Teknologibedrifta Agens utviklar spel, appar og digitale tenester. Blant kundane er Norsk Tipping og BBC. Dei rundt 50 tilsette har alle ein liten eigardel i firmaet.
Alle tilsette får same løn.
Lønsauke skjer på, mildt sagt, utradisjonelt vis:
Menneskeleg bowlingkule, isbading og papirfly
– Eg berre blokkar det ut eg.
Per Thomas Søiland Haga står fastspent i ein oppblåsbar bowlingkule i Torshovparken i Oslo. Snart skal han rulle nedover ei lita bakke og få ned så mange bowlingkjegler som mogleg.
For kvar kjegle han får ned, går han og alle dei andre i bedrifta to kroner opp i timelønn.
Apputviklar Per Thomas Søiland Haga inne i den menneskelege bowlingkula.
Foto: Agens– Eg er jo på ein måte den som bestemmer løna for alle saman.
Det skal seiast: administrerande direktør avgjer kva som er det lågaste og høgste moglege lønsauke, basert på økonomien i bedrifta. Resten opp til Per Thomas:
To gonger i året har dei «lønsoppgjer», der korleis han gjer det i eit stunt, avgjer kor mykje dei går opp i løn:
– No har vi vore igjennom isbading, standupshow, papirflykast og skihopp.
– Kva har vore best lønsmessig?
– Det beste trur eg faktisk var papirfly, for det flaug overraskande langt, seier Per Thomas Søiland Haga.
Per Thomas Søiland Haga ved ein av dei andre lønsoppgjera, der målet var å få eit papirfly til å fly lengst mogleg.
Same løn som administrerande direktør
Håvard Måseide er administrerande direktør og var med å grunnleggje bedrifta for snart 20 år sidan. Den gong var dei seks kompisar som starta bedrifta saman og vart samde om at dei skulle ha same lønn.
Då dei byrja å tilsetje fleire, beheldt dei modellen med likeløn. Og det har dei framleis, trass i at dei snart er 50 tilsette.
– Kvifor skal ikkje du ha meir løn, du som er sjef?
– Eg tenkjer at jobben eg gjer ikkje er noko viktigare eller nødvendigvis noko betre enn nokon av kollegaene mine som gjer heilt andre ting.
Håvard Måseide er administrerande direktør i Agens. Kvar gong dei landar ein ny stor avtale, ringjer dei i klokka. Nyleg landa dei ein stor avtale med BBC.
Foto: Knut Are TornåsMindre stress rundt løn
Erik von Essen Fisher er utviklar i selskapet og jobbar med appen til Norsk Tipping. I over 10 år var han pilot og jobba mellom anna i SAS i mange år. Kontrasten til jobben i flybransjen er stor:
– Dette er liksom rake motsetninga til det eg er vand til der, der det alltid var eit eller anna med løn.
Det same opplever designar Hanne Martinsen, som tidlegare mellom anna har jobba i reklamebransjen:
Hanne Martinsen, designar i Agens.
– På mange måtar var det ei lette å komme frå noko som var veldig hierarkisk og skapte mykje uro, til å få roa rundt det. Då er det plutseleg andre ting som blir viktigare.
Klokka 12 er det felles lunsj for alle i Agens.
Lik og god løn
Som andre i teknologibransjen, tener dei tilsette svært godt. Per Thomas Søiland Haga fekk ned nesten alle bowlingkjeglene og dei tilsette kunne juble over 20.000 meir i løn. Og dette var berre det første av to årlege oppgjer.
Dei tilsette har ikkje milionløn, men tener rundt 300.000 meir enn snittløna i Noreg.
Dessutan eig dei tilsette ei liten del av bedrifta kvar. Det gjer også at dei kan få bonus dersom bedrifta går godt.
Nyleg landa dei også ein stor avtale med mediegiganten BBC, som gir nye moglegheiter framover.
Håpar å inspirere andre
Sjefen meiner modellen dei har valt, ikkje passar for alle.
Men at andre næringslivsleiarar kanskje kan få noko å tenkje på:
– Eg trur at viss fleire tenkte litt meir som oss, i alle fall med tanke på moderasjon og fornuft i leiarløn versus tilsettløn, så kunne ein vore spart ein del streikar dei siste åra.
Leiken gjeng: Dei tilsette kan mellom anna spele dart, sjakk og bordtennis, viss dei treng ein liten pause.
Noregs største arbeidsgjevarforeining trur ikkje modellen blir nokon stor konkurrent til dei vanlege lønsoppgjera. Det seier direktør for arbeidsliv i NHO, Nina Melsom:
Nina Melsom, områdedirektør for arbeidsliv og tariff i NHO
Foto: Moment Studio– Den norske modellen for lønnsdanning har tent norske arbeidstakarar og arbeidsgjevarar svært godt. Det er viktig å vareta forskjellar i lønnsevne og andre lokale utfordringar. Det styrande for bedrifta si lønnsevne må vere de fire kriteria; bedriftas økonomi, framtidsutsikter, produktivitet og konkurranseevne.