Lastebilnæringa godt rusta for nye krav

Om ein knapp månad må ein ha vinterdekk på alle hjul på vogntog som rullar på norske vegar. Fleire har frykta at krava kom med ein knapp frist, men i Sogn og Fjordane er næringa godt rusta.

Rolf Olav Tenden

KLARE: Lastebilnæringa i Sogn og Fjordane er i stor grad godt utrusta og klare med vinterdekk på alle hjul når 1. januar og nye reglar kjem, trur fylkesleiar i Lastebileigarforbundet, Rolf Tenden.

Foto: Thor Tenden Transport

– Dei fleste i alle fall av våre medlemmar har klart å tilpasse seg dei nye krava. Det kan vere enkelte traller som er lite i bruk, som plutseleg er på vegen med dårlege dekk eller ikkje har merkinga som skal til, men det vil vere eit fåtal, seier Rolf Tenden, fylkesleiar i Lastebileigarforbundet.

Frå 1. januar 2015 blir det innført nye og strengare reglar for vinterdekk på vogntog. Då skal alle hjul, både på trekkvogn og hengar ha gode vinterdekk. Dersom ein blir stogga med til dømes 14 hjul som ikkje tilfredsstiller krava, må sjåføren ut med 10 000 kroner.

– Eg vil ikkje tru det er mange transportverksemder her i fylket som vil bli stogga, men eg håpar inderleg biltilsynet er flinke til å kontrollere og tek hand om det, seier Tenden.

Viktig og riktig tiltak

Endringane blir innført som eit tryggingstiltak, og skal også gjelde alle utanlandske vogntog.

– Vi set stor pris på tiltaket, i alle fall med omsyn til at utanlandske transportørar skal vere like godt rusta som vår eigne, seier Tenden.

Per Andreas Øren

RIKTIG: Dei nye reglane er nødvendige, meiner Per A. Øren.

Foto: Silje Guddal / NRK

Også Per Andreas Øren i transportfirmaet Per A. Øren, er glad for endringane som no kjem på plass.

– Det er heilt nødvendige reglar. Det er merkeleg at det berre var vi som skulle ha det før, seier Øren, dagleg leiar i transportverksemda.

NHO gjekk like etter regelverket vart annonsert i oktober, ut og sa at ein frykta mange selskap ikkje ville klare å sko seg innan fristen, men også Øren fortel at endringane for dei stort sett har gått smertefritt.

– Det har ikkje vore snakk om dei store endringane for oss, for slik har vi hatt det i alle år. Det er ein aksling meir som vi har sett vinterdekk på, men det er ikkje særleg mykje arbeid. Vi må kanskje passe litt meir på enn før, seier Øren.

Også hjå Nistad transport er ein klare på at endringane har gått greitt.

– Vi har tilpassa oss allereie. Vinteren kjem kanskje før, så vi har teke omsyn til endringane. Det gjaldt for bilar i fjor, så vi rekna med at det kunne kome strengare reglar, og det har ikkje vore noko problem, seier Gitle Sande, dagleg leiar i Nistad transport.

Trur dei klarar det

For nokre selskap det likevel ha vore nokre utfordringar, men leiaren for lastebilnæringa trur det går seg til.

– Det har vore litt vanskeleg på grunn av enkelt dekkdimensjonar ikkje er mogleg å skaffe med påkrav merking, men det gjeld ein liten del av dei dekka som blir brukte. Eg veit at transportørane det gjeld har klart å lage eigne tilpassingar som gjer hjula meir trafikksikre, seier Tenden.