Hopp til innhold

No skal det stillast strengare krav til dekk for tunge køyretøy

Frå kommande vintersesong vert det ei skjerping i krava til korleis tunge køyretøy er skodde på vintervegar.

Vogntog

MÅ HA VINTERDEKK: For motorvogner over 3500 kilo blir det påbode med vinterdekk.

Foto: Colorbox

– Vi innfører no nye krav til vinterdekk og mønsterdjupn for tunge køyretøy. Det vil betre framkomsten og trafikktryggleiken på norske vintervegar, seier samferdsleminister Marit Arnstad.

På oppdrag frå Samferdsledepartementet, vil Vegdirektoratet no vedta nye reglar for vinterdekk og mønsterdjupn for tunge køyretøy over 3500 kilo. Endringane skal tre i kraft straks.

Endringane betyr at køyretøy over 3500 kilo vert pålagde å ha minst fem millimeter mønsterdjupn på alle dekk, også på tilhengarar. I dag er det generelle kravet tre millimeter.

Ønskjer innskjerpinga velkommen

Bilar og trekkvogner over 3500 kilo vert også pålagde å ha særleg merka vinterdekk i perioden frå 15. november til 31. mars. Kravet gjeld berre drivande og styrande akslar på motorvogna, ikkje tilhengar.

Avdelingsdirektør Jon Molnes i Statens vegvesen er glad for at forskrifta no vert skjerpa.

– Kvar vinter opplever vi store utfordringar med tunge køyretøy, både når det gjeld tryggleik og evne til å ta seg fram, seier Molnes til tungt.no.

Får gebyr per dekk

Pålegget skal gjelde i perioden frå 1. november til måndag etter 2. påskedag i Sør-Norge, og frå 16. oktober til og med 30 april i Nordland, Troms og Finnmark.

Gebyr både for manglande mønsterdjupn og manglande vinterdekk vert ilagt per dekk, og satsen er sett til 750 kroner.

Både NAF og Norges Lastebileier-Forbund har tidlegare signalisert at dei er positive til at krava til både mønsterdjupn og vinterdekk vert strengare.

(Artikkelen held fram under videoen)

2428 drepne eller skadde på ni år

Statistisk sentralbyrå har statistikk for kor mange ulykker med personskade vogntog eller lastebilar har vore involverte i mellom 2001 og 2011.

Tala syner at det har vore 2518 ulykker der køyretøya har vore skodde på sommardekk.

Det er registrert 1228 ulykker der dei tunge bilane har hatt piggfrie vinterdekk, medan det berre har vore 611 ulykker der dei tunge køyretøya har hatt vinterdekk med piggar. Statistikken seier ikkje noko om kva sesong ulykkene har skjedd.

Frå 2003 til 2012 har det vore 2428 vegtrafikkulykker med vogntog innblanda der personar har vorte drepne eller skadde.