Hopp til innhold

Må seie opp halve fabrikken: – Folk skular på kvarandre

ØLVE (NRK): Ekteparet Stein og Kjerstin Teigland har jobba over 20 år i hjørnesteinsverksemda Palfinger, men veit ikkje om det er nok. Koronapandemien kan koste dei begge jobben.

Kim Røssland og ekteparet Kjerstin og Stein Teigland på Palfinger i Ølve

TUNGT: Kim Røssland (t.v.) tok over som fabrikksjef rett før koronapandemien. No står jobbane til ekteparet Stein og Kjerstin Teigland i fare.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Det var eit sjokk. Me trudde ikkje det skulle stå så dårleg til.

Kjerstin Teigland fortel om allmøtet i førre veke. Dei 80 tilsette ved Palfinger Marine Safety AS i Ølve i Kvinnherad fekk beskjed om at rundt 38 av dei må gå.

Denne veka starta den tunge prosessen med å finna ut kven det blir.

– Folk går rundt og lurer på kor lenge dei andre har vore her. Mange har jobba her veldig lenge, så det er ingen som føler seg trygge no, seier Teigland.

Stein og Kjerstin Teigland ved Palfinger i Ølve

OVER 20 ÅR: Ekteparet Stein og Kjerstin Teigland har jobba ved Palfinger i Ølve i over 20 år. No kan koronakrisa føre til at begge miste jobben.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Tynn ordrebok

Ho og ektemannen Stein Teigland sit om bord i ein av livbåtane dei sjølve har vore med å laga.

Den 17,5 meter lange båten er verdas største livbåt. Båten skal truleg til eit cruiseskip i Karibia, der han også skal frakta passasjerar til og frå hamner der skipet er for stort til å legga til.

Framover skal det byggast færre slike båtar. Ordrebunken byrjar å bli tynn hjå Palfinger. Det gir altså konsekvensar for dei som jobbar på hjørnesteinsverksemda i Ølve.

– Marknaden er heilsvart. Kundane vil også ha seinare levering på dei bestillingane me allereie har inne, seier fabrikksjef Kim Røssland ved Palfinger.

Han har jobba i verksemda i 23 år. I mars, like før koronapandemien small til, tok han over som fabrikksjef. Innan 1. oktober må han gi nesten halvparten av dei tilsette beskjed om at dei ikkje får fortsetja.

– Det er vel det tyngste ein kan gjera som fabrikksjef. Den jobben unner eg ingen, seier han.

Kim Røssland, fabrikksjef ved Palfinger i Ølve med livbåtane dei lagar

FABRIKKSJEF: Kim Røssland ved Palfinger i Ølve.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Krise i heile cruisenæringa

Cruisenæringa er hardt råka både globalt og nasjonalt av pandemien. Det har vore smitteutbrot på fleire cruiseskip.

Her i Noreg er utbrotet på hurtigruteskipet MS «Roald Amundsen» mest kjend.

Denne veka la regjeringa også ned forbod mot cruise på Svalbard ut oktober.

Nedturen skjer få år etter at cruise blei spådd ei lys framtid, og mange norske verft og leverandørar satsa.

– Nesten all aktivitet er slått ut. Det får dramatiske følgjer for både reiarlag og leverandørar, seier Sverre Meling junior, som er dagleg leiar i Maritimt Forum i Haugalandet og Sunnhordland.

Livbåter til Palfinger i Ølve
Foto: Eli Bjelland / NRK

Store følgjer for lita bygd

Det bur rundt 450 menneske i Ølve, og kutta i hjørnesteinsverksemda Palfinger kan få store følgjer for heile den vesle bygda.

– Dette er ein krevjande situasjon for heile kommunen, og me vil halda ein tett dialog med alle dei involverte, seier ordførar Hans Inge Myrvold (Sp).

– Det er ikkje så mange andre alternativ her. Verksemda tiltrekkjer seg også ein del pendlarar, og betyr difor mykje for lokalsamfunnet her, seier Stein Teigland.

Han og kona pendlar frå Fusa i Bjørnafjorden kommune, men handlar mat på den lokale butikken i Ølve før dei køyrer heim frå jobb.

No fryktar dei at dei må leita etter nye jobbar.

– Det er veldig vanskeleg å finna noko nytt her i distriktet, og spesielt når ein har passert 50 og 60 år. Arbeidsgivarar vil ikkje ha så gamle folk.