

Kravet har ført til at det så langt ikkje er meldt inn besøk av cruiseskip i Flåm i 2026.

– Så lenge vi ikkje har ei avklaring, er det heller ingen cruisereiarlag som bookar, seier Tokvam.

Les også I 2019 kom det 158 cruiseskip hit – om fire år vil ingen kome

Flåm i Aurland

Usikre inntekter

Landstraumanlegget i Flåm er kostnadsrekna til 90 millionar kroner. Så langt har dei fått 27 millionar frå Enova. Men framleis manglar finansieringa av dei siste to tredelane av kostnaden.

Men med høgst usikre inntekter etter 2026 er det ikkje lett å få lån i banken.

– Levetida på eit slikt anlegg er kring 20 år, og då skal anlegget tenast inn at. Men med sikre inntekter berre fram til 2026, så er ikkje det nok til å betene ei slik investering, seier Tokvam.

Vil be staten om hjelp

Aurland hamnevesen er eit kommunalt eigd selskap. Ordførar Trygve Skjerdal (Sp) seier at kommunen ikkje har råd til å gi så store garantiar eller bla opp heile summen som manglar.

– Vi håpar på statleg hjelp og vil sende ein søknad om statsgaranti, og slik også gjere det mogeleg å hente pengar frå fleire hald, seier Skjerdal.

Tek saka opp i Stortinget

Det har fått stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) til stille skriftleg spørsmål til klima- og miljøminister Espen Barth Eide om kva regjeringa vil gjere for sikre etableringa av landstraum som planlagt innan 2022.

I 2018 vedtok Stortinget nemleg at verdsarvfjordane skulle vere nullutsleppsfjordar seinast i 2026, og alle andre fjordar i 2030.

Portrett av Liv Kari Eskeland

Liv Kari Eskeland (H) meiner Aurland kommune må meir støtte frå staten til landstraumanlegg.

Foto: Cecilie Victoria Jensen / Høyre

– Fordi verdsarvfjordane då låg fire år før dei andre sa vi at dei måtte få litt ekstra draghjelp frå Storting og regjering.

Men skal landstraumanlegget kome på plass i turistperla inst i Sognefjorden innan fristen byrjar det å haste.

– 2022 byrjar å nærme seg slutten, i alle fall om du skal ha på plass eit stort landstraumanlegg, seier Eskeland.

– Det første vedtaket i saka vart gjort i 2018, det er over fire sidan, så det er klart vi byrjar å bli utolmodige, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam.

Tor Mikkel Tokvam, havnesjef, Flåm/Aurland

Hamnesjef Tor Mikkel Tokvam i Aurland treng avklaring.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ventar på rapport med svar

I Klima- og miljødepartementet syner dei til at dei gjennom Enova har løyvd 27 millionar kroner, og at Enova har utsett fristen for når anlegget skal vere i drift til 1. april 2023.

– Garantiar ut over det har det ikkje vore snakk om til no, så det er eventuelt noko vi må kome attende til, seier statssekretær Aleksander Øren Heen.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.

Statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) vedgår at landstraumanlegget i Flåm i kjem på plass i år, men seier Enova har utvida fristen til 2023.

Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL

– Eg forstår den uvissa dei kjenner på. No får vi vente på rapporten som Sjøfartsdirektoratet kjem med i haust, og så får vi ta det der ifrå, seier han.

Direktoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit framlegg til korleis eit krav om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 kan innrettast og gjennomførast.

Ber staten garantere for lån

I Høgre meiner Eskeland at det går for sakte

– Stortinget har vedteke at statens skal bidra med eit landstraumanlegg, og det eg ber om er at staten stiller som garantist for det lånet som trengst.

– Dette med statleg garanti er noko som har dukka opp i det siste, og er dermed ikkje noko vi har tatt stilling til enno. Så vidt eg veit har vi heller ikkje motteke noko søknad om statleg garanti, seier Heen.