Hopp til innhold

Lasteskipet var 500 meter frå næraste grunne då motoren starta igjen: – Ekstremt glade

TELAVÅG (NRK): Ein større redningsaksjon vart sett i gang vest for Bergen og Øygarden, då lasteskipet «Wilson Parnu» med åtte om bord dreiv mot land i uvêret.

Wilson Parnu i havsnaud

DÅRLEG VÆR: Her er lasteskipet «Wilson Parnu» i havsnaud utanfor Øygarden. Det norskeigde skipet mista motorkraften og dreiv farleg nær land i fleire timar.

Foto: Kristian Gerhard Jebsen II / Redningsselskapet

Aksjonen starta klokka 05.11 søndag morgon og skipet dreiv mot land i nesten tre timar.

– Det vart sett i verk ein større redningsaksjon. HRS har leia aksjonen til sjøs, medan vi har samla ein god del naudetatar på land i beredskap, seier innsatsleiar Tordis Myrseth i politiet til NRK.

Klokka 08.15 meldte Hovudredningssentralen Sør til NRK at skipet har svak og ustabil motorkraft, på veg vestover ut frå land.

– Det går i åtte knop. I og med at det er ustabil motorkraft, held vi alle dei fem skipa og helikopter i området, seier redningsleiar Johan Mannsåker ved Hovudredningssentralen sør.

Lasteskipet skal vere rundt 90 meter langt og rundt 15 meter breitt. Skipet var på veg frå Kristiansand til Murmansk. Det blæs sterk kuling mot land.

Wilson Parnu kom farleg nær

FARLEG NÆR: Kartet viser kor nært lasteskipet kom land då det mista motorkraften sørvest for Telavåg i Øygarden. Klokka 10.00 er skipet på veg inn Korsfjorden og skal til kai for undersøkingar.

Foto: Skjermdump / Marine Traffic

Dramatisk aksjon – vurderte evakuering

– Det var så nær land som 500 meter. Det er snakk om 10–15 minutt før det gjekk mot land. Dei fekk òg delvis dreggfeste då, som forseinka farten noko, men det var ikkje langt frå at dei åtte om bord vart løfta av med helikopter. Då måtte skipa berre vorte overlatne, seier Mannsåker.

Skipet vart bygd i 2008, er norskeigd og tilhøyrer reiarlaget Wilson. Dei har hovudkontor i Bergen. Heile mannskapet om bord er russiske.

Lasteskipet Wilson Parnu i naud. Får hjelp av Nordtind

DRAMATISK: Fiskebåten «Nordtind» var med på redningsaksjonen i dag tidleg. Dette bilete er tatt klokka 06.45 i dag. Lasteskipet i havsnaud til venstre i biletet.

Foto: Nordtind

Rederiet: – Ekstremt glade

Forsikringssjef i Wilson, Jan Minde, fortel til NRK at dei er «ekstremt happy» med at ting førebels ser ut til å ha gått bra.

– Pulsen er vesentleg lågare enn den var for to timar sidan. Det har vore ein særdeles dramatisk situasjon. Vi er veldig takknemlig for alle ressursar som har vorte sette inn for å hjelpe oss her, seier Minde.

Han legg til at skipet var tomt for last og skulle til Murmansk for å laste på nytt. Dei fekk melding like før 05.30 at mannskapet plutseleg hadde mista motorkraft.

Minde seier planen no er å gjera grundige undersøkingar av skipet, før dei held fram turen nordover. Dei har bestemt seg for å legge til kai på Jekteviken i Bergen.

– Det går nok nokre timar før vi er i Bergen. Den går for eiga maskin og slepebåten Vortex er med som ekstra tryggleik, seier Minde.

Lasteskipet «Wilson Parnu» på veg mot Bergen

TIL BERGEN: Lasteskipet «Wilson Parnu» er sundag føremiddag på veg til Bergen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Nedskalerer aksjonen

Kystradio Sør melde omtrent klokka 07.40 at lasteskipet fekk dreggfeste, start på hovudmotor og heldt fram med å setje slepar som tryggleik.

Helikopter var då framme hjå båten.

Fiskebåten «Nordtind» hjelper lasteskipet, opplyser Hovudredningssentralen.

– Dei har gjort ein fantastisk innsats, seier Mannsåker i HRS.

I tillegg var eit redningsfartøy og ambulansebåt i området. Fregatten KNM Otto Sverdrup koordinerer redninga. Totalt fem båtar hjelper skipet i tillegg til helikopter.

Like før klokka 09.30 oppdaterer Hovudredningssentralen at dei nedskalerer aksjonen.

Laster Twitter-innhold

Lasteskipet blir no fulgt til kai av slepebåten Vortex og KNM «Otto Sverdrup».

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet seier dei er løpande orientert om hendinga i dag.

– Vi kjem til å følgje opp hendinga vidare, seier han.

Ambulansar på Telavåg redningsaksjon lasteskip i havsnaud

STOR INNSATS: Ambulansane står oppstilt og klare på Telavåg i Øygarden, der naudetatane sette base for redningaksjonen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK