Hopp til innhold

– Ingen ønskesituasjon å få eit så stort skip i fjøresteinane

Ordføraren i Øygarden seier dagens redningsaksjon viser at beredskapen og redningsapparatet fungerer. – Samtidig minner det oss på at hav og storm er like farleg no som det alltid har vore, seier han.

Lasteskipet Wilson Parnu i naud. Får hjelp av Nordtind

MOTORPROBLEM: Etter fleire timar med ein uavklart situasjon fekk lasteskipet motorkraft nok til å koma seg ut frå land ved Telavåg.

Foto: Nordtind

Klokka 05.11 sundag morgon blei det slått full alarm, då lasteskipet «Wilson Parnu» i sterk vind med åtte personar om bord dreiv mot land ved Telavåg i Øygarden.

– Det var så nær land som 500 meter. Det er snakk om 10–15 minutt før det gjekk mot land. Det var ikkje langt frå at dei åtte om bord vart løfta av med helikopter, seier redningsleiar Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen.

Kommunen blei varsla tidleg, og ordførar Tom Georg Indrevik hadde møte i kriseleiinga klokka 08.30. Då var faren over, noko han er veldig glad for.

Lasteskipet «Wilson Parnu» kjem inn i havna i Bergen

TIL BERGEN: «Wilson Parnu» kom sundag ettermidag til Bergen for å bli undersøkt nærare.

– Imponerande innsats

– Mange har gjort ein imponerande innsats og det var vore god samhandling mellom alle som deltok, seier ordføraren i Øygarden.

Likevel meiner han dette er ei kraftig påminning om kor gale det kan gå.

– Det minner oss på at hav og storm er like farleg no som det alltid har vore, og at det kan gå gale uansett kor moderne navigasjonsutstyr vi har, seier han.

Han peikar på at dei åtte om bord kunne ha kome til skade viss ikkje situasjonen hadde løyst seg. Men han er også opptatt av moglege konsekvensar for natur og miljø i kommunen sin.

– Det er ingen ønskesituasjon å få eit så stort skip i fjøresteinane. Vi ønskjer jo ikkje forureining i skjergarden vår. Vi har god beredskap mot oljeforureining, men når det bles storm ville det vore utfordrande, seier Indrevik.

Tom Georg Indrevik

KRAFTIG PÅMINNING: – Hendinga minner oss på at hav og storm er like farleg no som det alltid har vore, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Blir evaluert

Ordføraren seier at hendinga og den aktuelle beredskapen kjem til å bli evaluert i ettertid, og at det alltid er noko å læra når det skjer slike ting.

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet seier dei er løpande orientert om hendinga i dag.

– Vi kjem til å følgja opp hendinga vidare, seier han.

Lasteskipet er no på veg til kai i Bergen, saman med ein slepebåt. Der vil reiarlaget vil få undersøkt kva som kan ha ført til motorproblema.

Skipet hadde ikkje last om bord, og var på veg nordover langs kysten til Murmansk for å henta ny last.

Wilson Parnu i havsnaud

FULL ALARM: Klokka 05.11 sundag morgon blei det slått full alarm, då lasteskipet «Wilson Parnu» med åtte personar om bord dreiv mot land ved Telavåg i Øygarden.

Foto: Kristian Gerhard Jebsen II / Redningsselskapet