Hopp til innhold

Tunnelbrannen har kosta mellom 40 og 50 millionar kroner

Alt reparasjonsarbeidet og arbeid som følgje av semitrailer-brannen på E16 i Gudvangatunnelen har ein førebels prislapp på nær 50 millionar kroner.

Så dyr vert Gudvangatunnelen

MYKJE PENGAR: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, stadfestar at kronene rullar fort når reparasjonsarbeidet er så omfattande som det er i Gudvangatunnelen.

Foto: Arne Stubhaug/Monika Blikås/Aurland brannvesen/Kjellrun Lavik / NRK

– Oppsummert vil dette komme på mellom 40 og 50 millionar kroner. Då er

om lag 20 millionar kroner rein reparasjon etter brannen, så er ti millionar følgjeskadar grunna brannen, og ti millionar er andre arbeid som vi likevel har gjort sidan tunnelen var stengd, seier Slinde.

5. august tok det til å brenne i ein utanlandsk semitrailer inne i Gudvangatunnelen. Brannen utvikla seg raskt og røykla heile tunnelen. Det førte til dramatiske situasjonar der bilistar som kom til frå begge sider, febrilsk forsøkte å komme seg ut.

I ettertid har det vorte karakterisert som eit under at ikkje liv gjekk tapt i brannen, og at det berre var takka vere heroisk innsats av redningsmannskap at det gjekk så bra som det gjorde.

I alt vart over 70 personar sende til sjukehus med røykskadar etter brannen, fleire av dei alvorleg og kritisk skadde.

Følgjeskadar har kosta mykje

Dette er eit førebels tal, men Slinde trur ein har teke høgde for det meste, sjølv om det framleis er noko uvisse knytt til tala.

– Det er framleis ein del uvisse i mange av dei arbeida som vi har kjøpt og gjennomført etter brannen. Nokon kostnadar skuldast direkte brannen, som reparasjon av geologi, montering av nye lamper og radiokablar, og så vidare, seier Slinde.

Andre ting er følgjeskadar, anten som følgje av brannen, eller som følgje av arbeidet som var påkravd etter brannen.

– Til dømes har vi måtte skifte hele lyskabelen i tunnelen. Det måtte vi gjere grunna den nedvasken som måtte gjerast. Det gjorde at vi fekk mykje jordfeil i den kabelen som var, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Oppryddingsarbeidet etter brannen i Gudvangatunnelen viser seg å vera svært krevande.
Varmen frå lastebilen som brann har gjort fjellet svært porøs.
Mens reiselivet og transportmæringa ventar utålmodig, blir tunnelen no reinska for hand, meter for meter.

JOBBA DØGNET RUNDT: Vegvesenet har hatt folk på jobb døgnet rundt for å få Gudvangatunnelen i orden att så snart som råd.

Har nytta det at tunnelen har vore stengd

Han legg til at ein også har utført ein del anna arbeid sidan tunnelen likevel har vore stengd.

– Vi har lagt ny fiberkabel gjennom tunnelen slik at det nye naudnettet som kjem til neste år kan gjerast utan at vi må stengje tunnelen for å leggje kabel. Vi har gjort ein del tilleggsarbeid når tunnelen likevel har vore stengd, seier Slinde.

Pengane til utbetringane er ikkje på plass, men lovnadane skal vere klare.

– Desse pengane har vi ikkje fått, men i den dialogen vi har hatt med Vegdirektoratet, og den kontakten dei har med Samferdsledepartementet, så er det sagt at vi må gjennomføre dei tiltaka som trengst for å få opna tunnelen, og så blir finansieringa ordna i etterkant, seier Slinde.

Skal ikkje gå utover andre prosjekt

Trass i at prislappen på arbeidet ser ut til å nærme seg 50 millionar kroner, skal ikkje dette gå ut over andre prosjekt i vegsektoren.

– Med den satsinga som er varsla i Norsk Transportplan med auka satsing på drift og vedlikehald, så vil eg tru at dette kan finansierast innanfor dei auka løyvingane som vi håpar skal komme, seier Slinde.

Han understrekar at ein del av arbeidet som er gjort, ville ein ha måtte gjort uansett.

– Til dømes skifting av lyskabel, legging av fiber. Det kjem det ei løyving til neste år uansett, så det er berre forskyving av pengar vi ville fått neste år, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Traileren som brant i Gudvangatunnelen

LITE ATT: Dette var alt som var att av semitraileren som brann i Gudvangatunnelen i byrjinga av august.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Inne i summen ligg også kostnadar til ferje og ekspressbåt, samt alt som går på vaktmannskap.

– Vi har hatt to mann på vakt heile døgnet i snart ein månad, vi har også hatt ekstra tungbilkontrollørar som har stoppa alle vogntog som skulle ned Måbødalen, for å hindre tungbilulykker på omkøyringsvegane. Alt dette må dekkast inn som ekstraordinære tiltak grunna brannen, seier Slinde.

Har ikkje moglegheit innanfor ramma

Men at det er snakk om mykje pengar, er det lite tvil om.

– Ein tunnelbrann av ein slik storleik, gir stor skade i tunnelen, enorme ringverknadar for trafikkavviklinga, og det kostar pengar å ordne opp både i skade og syte for all skilting og omkøyringstrafikk som vi må syte for i ein slik situasjon, seier Slinde.

Han er klar på at pengane må komme utanfrå, for dei finst ikkje på det budsjettet han rår over per i dag.

– Vi har ikkje moglegheit til å dekke dette innanfor den tildelte ramma vi har. Dei pengane er for ein stor del brukt opp for i år, seier Slinde.

Dekkesesongen er akkurat over, og mykje av arbeidet som skal gjerast i 2013 er også gjort, så dei pengane er allereie brukte.

– Vi er avhengige av å få tilført meir midlar, elles vil vi ikkje ha pengar til å måke snø, strø og salte når vinteren kjem. Men signala er at skadane skal utførast så raskt som råd, og finansieringa vert løyst i etterkant, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Viking Lærdal frakta ut den utbrende traileren frå Gudvangatunnelen. No skal traileren til Lærdal på vdiare undersøkingar.

Utbrend trailer i Gudvangen

Kan bli dyrt for forsikringsselskapet

Han er trygg på at dette ikkje gir uføresette overraskingar i ettertid.

– Vi hadde same situasjon etter stormen Dagmar i julehelga for to år sidan. Vi fekk same situasjon då, og finansieringa kom i etterkant, seier Slinde.

– Er det noko forsikringsselskap inne i biletet for dykkar del?

– Skadar på veg skal dekkast av forsikringsselskapet til køyretøyet. Men vi har ikkje begynt å jobbe med forsikringsdelen av dette endå. Vi har berre hatt fokus på reparasjon, seier Slinde.

Men han legg til at juristane i Vegvesenet kjem til å sjå på korleis dette skal finansierast.

– Det er to moglegheiter, anten forsikringsselskapet til køyretøyet. Men det finst også ein forsikringsskadepool, som er ein del av dei midlane som vi alle betalar inn i ansvarsforsikringa vår, som kan gå til betaling av slike skadar dersom det er ukjent gjerningsgang. Men her er det jo kjent gjerningskøyretøy, så eg vil tru det blir ein diskusjon juridisk om korleis dette skal løysast, seier Slinde.

Han ønskjer ikkje å spekulere i korleis dette skal løysast.