Hopp til innhold

Tunnelbrannen kosta millionar av kroner og sette mange liv i fare - no blir saka lagt vekk

Føraren av det polske vogntoget som byrja å brenne i Gudvangatunnelen i fjor sommar, blir ikkje tiltalt.

Gudvangatunnelen

BRANN: Berre flaks gjorde at liv ikkje gjekk tapt under tunnelbrannen i Aurland 5. august i fjor.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Kring 70 menneske vart sendt til sjukehus i Lærdal, Førde, Bergen og Voss då det 5. august i fjor byrja å brenne i ein polsk semitrailer kring tre kilometer inne i Gudvangatunnelen på E16. Av desse var 24 kinesiske passasjerar i ein turistbuss.

Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes stadfestar overfor NRK.no at dei no legg vekk saka mot den 28 år gamle polske føraren. Politiet trur ein oljelekkasje var årsak til brannen.

– Saka er lagt vekk etter bevisets stilling. Den oljelekkasjen ville kravd ei nokså grundig inspeksjon i forkant. Det er ein slik type inspeksjon det ikkje normalt ikkje kan krevjast av ein førar gjennomfører før kvar køyretur, seier han.

Hadde problem med motoren

Fleire vitne forklarte etter brannen at dei hadde sett lastebilsjåføren stogge fleire gonger før tunnelen. Køyretøyet skal ha vore veldig varmt, og det kom røyk frå det.

Den polske mannen har også sjølv forklart for politiet at han hadde problem med at motoren gjekk seg varm. Han stogga difor i Gudvangen for å etterfylle vatn på radiatoren.

Inne i tunnelen skal temperaturmålaren ha vist at motoren var for varm, men føraren har forklart at han då trudde noko var feil med målaren og at han difor valde å køyre vidare. Etter ei stund mista han motorkraft og måtte stogge.

Ute av bilen oppdaga han at det stod flammar ut av motoren. Han skal ha gjort forsøk på å få tak i brannsløkkingsapparat, men på grunn av varmen og røyken måtte han forlate køyretøyet.

Vart sikta

Føraren vart kort tid etter brannen sikta for å ha ført eit køyretøy han visste ikkje var i forsvarleg stand . Han vart også fram til 5. februar i år fråteken retten til å køyre på norske vegar.

– Den tidlegare teorien var overoppheting som følgje av lekkasje frå kjølevæskeanlegget. Det var bakgrunnen for siktinga, fordi vi meinte føraren hadde oversett signala om at kjølevæskeanlegget var defekt. Den ser vi ikkje lenger på som aktuell, seier Førde Refsnes.

– Etter ei vurdering av bevisa i saka kan ikkje politiet sjå vekk ifrå at det er eit hendeleg uhell som ingen kan klandrast for, sjølv om det fekk veldig dramatiske følgjer, legg Førde Refsnes til.

Trur på oljelekkasje

Tunnelen var stengd i fleire veker etter brannen som kosta kring 50 millionar kroner . Berre skadane på dei mange bilane som vart fanga i tunnelen kom på ti millionar kroner. Politiet har gjennomført ei omfattande etterforsking, med avhøyr av vitne og grundige tekniske undersøkingar.

Vraket er ute av Gudvangatunnelen

UTBRENT: Det polske vogntoget vart heilt utbrent i brannen.

Foto: Johan Moen / NRK

Kripos undersøkte vraket og la i desember fram sin rapport utan å kunne konkludere.

– Ei sannsynleg årsak er at det har vore oljelekkasje frå ein smørjemiddelslange som gjekk til turboen i traileren. Denne slangen har truleg ligge og gnissa mot motoren over tid. Teorien er at oljen kan ha forårsaka brannen, seier Førde Refsnes.

Strenge krav til aktsemd

Førde Refsnes seier vegtrafikklova stiller strenge krav til aktsemd, og at både førar og eigar pliktar å syte for at køyretøy i trafikken er i forsvarleg stand.

Brann Gudvangatunnelen

EVAKUERTE: Eit stort tal personar, mellom anna eit busslast med kinesiske turistar, måtte evakuere tunnelen då vogntoget byrja å brenne.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

– Så vil det vere nokre tilfelle der det skjer alvorlege uhell, men at ein ikkje kan finne nokon å klandre, seier han og legg til at det aktuelle vogntoget vart kontrollert ved godkjend verkstad i Polen i mars same året som brannen.

– Kva tenkjer du om at det gjekk høgt ut med ei sikting og førarkortbeslag mot den polske føraren?

– Dette er slikt vi ofte gjer i trafikkuhell, og ei sikting kan gå begge vegar. Anten blir det straffesak eller saka blir lagt vekk. Vi hadde ingen bestemt oppfatning i forkant av kva retning denne saka ville gå, men vi meinte det var bevismessig grunnlag å mellombels beslaglegge førarkortet under etterforskinga.

Gudvangatunnelen

GUDVANGATUNNELEN: Tunnelen på E16 er med sine 11.428 meter Norges nest lengste vegtunnel.

Foto: Skjermdump Gule sider