Hopp til innhold

Her er dei vande med bilberging

Knut Maristuen og familien må ofte smørje seg med tålmod når dei skal heim. Fastkøyrde vogntog på E16 er nærast kvardags når det snør.

Bilberging ved Maristova på E16

TRØBBEL: Denne polske semitraileren fekk problem på veg opp på Filefjell. Viking frå Vang var raskt på plass for å få berga bilen.

Foto: Silje Maristuen

Fredag ettermiddag vart ikkje noko unntak. Igjen køyrde ein semitrailer seg fast mellom Honning bru og Maristova på E16 i Lærdal.

– Denne gongen er det ein polsk bil, utan kjetting, fortel Knut Maristuen.

Han driv Maristuen Fjellferie AS og har måtte lære seg å leve med at tyngre køyrety køyrer seg fast og sperrar vegen.

Det har blitt verre

Knut Maristuen er oppvaksen på Maristova på Filefjell. E16 som går like ved er både smal og kronglete i området mellom Maristova og Honning bru. Det er ikkje reint få gonger at Maristuen har opplevd fastkøyrde vogntog her.

– No når det snør er det nesten blitt kvardags, seier Maristuen og legg til:

– Det er dette som pleier å skje. Når det kjem snø, blir det fort litt kaos.

Maristuen meiner problemet med fastkøyrde vogntog har blitt stadig verre dei seinare åra, men seier det er vanskeleg å kome med noko god forklaring på kvifor.

Det skal bli bygd ny veg forbi det trøblete vegstykket, og Maristuen håpar dette då skal bli betre. Dei vel to kilometerane mellom Maristova og Honning bru er eit kjent problemområde.

– Det er så trongt her, og når bilane då møtest må dei ofte stogge. Mange får då store problem med å kome seg i gang igjen, seier Maristuen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilberging ved Maristova på E16

VANLEG: Dette har blitt eit vanleg syn for dei som bur ved Maristova.

Foto: Silje Maristuen

– Håplaust

Sjølv om dei er blitt vande med problemet med vogntog som køyrer i grøfta, betyr ikkje det at dei har slutta å irritere seg over det. Ein tur ned til Borgund, for å kome seg til skule, barnehage og butikk, går slett ikkje alltid utan problem.

– Det er håplaust. Når du reiser ned veit du aldri om du kjem deg heim att, seier Maristuen.

Sist laurdag måtte familien vente i nesten fem timar på grunn av bilberging.

– I går gjekk det heldigvis fortare, men det er kjedeleg å aldri vite om ein må vente for å kome seg heim eller ikkje, seier Maristuen.

Han prisar seg lukkeleg for at Viking har fleire redningsbilar som kan rydde opp. Fredag ettermiddag var E16 stengd i vel 45 minutt for å få berga den polske semitraileren.