Hopp til innhold

Kystverket kuttar i beredskapskontor langs kysten

Når alarmen går har Kystverket nøkkelpersonar langs heile kysten for å unngå oljekatastrofar. No blir tre av fire beredskapskontor nedlagde.

Olje og dieselsøl etter havarist

OLJESØL: Oljesøl i Hjeltefjorden etter at fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS».

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Natt til sundag skjedde det igjen ei dramatisk nestenulukke utanfor Telavåg i Øygarden, då eit stort lasteskip mista motorkrafta og i fleire timar dreiv mot land.

Men det har vore andre, og endå meir alvorlege ulykker i bergensområdet dei siste åra, med fare for store skadar på miljøet.

Mellom anna:

Kystverket sitt beredskapssenter mot akutt forureining har hovudkontor i Horten. I tillegg har dei fire mindre kontor i Bergen, Ålesund, Tromsø og Kabelvåg.

Kontora vart oppretta etter «Full City»-forlistet for 11 år sidan, for å vera nærare potensielle forureiningskatastrofar.

Fregatt kantret utenfor Sture terminal i Øygarden

283.700 LITER: KNM «Helge Ingstad» låg slik i månadsvis. Det aller meste av det som rann ut var marin diesel og naturkonsekvensane av forliset er skildra som små.

Foto: Kystverket

Legg ned tre av fire

Ved kvart av dei er det to nøkkelpersonar med ansvar for logistikk og samordning av beredskapen både før, under og etter akutt forureining på sjøen.

I samband med omorganisering av heile Kystverket, blir no tre beredskapskontor nedlagde, og berre Tromsøkontoret blir halde oppe. Nøkkelstillingane blir flytta til Horten.

Direktøren for Kystverket, Einar Vik Arset, seier beredskapen mot forureining skal bli like god etter omorganiseringa.

– Dette vil vera ei kvalitetsmessig like god ordning. Vi kan gjera nokre justeringar utan at vi trur det vil ha betydning for beredskapskapasiteten, seier Arset.

Einar Vik Arset

AVVISER NEDBYGGING: Direktøren for Kystverket, Einar Vik Arset, seier beredskapen mot forureining skal bli like god etter omorganiseringa.

Foto: Arne Flatin / NRK

Skal bli enklare

Målet med endringane er ifølgje direktøren at det skal bli enklare å følgja opp beredskapsarbeidet, at Kystverket kan skapa sterkare fagmiljø og at det blir enklare styringslinjer for leiinga.

Direktøren i Kystverket understrekar at nærleik til kysten er viktig, og han meiner dette blir varetatt også etter omorganiseringa.

Han peikar blant anna på at dei lokale depota med beredskapsutstyr skal bestå, sjølv om avdelingar blir nedlagde.

Arset avviser at avdelingskutt er det same som ei nedbygging av den statlege beredskapen i område med høg risiko for forureiningskatastrofer.

– Då hadde vi ikkje gjort det, svarar han på det.

Arbeidet med å begrense skadene av oljesølet etter "Server" utenfor Fedje var lørdag i full gang.

FORUREINING PÅ FEDJE: Fleire hundre tonn tungolje kom ut i sjøen eller på land etter Server-forliset i 2007. – Ulykka viser igjen kor sårbare vi er for den aukande skipstrafikken langs kysten, sa dåverande leiar i Noregs Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, til NRK.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Fagfolk stiller spørsmål

– Det er viktig at vi har tilgjengeleg utstyr lokalt som kjem raskt på plass, seier ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik.

Han var altså nær å få eit nytt skip inn i fjæresteinane søndag morgon.

Han håpar beredskapen ikkje blir dårlegare, men at den blir halde på minst like godt nivå som tidlegare.

Men fleire fagfolk er usikre på kva endringane til Kystverket vil føra til i praksis.

Ein av dei er spesialrådgjevar Alf Halsen i Bergen brannvesen. Han har ansvaret for det interkommunale utvalet mot akutt forureining i bergensregionen.

– Det har vore ein fordel for oss å ha folk frå Kystverket med kontor i vår region. Då er det lett å ha den gode dialogen i kvardagen, seier Halsen.

– Her det er størst fare

Den tidlegare leiaren av Kystverket sitt kontor i Bergen, Arvid Kråkenes, er ikkje i tvil om kva omorganiseringa vil føra til.

– Eg er sterk motstandar av at dei legg ned i Bergen. Det er jo her det er størst fare for ulukker. Eg syns det er rart at politikarane ikkje har vakna for lengst.

Kråkenes meiner det kan ha vore vanskeleg for politikarane å sjå at omorganiseringa faktisk vil føra til nedlegging av beredkspaskontora langs kysten.

Han viser til at det ikkje har stått tydeleg i avgjerda frå Samferdsledepartementet.

Wilson Parnu i havsnaud

I HAVSNAUD: I fleire timar dreiv lasteskipet «Wilson Parnu» mot land sør på Sotra sundag morgon. Heldigvis fekk dei start på motoren igjen i siste liten.

Foto: Kristian Gerhard Jebsen II / Redningsselskapet

Omstridd blant dei tilsette

NRK kjenner til at nedlegginga av tre distriktskontor også er omstridd og betent internt i Kystverket.

Fagforeininga Norsk Tjenestemannslag (NTL) var i mot å legga ned avdelingane, men leiar Torgeir Snorre Torkjelson vil ikkje intervjuast om saka.

Heller ikkje dei to tilsette ved bergensavdelinga ønskjer å uttala seg til NRK om nedlegginga.