– Tilbakemeldinga frå reiarlaga er klar. Så lenge det er ein uavklara situasjon kan dei ikkje spekulere i å legge skip hit, seier Tor Mikkel Tokvam, hamnesjef i Aurland hamnevesen.
I Geiranger er situasjonen den same. Ingen vil kome i 2026.
I fjor sa Stortinget nei til å utsetje nullutsleppskravet i verdsarvfjordane frå 2026 til 2030.
Den gong signaliserte hamnesjefen at vedtaket ville innebere at ingen skip kunne kome til Flåm frå 2026.
I 2019, året før pandemien, var det 158 cruiseanløp i Flåm.
I november opna hamna for bestillingar av anløp om fire år. Til no har ingen meldt seg.
– Det betyr at per no vel dei andre hamner frå og med 2026. Slik vil situasjonen bli til ein får ei avklaring.
Hamnesjef i Flåm, Tor Mikkel Tokvam, får besøk av stortingspolitikarar fredag.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRKÒg i Geiranger har bestillinga vore open lenge.
– Det finst ikkje store nullutsleppsskip i cruisereiarflåta før tidlegast i 2030. Dei har ikkje teknologi som tilfredsstiller vedtaket om nullutslepp, seier Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda hamnevesen.
Møte med SV og Høgre
Sjøfartsdirektoratet er på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet i gang med ei utgreiing som ser på dei administrative og økonomiske konsekvensane av kravet.
Direktoratet skal òg sjå på tiltak som kan sikre at verdsarvfjordane framleis kan ta imot cruiseanløp.
Dette arbeidet skal vere ferdig mot slutten av 2022.
Fredag møter Aurland hamnevesen, Aurland kommune og lokalt reiseliv stortingsrepresentantar frå SV og Høgre.
Lars Haltbrekken (SV) og Liv Kari Eskeland (H) har begge stemt for 2026-kravet.
– Miljøkrava står fast, teknologien finst, og dei som er tidleg ute i omstillinga av det grøne skiftet vil tene på det, seier Haltbrekken.
To cruiseskip i Geirangerfjorden i 2021. I 2026 vil ingen koma.
Foto: Tore Ellingseter– Vil ha store konsekvensar for reiselivet
Eit absolutt nullutsleppsvedtak frå 2026 vil ha omfattande konsekvensar for lokalt reiseliv, meiner Tor Mikkel Tokvam.
Han viser til at berekningar viser at cruiseskipa som normalt har kome til Flåm har lagt att mellom 200–250 millionar kroner.
– Mister vi det, som er realiteten om ein ikkje finn ei pragmatisk løysing her, kan vi ikkje sjå heilt lyst på det.
Tokvam peiker på at innføring av landstraum vil få ned utsleppa betrakteleg. I tillegg vil mindre skip kunne ha nullutslepp, viser han til.
– Viss ein elles får inn dei beste skipa, kan ein få ein situasjon der ein får bukt med det aller meste av utslepp samtidig som vi sit att med ein marknad å leve av i Flåm, seier han.
Eskeland seier ho forstår at næringslivet er uroa.
– Vi forstår godt næringslivet i Flåm si uro for dei utfordringane dei står overfor, men Stortinget og regjeringa må ta eit ansvar for å syte for at det yrande livet vi opplever i sentrum av Flåm også har ei framtid.
– Vil bli utfordrande
Også i Geiranger er dei uroa. Hamnesjef Maraak skildrar situasjonen som lite føreseieleg.
Ho seier dei har akseptert at Geirangerfjorden blir stengd fram til teknologien er på plass, og at dei må finne andre løysingar.
– Noreg har bestemt at desse fjordane skal vere verdas første, flottaste og beste utsleppsfrie reisemål, men fram til teknologien er på plass og skipa igjen kan segle inn i fjordane våre, så vil det bli utfordrande.
Ho siktar til inntekta til næringslivet i lokalsamfunna.
Hamnesjef Rita Berstad Maraak er uroa for inntekta til lokalsamfunna.
Foto: Baard Ole Grøtta / Baard Ole Grøtta– Korleis staten vil løyse dette, er for oss uklart.
Medan hamnene i Flåm og Geiranger ligg i verdsarvområdet, ligg kaia i Hellesylt utanfor. Men for at skipa skal koma seg til cruisekaia må dei segle gjennom ein «sidefjord» som ligg i verdsarvområdet.
– Vi håpar TIER II-skip får segle gjennom og inn til Hellesylt. Det ville løyst litt av situasjonen.
Ikkje ein omkamp
Eskeland opplever ikkje invitasjonen til Flåm som eit forsøk på omkamp om nullutsleppskravet.
– Vedtaket står fast. No må vi syte for å finne dei gode løysingane som også tener lokalsamfunn som Flåm.