Hopp til innhold

Lekkasje av olje er vanleg årsak til brannar - kan ha starta tunnelbrannen på E16

Når det tek fyr i vogntog eller semitrailerar er lekkasje av diesel eller motorolje den vanlegaste årsaka, seier Guttorm Gullaksen, som er teknisk leiar i Nettbuss.

Guttorm Gullaksen

DIESELLEKKASJE VANLEGASTE ÅRSAKA: Teknisk leiar Guttorm Gullaksen i Nettbuss.

Foto: NRK

– Det kan og vere lekkasje av hydraulikkolje. Dersom det oppstår ein sprekk i eit dieselrøyr og du får ein forstøva dieselsprut rett bort på turboen så tek det fyr med ein gong.

Størst risiko i motbakke

Risikoen for at det tek til å brenne er større når det tunge køyretøyet er på veg opp ein motbakke, for då er turboen varmare enn elles. Oljespruten kan og treffe eksosmanifolden, som og er varm nok til at det lett kan ta fyr.

I dag skal politiet og folk frå Statens Havarikommisjon for transport ta seg inn i Gudvangatunnelen. Då skal dei mellom anna undersøke semitraileren for å prøve å finne brannårsaka.

(Artikkelen held fram under biletet).

vogntog

HEILT UTBREND: Trekkvogna på semitraileren som tok fyr i Gudvangatunnelen.

Foto: NRK-tipsar

Mange personbilar og ein buss med turistar vart sperra inne i tunnelen då det tok til å brenne i semitraileren med polsk trekkvogn og svensk tilhengar i 12-tida i går.

I alt 75 personar måtte sendast til sjukehus med røykskade. Mange meiner det var rein flaks pluss flott innsats frå redningsmannskapa som gjorde at ingen omkom i ulukka.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vogntog i brann i Gudvangatunnelen

EKSPLOSIV BRANN: Flammane stod ut frå førarhuset på semitraileren i Gudvangatunnelen.

Foto: Monika Blikås

Dårleg reinhald

Guttorm Gullaksen presiserer at han ikkje har grunnlag for å uttale seg om årsaka til den dramatiske brannen i går. Men både han og tre andre fagfolk NRK har snakka med peikar på diesellekkasje som den mest vanlege årsaka til brannar i tyngre køyretøy.

Gullaksen seier at di tynnare dieselstrålen er, di større er risikoen for brann.

– Er det då dårleg reinhald med skit rundt turboen så har du veldig fort ein brann.

Turbohavari

Ei anna brannårsak er turbohavari.

– Då fløymer dieselen inn i eksosanlegget, og er eksosanlegget varmt nok tek det fyr inni det.

Elektriske feil kan og føre til brannar i vogntog og semitrailerar.

– Men då er det ikkje så eksplosivt, då skjer det i meir roleg tempo, seier Gullaksen.

Ei anna årsak kan vere at motoren skjer seg og eit stempel kjem ut.