Hopp til innhold

I framtida kan naturkreftene rase som dei vil - E16 over Filefjellet vil likevel vere open

Arbeidet som dei siste åra har pågått på E16 over Filefjellet vil resultere i ein veg som ikkje blir stengd sjølv om elementa viser seg frå si verste side.

Nystova på Filefjell

HER BLIR DET TUNNEL: E16 over Filefjellet ved Nystova. Her skal vegen i framtida gå i tunnel, anlegget skal vere ferdig i 2017.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

No er denne vegen som regel open når alle dei andre fjellovergangane er stengde også i dag, men i framtida vil det vere heilt slutt på stengingane på E16, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

– Vi har ei målsetting om at når vi byggjer ny E16 skal ikkje den vegen bli stengd på grunn av vinterproblem i det heile.

Vêrtilhøva på fjellovergangane mellom Sogn og Fjordane og Austlandet kan vere svært så tøffe på vinterstid. Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, fylkesveg 53 Årdal-Tyin og og fylkesveg 50 Aurland-Hol er dei mest utsette for stenging.

Men også E16 over Filefjellet blir innimellom stengd på grunn av dårleg vêr og av vogntog som køyrer seg fast. Men det skal det, ifølgje Nils Magne Slinde, bli slutt på når opprustingsarbeidet på Filefjellet er ferdig.

– Vi byggjer vegen slik at heile stigninga på begge sider blir teken i tunnel, med andre ord berr veg for både store og små køyretøy, slik at dei kjem seg trygt og godt opp på fjellet. Og ute i dagen løfter vi vegen slik at snøen i størst mogeleg skal grad skal blåse av, slik at sikta blir god.

Trass i vinterstormar og mykje snø. E16 over Filefjell skal ikkje stengjast lenger, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen. Omfattande opprusting av fjellovergangen dei siste åra vil gje resultat, seier Slinde. Foto: Patryk Smørdal, NRK

SJÅ VIDEO: Trass i vinterstormar og mykje snø. E16 over Filefjell skal ikkje stengjast lenger, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen. Reporter: Bård Siem - foto: Patryk Smørdal, NRK

Heile vegen ferdig i 2017

Arbeidet med oppgradering av E16 over Filefjellet skal vere ferdig i 2017, kostnaden er på 2,87 milliardar kroner for heile strekninga. Dei siste åra har det vore arbeidd på strekninga Borlaug-Smedalsosen. Denne delen av vegen blir opna for trafikk i år.

Til våren startar arbeidet på ei anna strekning, frå Smedalsosen til Varpe bru aust for Tyinkrysset på Oppland-sida. Då skal vegen leggast i tunnel i stigninga opp frå Tyinkrysset og i fjellet forbi Nystova.

Vel likevel Hemsedalsfjellet

Fylkesleiar i Lastebileigarforbundet, Rolf Olav Tenden, er glad for at vegen over Filefjellet snart er ferdig utbetra, men seier dei fleste langtransportsjåførane truleg likevel vil nytte vegen over Hemsedalsfjellet.

– Dei likar traseen over Hemsedalsfjellet betre, og det har dei gjort i alle år. Det kjem dei til å halde fram med så lenge fjellet er ope og trafikken er som han er. Dei må vidareføre vegutbetringa på E16 frå Vang i Valdres og vidare mot Oslo skal dei få flytta meir trafikk over til Filefjellet.

Og i juni i år blir strekninga frå Borlaug via Hemsedalsfjellet til Oslo korta ned vesentleg når den 17 kilometer lange strekninga frå Ørgenvika til Sokna blir opna. Men Tenden ser likevel ikkje arbeidet på Filefjellet som bortkasta.

– Nei, ikkje bortkasta. Du får ein 100 prosents gjennomgang frå aust til vest, og det er det viktigaste. Eg er veldig glad for at vi har ein forutseieleg veg å kome gjennom på, uansett vêr og føre.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, presenterer vegvesenet sine prioriteringar.

LOVAR OPEN VEG: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde seier E16 over Filefjellet ikkje skal bli stengd av vind og snø etter 2017.

Foto: Bård Siem