Hopp til innhold

– Nye vogntogreglar gir tryggare veg

Nye og strengare reglar for vinterdekk på vogntog vil gi tryggare vintervegar. Det meiner både Statens vegvesen og utrykkingspolitiet. – Bransjen er også positive til at reglane blir skjerpa, seier Jan Ove Halsøy i lastebileigarlaget, Hordaland.

Kontroll på Ørje

NYE REGLAR: Frå 1. januar må vogntog ha vinterdekk på alle hjula, både på trekkvogna og på hengaren. Dersom ein skulle bli tatt med 14 hjul som ikkje er vinterdekk vil det koste sjåføren vel 10 000 kroner.

Foto: Espen Torgersen / NRK

Frå 1. januar blir reglane for vogntog ytterlegare skjerpa, og då må alle vogntog ha gode vinterdekk både på trekkvogna og hengaren.

– Eg er heilt overbevist om at det vil føre til betring av trafikktryggleiken at me no får krav til vinterdekk på alle hjul, seier seksjonssjef i Statens vegvesen, Tormod Gausdal.

– Billig investering

Jan Ove Halsøy

BILLIG: Jan Ove Halsøy i lastebileigarlaget i Hordaland meiner det er ein billig investering å sko vogntog med vinterdekk på både trekkvogn og på hengar.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Når det regnar i låglandet, så er det gjerne snø på fjellovergangane. Jan Ove Halsøy i lastebileigarlaget i Hordaland har sett alt for mange vogntog som ikkje har vore skodd for fjellet.

– I forhold til å til dømes knuse eit vogntog eller påføre andre skadar, så er det faktisk billig å investere i gode vinterdekk, seier Halsøy.

– Då får du ein trygg, rask, effektiv, og god transport som gagnar dei som har kjøpt tenestene våre i tillegg til alle andre trafikantar, seier han.

– Kjærkomme tiltak

Terje Oksnes

TRAFIKKTRYGGLEIK: Terje Oksnes, driftsleiar i utrykkingspolitiet på Vestlandet, seier dei nye reglane for vogntog er kjærkomne.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Skulle du koma i kontroll med 14 hjul som ikkje er vinterdekk vil det fort kosta deg gode 10 000 kroner.

Utrykkingspolitiet sin distriktsleiar på Vestlandet, Terje Oksnes, trur det vil ha stor effekt, ikkje minst på utanlandske vogntog.

– Alle køyretøy som er godt skodd gir betre trafikktryggleik, så dette er eit kjærkomme tiltak, seier Oksnes.

Har kontrollar

Tormod Gausdal

VIL BETRAST: Tormod Gausdal i Statens vegvesen meiner trafikktryggleiken vil betrast ved at vogntog no må ha vinterdekk på både trekkvogna og på hengaren.

Foto: Anna Gyrti/NRK

Seksjonssjef i Statens vegvesen, Tormod Gausdal har ansvaret for alle fjellovergangane mellom Vest og Aust. Han er i gang med kontrollar på E16 i Lærdal.

– Me køyrer ein intensivert kontroll framover, og vurderer føreforholda på fjellovergangane, seier han.

– Me held tilbake folk som ikkje har gode nok dekk for å komme over, seier Gausdal.