FÆRRE OPPDRAG: Bilbergar Anders Frydenlund i Viking Lærdal merkar at bilbergingsoppdraga har blitt færre. Når nokon i dag køyrer seg fast treng han heller ikkje å stenge vegen for å gjere bergingsjobben, då det er brei nok veg til at trafikken kan passere.
Foto: Anna Gytri / NRK– Det er omtrent som natt og dag, seier han om skilnaden på vegstandarden før og no.
I august 2014 opna Vegvesenet nemleg 11 kilometer med ny veg mellom Borlaug og Smedalsosen i Lærdal. Det har ført til merkbare endringar.
- Les også:
– Fekk stopp og sklei i grøfta
Smal, svingete og vanskeleg er ord som blir brukt om gamlevegen på denne strekninga. Spesielt mellom Maristova og Borlaug var det trøblete vinterstid.
– Det var så smalt at større køyretøy måtte stoppe når dei møttest. Dermed fekk dei ofte problem med å ta i gang att, eller dei sklei i grøfta, fortel Frydenlund.
Vinterstid fekk han mykje å gjere her. Medan han berga tungbilane måtte vegen stengast. Dette vart lagt merke til i Vegvesenet.
– Vi hadde mange bergingsoppdrag der, og det såg vi at vi måtte gjere noko med, seier Øyvind Haaland i byggherreseksjonen i Statens vegvesen region Vest.
- Les også:
SMALT: Slik såg deg ut på gamle E16 forbi Gram på Filefjell. Ein typisk plass der det var for smalt til at to tunge køyretøy kunne møtast.
Foto: PrivatHar blitt endå tryggare
FRÅ TRYGG TIL TRYGGARE: – Vel ein E16 over Filefjell veit ein som bilist at ein stort sett alltid kjem seg mellom aust og vest, seier Øyvind Haaland i Vegvesenet.
Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRKNo, nesten to heile vintrar etter opninga, konstaterer Haaland at dei ser ei endring.
– E16 over Filefjell har aldri vore den fjellovergangen aust-vest der vi har hatt dei største utfordringane, den har vore veldig stabil over fleire år. Men etter at vi opna denne parsellen ser vi at talet bilbergingar har gått ned.
Haaland understrekar at det er for tidleg å seie sikkert at regulariteten på strekninga har blitt mykje betre enn før som ein direkte følgje av utbetringa. Han seier det også kan forklarast med at dei to siste vintrane har vore av det snillare slaget. Uansett kan Vegvesenet slå fast at ein trygg vinterveg har blitt endå tryggare.
– Det er veldig godt å vite at vi iallfall har éin fjellovergang som per i dag er nesten hundre prosent vintersikker.
- Les også:
SMALT, SVINGETE OG TIDVIS BRATT: Slik såg det ut ein vinterdag på gamlevegen over Filefjell. Biletet er teke i nedstiginga mot Gram. Her er deler av vegen i dag flytta inn i tunnel.
Foto: Privat– Positivt
POSITIVT: Rolf Olav Tenden i Norges Lastebileigarforbund er nøgd med færre stengingar som følgje av bilberging på E16. Han seier næringa likevel held fast ved at dei ønskjer opprusting av Hemsedalsfjellet som ein framtidig hovudveg mellom aust og vest.
Foto: Borgar SagbakkenDet er leiar i Sogn og Fjordane Lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, samd i. Også han har lagt merke til at talet bilbergingsoppdrag på strekninga har gått ned.
– E16 Filefjell var også tidlegare den sikraste vegen når det var dårleg vêr. Men på same tid valde ofte uerfarne sjåførar denne vegen, og det var litt mykje stengingar på grunn av bilberging. Bilberging kostar, både i pengar og heft, så dette er positivt.
Trass kjennskapen til at E16 blir rekna som den tryggaste vintervegen, viser ikkje trafikktala at det har blitt merkbart fleire tunge køyretøy som vel E16 framfor riksveg 52 Hemsedalsfjellet.
Både Haaland og Tenden trur dette kan endre seg noko når siste del av utbetringa av vegen over Filefjell står klar neste år.
- Les også:
- Les også:
NY VEG: Det er stor skilnad på standarden på den gamle og den nye vegen over E16 Filefjell.
Foto: Statens vegvesen