Kravet blei sett fram i samband med LO sitt representantskapsmøte som starta i Bergen tysdag føremiddag. Utspelet kjem i forkant av forhandlingane i kommunesektoren, som startar på torsdag.
– I år må kommunetilsette få litt ekstra fordi dei har blitt hengande etter dei tre siste åra. Dessutan må vi ta med oss lågtlønsprofilen inn i kommuneoppgjeret, slår LO-leiar Peggy Hessen Følsvik fast.
Vil bryta viktig prinsipp
Bakgrunnen er storstreiken i privat sektor mellom LO/YS og NHO, som blei avslutta etter fire dagar. Då fekk dei med lågast løn eit ekstra løft. LO-leiaren kalla det eit historisk godt resultat.
Men eit ekstra løft for kommunesektoren kan bety at ein må bryta med prinsippet om å ikkje gå høgare enn ramma frå frontfaga. LO-leiaren vil ikkje seia kor mykje over ein bør gå, men bekreftar at partane må gå «litt» over dei 5,2 prosentane som er ramma frå frontfaga.
Frontfagsmodellen er godt innarbeidd i Noreg. Den går ut på at eksportbedrifter, som konkurrerer internasjonalt, forhandlar sin lønsauke først. Lønsauken elles i samfunnet skal vera lik eller lågare enn ramma frå frontfag-oppgjeret.
KREV SOLID TILLEGG: – Vi må betydeleg over 5,2 prosent, seier leiar i Fagforbundet Mette Nord.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKTa igjen det tapte
Fagforbundet med sine om lag 400.000 medlemmer har varsla at ein må gå ut over dei vanlege rammene for å ta igjen det som dei kommunetilsette har tapt dei siste åra.
– Vi må betydeleg over 5,2 prosent, seier leiar i Fagforbundet Mette Nord til NRK.
Ho meiner grunnen til at dei har tapt i lønsutviklinga er at tilsette i privat sektor har fått høgare tillegg i lokale forhandlingar.
Ho legg spesielt vekt på at dei med lågast løn treng eit løft.
– Det er ikkje til å leva med at lågtlønte i kommunesektoren må velja mellom eit varmt måltid eller å kjøpa nye fotballsko til dottera, seier forbundsleiaren.
Ho argumenterer blant anna med behov for rekruttering av nye tilsette i alle kommunale verksemder, og håpar at motparten KS ser dette argumentet i forhandlingane.
– Dei veit også at vi treng helsefagarbeidarar, reinhaldarar og sjukepleiarar.
Forhandlingsleiar Tor Arne Gangsø i KS vil ikkje kommentera utspelet frå LO i detalj før forhandlingane startar.
– Vi ser også at andre grupper har fått meir enn kommunane det siste året. Dette blir heilt sikkert eit tema når forhandlingane startar på torsdag, seier Gangsø.
KJEMPAR FOR LÆRARANE: Forbundsleiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet nektar å la lærarane bli ofra for ein lågtlønsprofil i kommuneoppgjeret.
Foto: Terje Pedersen / NTBFryktar tap for lærarane
Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal støttar fullt ut dagens krav frå LO om at kommuneoppgjeret må gå over ramma frå frontfaga.
Han har også stor forståing for at mange lågtlønte i kommunesektoren treng eit løft i dette oppgjeret. Forbundet vil likevel ikkje godta at dette går ut over medlemmane deira med høg utdanning og lang ansiennitet.
– Viss vi skal henta pengar frå lærarane for å finansiera lågtlønte, så kjem vi til å få problem. Det at lærarlønningane ikkje held tritt med resten av samfunnet er ikkje bra for rekrutteringa til læraryrket og for å halda på dei som er lærarar, seier Handal.
Han legg ikkje skjul på at eit slikt utfall er heilt uaktuelt for Utdanningsforbundet, og at vegen til streik i så fall vil vera kort. Forbundsleiaren har likevel tru på at ein slepp å setja desse gruppene opp mot kvarandre.
– Rammene er såpass gode at det er fullt mogleg å få til begge delar, seier han.
Vil sikra eit rettferdig oppgjer
Også dei som er ferdig med lønsoppgjeret, altså frontfagoppgjeret, støttar at ein akkurat i år kan bryta den faste modellen for lønsoppgjeret. Blant dei er Fellesforbundet, som er Noregs største fagforbund i privat sektor med meir enn 160.000 medlemmer.
– Vi ser at offentleg sektor er blitt hengande etter. Det er rettferdig at kommunetilsette får auka kjøpekraft, og for å sikra legitimitet til frontfagmodellen, seier leiar i Fellesforbundet Jørn Eggum.
Han bekreftar at det har vore diskusjonar internt i LO om det er rett å gå ut over ramma på 5,2 prosent, men konklusjonen blir altså at det er rett å gjera det i år.
- Les alt om årets lønsoppgjer
FIRE DAGARS STORSTREIK: Peggy Hessen Følsvik kalla det eit historisk godt resultat, då LO og YS kom til ei løysing etter fire dagar med streik for om lag 25.000 medlemmer.
Foto: Annika Byrde / NTB