Hopp til innhold

Hareide avlyser byggestarten for Stad skipstunnel

Regjeringa gir ikkje ei krone til verdas første skipstunnel i neste års statsbudsjett og avlyser byggestart i 2021, skriv Bergens Tidende.

Stad skipstunnel

STAD SKIPSTUNNEL: Tunnelen skal gå frå Moldefjorden til Kjødepollen i Stad kommune, viser dette illustrasjonsbildet fra arkitektene. Bildet er manipulert.

Illustrasjon: KYSTVERKET/SNØHETTA

– Det er lite rom for nye prosjekt. Dette gjeld dessverre Stad skipstunnel. Det er ikkje pengar til dette no, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) til Bergens Tidende.

Stad skipstunnel vil koste nær 3 milliardar kroner, den skal vere 1,7 kilometer lang og stor nok til å få dei største hurtigrutene gjennom.

Stortingsrepresentant Jon Georg Dale (Frp) sa til NRK tidlegare fredag at han forventa investeringsvedtak frå regjeringa.

Han lova at Frp skulle sikre fleirtal i Stortinget for byggestart. No kan stemmene deira bli viktige når statsbudsjettet skal behandlast der.

– I budsjettforslaget komande veke kan regjeringa starte tunnelbygginga på eigen kjøl, om ikkje skal vi hjelpe dei når saka kjem til Stortinget. Spaden må i jorda, dynamittsalva må i fjellet, sa Dale.

MS Nordkapp i storm

STORMFULLT: Hurtigruta MS Nordkapp i storm ved Stad.

Foto: Thomas Bickhard / NRK

Greidd ut 21 gonger – har fått hard kritikk

Men regjeringa har altså ikkje prioritert det store kystprosjektet i statsbudsjettet, som formelt vert lagt fram 7. oktober.

I fleire mannsaldrar har sjøfolk kjempa for skipstunnelen.

Tunnelen skal gjere at båtane unngår Stadhavet. Det opne og vêrharde havstrekket er rekna som eit av landets farlegaste.

Heile 21 statlege utgreiingar har blitt gjort. Den 22. utgreiinga «ekstern kvalitetssikring av forprosjektet» held på framleis.

Men tunnelen har også fått kritikk for å vere samfunnsøkonomisk ulønsam.

I 2018 fekk regjeringa ein konsulentrapport som varsla at kvar skipspassering ville koste samfunnet 26 000 kroner i 40 år.

Kystverket var kritiske til utrekningane, og har seinare tatt ned kostnadane.

Spørretimen

PÅ STORTINGET: Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Flau og forbanna

I Nordfjord har folk venta i generasjonar. Reaksjonane i Vestland fylke er mange, og sterke.

Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V), kravde at hans eiga regjering leverer og meinte det ville vera utenkjeleg om ikkje pengane kom.

– Kjapt samanfatta så er eg flau og forbanna, seier han til BT fredag ettermiddag.

– Dette er eit svært viktig samferdselsprosjekt for heile Vestlandet og etter tallause rundar hadde vi håpa at ventetida endeleg var over, fortel ein tydeleg skuffa fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Elias Eide.

– Men vi veit det blir forhandlingar i Stortinget, og eg håpar og trur, at skipstunnelen får ei konkret startløyving.

Provoserte

Styringsgruppa for Stad skipstunnel er overraska og provosert over at regjeringa ikkje vil starte opp bygginga av Stad skipstunnel på neste års statsbudsjett.

– Vi synest det er uforståeleg at regjeringa ikkje har funne 60 millionar kroner til det einaste store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport, skriv styringsgruppa.

Bjørn Lødemel var stortingsrepresentant for Høgre og kjempa skipstunnelen inn i Nasjonal transportplan.

– Dette er pinglete av regjeringa. Eit løftebrot, seier Lødemel, som i dag er dagleg leiar av Sogn og Fjordane Næringsråd.

Fryktar Vestland sit att med lite om ikkje tunnelen kjem

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) sa til NRK fredag at det er siste sjanse for dagens Storting å vedta skipstunnelen.

– Skipstunnelen er no så greidd ut at leveransen berre må kome, seier han.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) har dei siste vekene dempa forventningane til tempoet i samferdsleinvesteringane.

Det gjorde fylkesordføraren utrygg og det hadde han altså grunn til.