Hopp til innhold

Villige til å streike for å få meir enn frontfaget

Etter storstreiken er det kommunetilsette sin tur til å forhandle om løn. Fagforbundet krev meir enn privat sektor, som vil koste kommunane minst 9 milliardar kroner.

Streikevakt utenfor Ullevål sykehus

KAMPKLARE: Fagforbundet skal no forhandle lønn med KS. Dei er villige til å streike for å ta igjen etterslepet på lønn. Her frå streik ved Ullevål sykehus i 2019.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Når vi no har ei ramme på 5,2 prosent, så skal vi ha høgare lønnsvekst enn det, seier Mette Nord.

Ho er leiar i Fagforbundet, landets største arbeidstakarorganisasjon med 400.000 av LO sine 970.000 medlemmer.

Etter at frontfaget denne veka kom til semje om ei ramme for lønnsauke i privat sektor, er det no kommunale og statlege tilsette sin tur til å forhandle om lønn.

Mette Nord, leder av Fagforbundet

– Om kommunal sektor blir hengande endå meir etter blir det vanskelegare å rekruttere, seier Mette Nord i Fagforbundet.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Med eit lønnsetterslep for sine medlemmer utelukkar ikkje Nord streik for å sikre gjennomslag.

– Kommunalt tilsette skal ha same delen av den økonomiske utviklinga som resten av landet får, seier ho til NRK.

NRK forklarer

Hva betyr årets lønnsoppgjør?

Hva betyr årets lønnsoppgjør?

Hva forhandler de om?

I år er det mellomoppgjør. Det vel si at partene bare forhandler om penger. Det er arbeidstakerorganisasjonen LO og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) som starter med forhandlinger for privat sektor.

Hva betyr årets lønnsoppgjør?

Hva er frontfagsmodellen?

Lønnsoppgjørene i Norge gjøres etter frontfagsmodellen. Det betyr at privat, konkurranseutsatt industri forhandler først. Det setter en mal for oppgjørene for andre grupper. 

Hva betyr årets lønnsoppgjør?

Hva krever LO?

LO krevde reallønnsvekst, det vel si at lønna må øke mer enn den antatte prisstigningen på 4,9 prosent. NHO ville ikke love reallønnsvekst, men mente at lønnsevnen hos bedriftene måtte bestemme.

Partene i frontfaget ble enige om en ramme på 5,2 prosent.

Hva betyr årets lønnsoppgjør?

Hva med de som ikke er i frontfaget?

Ansatte i offentlig sektor forhandler i egne oppgjør. Flere grupper i det offentlige mener det er mulig å gi høyere lønnstillegg innenfor frontfagsmodellen. 

Hva betyr årets lønnsoppgjør?

Hvordan foregår forhandlingene?

Lønnsoppgjør begynner med forhandlinger som kan føre til enighet eller brudd. Ved brudd blir det mekling hos Riksmekleren. Fører ikke meklingen fram, kan det bli streik. 

På andre sida av forhandlingsbordet sit KS. Kommunesektorens organisasjon forhandlar på vegner av alle landets kommunar og fylkeskommunar, unnateke Oslo som er eit eige tariffområde.

Forhandlingsleiar Tor Arne Gangsø seier kommunane ofte er i skvis når det kjem til økonomiske prioriteringar som lønn.

– Vi treng kvalifisert arbeidskraft, men kommunane skal kunne finansiere det òg, seier han.

Ei lik ramme på 5,2 prosent i KS-oppgjeret vil koste kommunane i overkant av 9,1 milliardar kroner, viser KS sine utrekningar.

Kvart 0,1 prosentpoeng vil koste ytterlegare 250 millionar kroner.

Tor Arne Gangsø

Tor Arne Gangsø er forhandlingsleiar for kommunane i lønnsoppgjeret.

Foto: NRK / NRK

– Vi ynskjer jo at alle skal få eit godt oppgjer, men det er ingen som ynskjer høgare prisvekst enn naudsynt. Ei heller at Noregs Bank set opp styringsrenta meir enn naudsynt.

Fagforbundet seier kommunane ikkje har noko anna val enn å gje dei kommunalt tilsette eit godt nok oppgjer.

– Slik befolkninga utviklar seg er det stadig fleire som treng tenester i kommunane, og då må ein ha personell til å levere dei. Difor treng kommunesektoren ei noko høgare ramme, seier Nord.

Sjukepleiarane vil krevje meir

Heller ikkje Norsk Sykepleierforbund (NSF) er nøgde med ramma på 5,2 prosent. Fagforbundet har kring 125.000 medlemmer, som arbeider både på statlege sjukehus og i kommunane.

– Vi forventar ei høgare ramme for våre medlemmer. Våre medlemmer har livsnødvendig kompetanse, men det er i vår yrkesgruppe det er størst mangel på folk, seier leiar Lill Sverresdatter Larsen.

Lill Sverresdatter Larsen i Sykepleierforbundet

I motsetnad til privat sektor sparar offentleg sektor på om dei tilsette går ut i streik. – Det er ikkje eit godt verkemiddel for oss, men det er det vi har, seier Lill Sverresdatter Larsen.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Sverresdatter Larsen seier det ikkje er utenkeleg at sjukepleiarane går ut i streik denne våren.

– Vi førebur oss alltid for streik, som er det verktøyet vi har. Men vi går inn i forhandlingane med håp om å unngå det.

Vedtok lønnsauke

I februar vedtok LO sitt utgangspunkt for lønnsoppgjeret. Det førte til den fire dagar lange streiken denne veka.

Samstundes vedtok LO at kommunane burde få meir enn det som til slutt blei ramma i frontfaget:

– I år må dei tilsette i kommunane sikrast betre. Det kan ikkje vere sånn at grupper av tilsette i privat sektor drar frå år etter år. Det aukar skilnadane i samfunnet, får konsekvensar for lønnsskilnaden mellom kvinner og menn, og undergrev frontfagsmodellen, står det i LO-fråsegna.

Streikemarkering på Youngstorget

Kring 25.000 tilsette i privat sektor gjekk ut i streik denne veka. Forhandlingane landa med ei ramme på 5,2 prosent i lønnsauke.

Foto: Annika Byrde / NTB

Forhandlingane i kommuneoppgjeret startar torsdag 27. april klokka 12. Oppgjeret skjer i det såkalla KS-området, og omfattar mellom andre lærarar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som er tilsett i kommunane.

Allereie på måndag startar Norsk Sykepleierforbund innleiande forhandlingar med arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter.

AKTUELT NÅ