Hopp til innhold

Brann sparkar trenaren og leitar etter ny: – Problema stikk mykje djupare

Leiinga i Brann stadfesta mandag kveld at dei sparkar Kåre Ingebrigtsen. Mannen som lova gullkamp for elleve månadar sidan må no forlata klubben på ein rekordsvak nestsisteplass i eliteserien.

Leiinga i SK Brann, f.v.: Vibeke Johannesen, Birger Grevstad jr og Jimmi Nagel Jacobsen

LEIARANE: Dagleg leiar Vibeke Johannesen, styreleiar Birger Grevstad jr og sportsleg leiar Jimmi Nagel Jacobsen i Sportsklubben Brann sa mandag opp trenar Kåre Ingebrigtsen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Trønderen sine dagar som trenar for SK Brann er over, melde VG og BA litt før klokka 20 mandag kveld.

Då hadde styret i klubben sete i møte sidan klokka 15.

Brann-leiinga stadfesta dette på ein pressekonferanse mandag klokka 22. Sjå den her (spol fram til 3.20 minutt ut i sendinga):

– Eit samla styre står bak at vi avsluttar arbeidsforholdet med Kåre. Vi takkar han for lojaliteten til prosjektet vårt, og beklagar sterkt at resultatoppnåinga ikkje har vore til stades.

Det sa styreleiar Birger Grevstad jr.

Dermed fekk Kåre Ingebrigtsen om lag like kort tid i Brann som Rikard Norling. Ingebrigtsen starta som trenar i august i fjor, medan Norling berre trente klubben i 2014-2015.

Meldinga om at Ingebrigtsen no må gå, kom på dagen tre år etter han fekk sparken i Rosenborg.

Brannspelar Daouda Bamba skriv på Instragram i kveld at han er «meir enn trist» over at Ingebrigtsen må slutta.

«Du hadde alle kvalitetar for å lukkast. Trist at du ikkje fekk høve til det», skriv han.

Brann-trenar Kåre Ingebrigtsen (t.h.)

FOR SISTE GONG: Kåre Ingebrigtsen (t.h.) på veg til si siste Brann-trening, etter gårsdagens kamp mot Mjøndalen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Søker ny løysing i kveld

– Vi jobbar med ei løysing allereie i kveld, sa Grevstad.

Trur du Brann er attraktiv for nye trenarar no?

– Eg håpar og trur at nokon syns det er kjekt å bidra til å løfta Brann, seier han.

Grevstad ville ikkje seia om dette er interne navn i klubben, til dømes assistentrenar Eirik Horneland, eller om dei har kontakta personar utanfor klubben.

Sportsleg leiar Jimmi Nagel Jacobsen kan førebels ikkje seia om det er nytilsett trenar på plass til den førstkommande kampen til helga.

– Vi skal i alle fall ha ein trenar på den kampen, men veit ikkje om det er ein ny trenar tilsett då.

Dagleg leiar Vibeke Johannesen sa at også ho står bak avgjerda til styret.

– Vi trur dette bidrar til at Brann kan ta fleire poeng.

Klubbleiinga opplyste at Ingebrigtsen sjølv ikkje haddeønska å delta på pressekonferansen.

Torp: – Problema i Brann stikk djupare

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp er ikkje overraska over at Ingebrigtsen er ferdig i Brann.

– Det var nærmast uunngåeleg, ut frå poengfangsten og tabellplasseringa, men også prestasjonen som har vore svak, med lite tegn til at det skal løsna. Eit grep måtte gjerast.

Han meiner likevel at det å sparka ein trenar ikkje nødvendigvis gjer at ting går betre.

– Problema til Brann stikk mykje djupare enn éin trenar. Det er mye å ta tak i der. Dei har gått seg fast i eit spor. Skal dei prøva på noko, så må dei sparka trenaren. Dei hadde ikkje noko val, meiner Torp.

Carl-Erik Torp

DÅRLEG MATCH: Ingebrigtsen er dyktig, og stod for langsiktig tenking som Brann treng, men han og klubben var ein dårleg match, meiner fotballekspert Carl-Erik Torp.

Foto: Julia Marie Naglestad

Samstundes trur han Ingebrigtsen stod for nettopp den langsiktige stabiliteten som klubben treng.

– Men så har det kome til eit punkt nå der det ikkje ser ut til å vera mogleg. Styret kom fram til den openberre løysinga. Kåre Ingebrigtsen har vist at han er ein dyktig trenar, og han har lukkast andre stader. Så var det berre ein dårleg match i Brann.

– Ingen quick fix

NRK intervjua Ingebrigtsen i samband med dagens trening ved Brann stadion.

– Ingen må tru det er nokon «kvikk fiks» å endra kultur og bygga noko opp frå botnen av, sa han då.

Dette var eit par timar før Brann-styret skulle møtast klokka 15 for å diskutera framtida hans i klubben.

– Eg trur ingen kan gjera ei slik omstilling på nokre månadar. Det må jobbast over tid, meiner Ingebrigtsen.

Etter uavgjort-resultatet mot Mjøndalen på Brann stadion søndag, kalla styret i klubben inn til møte måndag ettermiddag.

Klokka 20 sat styret framleis i møte på Brann stadion. Klokka 21 har det framleis ikkje kome ut nokon informasjon derifrå.

Styreleiar Erlend Ytre-Arne Vågane i supporterklubben Bataljonen har i kveld venta spent utanfor stadion.

– Noko må jo skje, men spørsmålet er kva som er det rette. Eg er usikker. Det er fordelar og ulemper med trenarbytte. Meiningane er veldig delte og engasjement stort.

styreleiar Erlend Ytre-Arne Vågane i Bataljonen, supporterklubben for SK Brann

USIKKER: – Det er fordelar og ulemper med trenarbytte, seier Erlend Ytre-Arne Vågane i Bataljonen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Satsa på gull i år

Det var ein offensiv og optimistisk Kåre Ingebrigtsen som kom til Bergen i august i fjor.

– Brann har ikkje vunne gull sidan 2007. Det er på tide igjen. Tanken er å gjera oss til ein tittelutfordrar i 2021.

Det sa han til VG etter den første arbeidsdagen sin som Brann-trenar.

Elleve månadar seinare står laget hans med rekordlåg poengfangst til no i sesongen.

Det er berre ein teoretisk sjanse for at laget kan bli redda frå nedrykk.

Krisemøte

– Vi er langt i frå ein slagen gjeng, sa Ingebrigtsen til Discovery+ etter kampen i går.

Men etter 14 kampar har laget berre hatt éin siger, med 3-0 mot Strømsgodset.

Til no har Brann berre klart å ta sju poeng, og står dermed på nedrykksplass.

Styreleiar Birger Grevstad stadfesta til BT at agendaen for styremøtet er den sportslege krisa og spørsmålet om Ingebrigtsen er rett mann til å leia Brann framover.

– Ingen er freda i denne klubben no, sa Grevstad etter kampen mot Mjøndalen.

Brann-trenar Kåre Ingebrigtsen på trening 19. juli 2021

HUMØR: Det var god stemning på måndagens treningsøkt i Brann, sjølv om framtida til trenaren var i spel.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Lagnadstunge Mjøndalen

Dermed markerer Mjøndalen både starten og slutten for Ingebrigtsen si tid i Brann.

Den første kampen med Ingebrigtsen som trenar, enda med 1-0 til Mjøndalen på Brann stadion.

Og 1-1-resultatet heime mot Mjøndalen i går vart hans siste kamp som Brann-sjef.

Meiner styret har ansvar

Då Ingebrigtsen byrja som trenar, meinte dåverande sportssjef Rune Soltvedt dei hadde fått inn rett mann etter at Lars Arne Nilsen vart sparka.

– Vi måtte få inn ein trenar med ein offensiv mentalitet. I Brann skal alt vera mogleg, og det føler eg verkeleg det er med Kåre, uttalte Soltvedt til VG.

Samstundes har situasjonen for Brann og Ingebrigtsen vore at klubben ikkje hadde økonomi til dyre spelarkjøp, men heller skulle satsa på å utvikle unge spelarar.

Sportskommentator Anders Pamer i BT meiner at trenaren ikkje er åleine om ansvaret for dei dårlege resultata i år.

– Eg trur skoen trykker rundt heile foten for Brann no. Det er betimeleg å stilla spørsmål ved leiinga i klubben, som har vore med på heile denne pakken. Det er naturleg å spørja om nokre problem også kjem ovanfrå og at ikkje alt er trenaren si skuld, sa Pamer til NRK måndag ettermiddag.