Hopp til innhold

Lokale KrF-arar: – Eit løftebrot frå vår eiga regjering

KrF feira gjennomslag for milliardprosjektet Stad skipstunnel med full jubel. Tre år seinare er lokale KrF-politikarar frustrerte av at deira eigen samferdsleminister ikkje prioriterer tunnelen.

Stad skipstunnel

BLIR IKKJE PRIORITERT: – Det er pengane det står på, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF).

Illustrasjon: KYSTVERKET/SNØHETTA

– Det er eit løftebrot frå vår eiga regjering at Stad skipstunnel ikkje ligg inne i statsbudsjettet, seier gruppeleiar for KrF i Vestland fylkesting, Trude Brosvik.

– Det er utruleg at eg skulle få oppleve at det er vår eigen samferdsleminister og tidlegare leiar, som ikkje greier å finne pengane til å starte opp dette, seier tidlegare ordførar Jan Helgøy i Vanylven.

KrF-veteranen føler det er hans eige parti som har hatt mest eigarskap til prosjektet på Stadlandet. Det difor er fortvilande å sjå at tunnelen nok ein gong ikkje får oppstartsmidlar i statsbudsjettet.

– Det er ein enorm nedtur, seier Helgøy.

Sjampanje-feiring

I fleire tiår har politikarar og lokalbefolkninga på nordvestlandet kjempa for å få byggje verdas første tunnel for skip.

Det vêrharde Stadhavet er svært ruskete å leggje ut på, og har vore åstad for mange ulukker opp igjennom tidene.

Difor smilte politikarane frå regjeringspartia svært breitt, då dei for tre år sidan kunne sprette sjampanjen, og feire at det store gjennomslaget endeleg var kome.

Prestisjeprosjektet låg inne i Nasjonal transportplan.

– Stad skipstunnel viser framfor alt at vi er villige til å satse på kysten, sa stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Tore Storehaug (KrF), den gongen.

Bjørn Lødemel presenterer planane om Stad skipstunnel

FULLFINANSIERT: Dåverande stortingspolitikar Bjørn Lødemel (H) presenterte nyhenda om at regjeringa vil fullfinansiere Stad skipstunnel tilbake i 2017.

Foto: Trond Vestre / NRK

Hareide: – Det er for mange prosjekt i NTP

Men førre veke snudde den gode stemninga, då regjeringa fortalde at dei ikkje prioriterer oppstartsmidlar til Stad skipstunnel i sitt forslag til statsbudsjett for 2021.

– Stad skipstunnel er klart til å bli sett i gang, men det er pengane det står på. I budsjettet for 2021 er det ikkje rom for å setje i gang, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF).

Han poengterer at sjølv om det berre er tale om kring 70 millionar kroner i oppstartsmidlar det første året, så vil Stad skipstunnel koste ein milliard kroner allereie etter tre år, og totalt nærare 3 milliardar kroner.

– Det er for mange prosjekt inne i NTP. Skal vi setje i gang med skipstunnelen i 2021, må vi stogge prosjekt som allereie er i gang, og det er veldig dyrt, seier Hareide.

Knut Arild Hareide

MÅTTE SKUFFE: Samferdsleminister Knut Arild Hareide måtte skuffe tunneltilhengjarane

Foto: Terje Pedersen

Frp kan bli redninga

Men sidan Erna Solberg si regjeringa no berre er ei mindretalsregjering, må ho ha støtte frå andre parti i Stortinget for å få igjennom forslaget til statsbudsjett.

Dei lokale KrF-arane ser no til tidlegare regjeringspartnar Frp.

– Det har kome positive signal frå Frp om at dei kan sikre fleirtal for å få skipstunnelen inn att på statsbudsjettet, seier Trude Brosvik.

Då siktar ho til at samferdslepolitisk talsperson Jon Georg Dale i Frp førre veke indikerte at dei kan kome til å sikre fleirtalet for tunnelen når statsbudsjettet skal opp i Stortinget.

Høgre: – Vi skal innfri løfta

Tilhengarar av Stad skipstunnel har skildra startløyvingane i årets statsbudsjett som heilt avgjerande for å realisere prosjektet, men leiar i transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), er ikkje samd i det.

– Dette er ikkje spikaren i kista. Det er vår jobb å få innfridd dette prosjektet så snart det er økonomisk handlingsrom for det, og vi kjem til å innfri dei løfta vi har gitt, seier Orten.

Han forklarer at det ikkje er avgjerande med oppstartsmidlar allereie i statsbudsjettet for 2021, og at regjeringa sitt løfte om å setje i gang med tunnelen framleis kan bli innfridd ved neste korsveg.

Venstre-Bjørlo også sint på eiga regjering

Men dette imponerer ikkje ordførar Alfred Bjørlo (V). i Stad kommune

– Stortinget har sagt at det skal vere byggjestart seinast i 2021. I festtalar seier regjeringa at kysten og fiskerinæringane er framtida, men dette er det einaste større prosjektet i nasjonal transportplan innan sjøtransport. Då er det avgjerande at oppstartsmidlar no kjem.

Bjørlo set nedprioriteringa av skipstunnelen opp mot det han meiner er ei storstilt satsing på Oslo-regionen, nemleg løyvingar på kring 32 milliardar til jarnbane på det indre Austlandet.

– At skipstunnelen på Stad kjem inn i statsbudsjettet for 2021, er heilt avgjerande for heile tilliten til at vi utanfor Oslo-gryta ikkje er eit «B-lag» i Noreg, seier stadordføraren.