Hopp til innhold

Krev forsikringsselskap for 20 millionar etter brannen i Gudvangatunnelen

Statens vegvesen krev 20 millionar kroner i erstatning etter brannen i Gudvangatunnelen. Det var 5. august i fjor at det byrja å brenne i tunnelen og 65 personar vart frakta til sjukehus.

Vogntog i brann i Gudvangatunnelen

BRANNEN I GUDVANGATUNNELEN KOSTA: Statens vegvesen krev Gjensidige for 20 millionar kroner etter brannen i Gudvangatunnelen. Gjensidige er ikkje samd i kravet.

Foto: Monika Blikås

Ifølgje bt.no skal Statens vegvesen ha retta krav mot forsikringsselskapet Gjensidige om 20 millionar kroner i erstatning etter at det byrja å brenne i eit polsk vogntog i Gudvangatunnelen.

Den totale kostnaden på å reparere tunnelen var på det dobbelte, nærare 40 millionar kroner, seier Hjalmar Olseth, seksjonsleiar i Statens vegvesen Region vest.

Gjensidige har vedgått forsikringsansvar etter brannen. Men selskapet kan førebels ikkje seie noko om kva tid dei får behandla kravet frå forsikringsselskapet.

Selskapet opplyser at dei meiner at skaden er regulert av bilansvarslova, som har ei øvre grense på 10 millionar kroner. Men Statens vegvesen meiner denne grensa ikkje gjeld i dette høvet.

Den polske sjåføren er sikta for brot på vegtrafikklova, men han vedgår ikkje straffskuld for brannen.