Hopp til innhold

Staten vil skjerpe miljøkrava i nye bygg

I Sogn har kommunane begynt å krevje grønare bygg. No vurderer staten å gjere det same.

Mann sliper betong i Sogndal

MILJØKRAV: Regjeringa ønsker strengare miljøkrav for offentlege innkjøp. Det kan vere godt nytt for miljøbetongen frå Gaupne i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Med stadig strengare klimakrav og fokus på miljø, bestemte Erling Vigdal seg for å satse på grønare betong for fem år sidan.

Han driv betongfirmaet Blanderiet i Gaupne i Indre Sogn, og lager lågkarbonbetong i tillegg til «vanleg» betong.

Lågkarbonbetong inneheld mindre sement og har derfor lågare CO₂-utslepp.

Men etterspurnaden blei ikkje så stor som Vigdal trudde.

Sidan produkt med lågare utslepp ofte er litt dyrare, blir dei gjerne vald bort i anbodsrundane.

– Er ikkje miljøkrava der, tar du sjølvsagt det billigaste. Og han miljøfyren taper jobben, seier Vigdal.

Men etter at fleire kommunar i Indre Sogn la inn ny miljøkrav i anbodsrundane sine, har betongen til Vigdal blitt meir konkurransedyktig.

No vil regjeringa følge etter. Dei ønsker strengare miljøkrav for offentlege innkjøp.

Vekte med minst 30 prosent

I Noreg står byggjenæringa for 15 prosent av klimagassutsleppet.

Fire av ti byggekroner kjem frå det offentlege. Pengane blir brukt på å bygge alt frå skular og gamleheimar til fylkeshus.

Men offentleg sektor er for dårlege til å stille klima- og miljøkrav i innkjøpa sine, meiner regjeringa.

I eit høyringsforslag foreslår dei å vekte miljø med minst 30 prosent i offentlege innkjøp.

Forslaget gjeld alle offentlege innkjøp – ikkje berre bygg- og anleggsbransjen.

– På denne måten kan det offentlege auke etterspørselen etter grøne varer og tenester, seier næringsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding

I fjor kjøpte det offentlege varer og tenester for 650 milliardar kroner.

Regjeringa sitt forslag var ute på høyring i mars, og er no til vidare behandling.

Blanderiet legg betong i Sogndal

Blanderiet AS legg betong i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ønsker strengare miljøkrav

Guro Hauge i Byggenæringens Landsforening (BNL) meiner forslaget er eit viktig førsteskritt.

Samtidig ønsker BNL konkrete miljøkrav til byggeprosjekt. Krava til regjeringa er nemleg for alle offentlege innkjøp.

– Vi ønsker til dømes at det blir stilt krav om kor mange kilo CO₂ ein skal ha per kvadratmeter, seier Hauge.

Ho er bekymra for at det offentlege kutter miljøkrav når økonomien blir dårlegare.

Blanderiet legg betong i Sogndal

Blanderiet AS i Gaupne sel både «vanleg» betong og lågkarbonbetong. Her blir vanleg betong lagt på bustadblokka på Lerum brygge i Sogndal.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Byggebransjen sjølv har tidlegare sagt at dei ønsker tiltak for å bli grønare.

Då regjeringa la fram nye miljøkrav for byggebransjen i fjor, blei dei skulda for å vere «slappe» av bransjen.

– Regjeringa beveger seg med museskritt. Endringane i byggeteknisk forskrift er overraskande defensive og følger ikkje opp dei gode ambisjonane i Hurdalsplattformen, sa administrerande direktør, Liv Kari Skudal Hansteen, i Rådgivende ingeniørers foreining (RIF) då dei nye krava blei lagt fram.

Les også Vil ha strengere klimakrav for byggebransjen

Vollebekk JM Norge

– Mindre handlingsrom

Mange miljøkrav er ikkje nødvendigvis positivt meiner KS-direktør Helge Eide.

Han er bekymra for at regjeringa sitt forslag kan føre til mindre handlingsrom og fagleg skjønn.

– Viss miljøkrav fører til betre miljø, er det positivt for kommunane og på lang sikt for deira økonomi. Men viss det først og fremst fører til meir detaljerte krav og mindre handlingsrom, er det eintydig negativt.

Administrerande direktør Robert Steen i Bygghåndtverk Norge er også skeptisk til dei føreslåtte miljøkrava.

– I staden for fleire reglar, bør heller det offentlege bli flinkare til å forstå og følge regelverket som finst i dag.

Han understrekar at dei ynskjer miljøkrav, men at krava må vere føreseielege og tydelege. Det meiner Steen at forslaget frå regjeringa ikkje er.

– Bør legge inn i papira

Vigdal i Gaupne produserer både vanleg betong og lågkarbonbetong.

Sjølv om etterspurnaden etter miljøbetongen har auka og fleire kommunar er interesserte, er det framleis den vanlege betongen det går mest av.

Erling Vigdal

– Er ikkje miljøkrava der, tar du sjølvsagt det billigaste. Og han miljøfyren taper jobben, seier Erling Vigdal i Blanderiet AS.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Eg lever betong uansett, så det har ikkje så mykje å seie for meg. Men dersom regjeringa meiner at CO2-utslepp skal reduserast, bør dei legge det inn i papira, seier han.

Les også Kraftige reaksjonar på nye og «slappe» miljøkrav til byggnæringa

Byggeplass