– Situasjonen er no under kontroll, seier kommunikasjonssjef ved Helse Førde Bernt Ove Flekke til NRK.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det var etter at ein semitrailer tok til å brenne 3,5 kilometer inne i den vel 11 kilometer lange tunnelen at 22 personar er sendt til sjukehus på Voss og 48 personar til sjukehus i Lærdal. Nokre av pasientane i Lærdal blir sendt til Førde sentralsjukehus, og 22 personar er sendt til Haukeland universitetssjukehus.
Ingen er livstruande skada
Ingen av dei skadde etter brannen i Gudvangatunnelen i ettermiddag skal vere livstruande skadd, men fleire av dei hardast skadde er sende til Haukekland sjukehus i Bergen, fortel Mona Høgli, informasjonssjef ved Helse Bergen.
Brannen førte til sterk røykutvikling, og sjukehusdirektør ved sjukehuset på Voss, Rolf Abrahamsen, seier at dei framleis ikkje har full oversikt over situasjonen, men at fleire har fått alvorlege røykskadar. Seks av pasientane er no vidaresendt til Haukeland, den eine i respirator.
– Pasientane har nett byrja å kome inn, Vi har tatt i mot 10 pasientar førebels, og ventar framleis på 20 personar. Dei fleste av pasientane er røykforgifta i ulik grad. Vi håpar at liv ikkje skal gå tapt. Nokon er omtrent ikkje skada, medan andre er alvorleg røykforgifta.
Fleire born innlagt
MANGE TIL SJUKEHUS: Meir enn 80 personar er sendt til sjukehus etter brannen i Gudvangentunnelen i dag.
Foto: NRK-tipsarAbrahamsen fortel vidare at det er flest born og utanlandske turistar som er innlagt på sjukehuset. Av dei 22 som er innlagt på Voss er seks av dei born. Resten er hovudsakleg turistar.
– Det var jo ein turistbuss innblanda i ulukka, så det er mykje franskmenn og amerikanarar på sjukehuset her no, fortel Abrahamsen.
Tunnelen kan bli stengt i fleire dagar
Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes fortel at tunnelen mest truleg vil vere stengt i fleire dagar, men det er usikker fram til ein geolog har vore på staden og vurdert risikoen.
– Dette kan ta fleire dagar. Vi håpar å få ein geolog på staden i dag, men tunnelen kan uansett bli stengt i fleire dagar, fortel Refsnes.
Brann i Gudvangatunnelen
Saka vert oppdatert