Tradisjonelt har liggjande kledning dominert i kyststrøka, medan ståande kledning har vore mest brukt på andre sida av fjellet.
Den historiske forklaringa er at ståande kledning er meir utsett for fuktskadar, og derfor ikkje har gått saman med nedbørsmengdene i vest.
Liggjande bord – gjerne omtalt som «vestlandskledning» – har dessutan den fordelen at det nedste og mest ròteutsette bordet lett kan bytast ut.
Dei siste åra er det likevel teikn til at designomsyn trumfar tradisjonelle omsyn – som i praksis betyr at den horisontale «vestlandskledningen» taper terreng for vertikal kledning som gir husa eit «høgreist» preg.
– Trenden dei siste åra er at ståande trekledning har overteke for liggjande trekledning, seier Tore Kvande, som er professor i bygningsmateriale ved NTNU.
Kva er best av liggjande og ståande panel?
Det finst ingen statistikk på området, men NRK har snakka med fleire som godtgjer den same tendensen:
- Anders Stensrud, byggteknisk rådgivar i Huseierne: – Trenden er at fleire i kyststrøka nyttar ståande kledning av sibirsk lerk eller royalimpregnert kledning.
- Trond Bøhlerengen, seniorforskar ved SINTEF Byggforsk: – Det er i mindre grad lokale vêrpåkjenningar som avgjer om det blir liggjande eller ståande trekledning. Nye trendar og mote har ein sterk tendens til å trumfe velprøvde byggjetekniske løysingar.
Bøhlerengen presiserer at nye tekniske løysingar gjer at motstandsdyktigheita overfor vêr og vind er omtrent den same, men at trenden med ubehandla trekledning går utover levetida «særleg i slagregnutsette strøk av landet».
Gamle trehus med liggjande kledning i Lærdal.
Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRKVestlandsbygg i Lærdal med ståande panel.
Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK– Arkitektane har mista kontakten
Øyvind Magerøy i Norsk Hussopp Forsikring meiner dagens arkitektar har «mista kontakt med tradisjonsprega byggjeskikkar som verkar».
Han identifiserer særleg to problem:
- Altfor små takutstikk («det blir bygd for små takutstikk, og ofte ikkje i det heile»).
- Lita bakkeklaring der kledningen blir avslutta like over (hardt) terreng, som gjer at regnsprut rikosjettar opp i endeveden.
Etter hans meining bør sokkelen vere minst 25 centimeter.
– Hus frå 80-90-talet har gjerne meir enn dette òg. Med god bakkeklaring blir det mykje mindre fuktbelastning på kledningen.
Han legg til:
– Vi må ta omsyn til at det regnar og blæs i Noreg. Det er lite berekraftig berre å byggje med det estetiske for auget.



Energieffektivisering av bygningsmassen kan redusere energibruk og utslepp, og samtidig frigjere elektrisitet til det grøne skiftet.
Oddgeir Sæle/NRK– Liggjande kledning er meir enn berre eit estetisk fasadeuttrykk
I trestrategien til Bergen kommune heiter det at «fuktig vestavêr» gjer at «liggjande kledning er meir enn berre eit estetisk fasadeuttrykk» og at denne tradisjonen «er vidareført inn i vår tid».
Så følgjer det eit hjartesukk: «Men den viktige kunnskapen om bruk av kjerneved er ikkje alltid følgt opp i dei nye løysingane.»
Kjerneved er den eldste, inste og mest robuste delen av veden i ein trestamme.
Rundt omkring i landet finst intakte trebygningar som er fleire hundre år gamle, utan at dei har vorte behandla med impregneringsmiddel.
I staden dreiv forgjengarane våre med systematisk flekkbarking, for å stimulere trea til å impregnere seg sjølv.
Denne metodikken har delar av æra for at det enno finst 28 stavkyrkjer i Noreg. I Sverige er det til samanlikning éi.
Heddal stavkyrkje under restaureringa på 1950-talet.
Foto: Riksantikvaren/Notodden historielag– Ei endring her vil ha stor klima- og miljøgevinst
Generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola Harald Fjeldheim, seier at det er «heva over tvil at gamle hus er bygd meir varig enn det meste av det som i dag blir sett opp».
Han peikar på to hovudforklaringar:
- Ytebehandling
- Virkeskvalitet
– Dei eldre husa har jamt over langt betre virkeskvalitet enn den vi finn i nye hus. I tillegg var folk nøye med å hogge på vinteren. Då er det mindre næring i treet, og materiala tørkar naturleg.
Han legg til:
– I dag blir rask framstilling og økonomi prioritert i verdikjeda framfor kvalitetsvirke i huset. Ei endring her vil ha stor klima- og miljøgevinst.
Det er teikn til at den horisontale «vestlandskledningen» taper terreng for vertikal kledning som gir husa eit «høgreist» preg. Som her i Stavanger.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK