Hopp til innhold

Ville heller ha ingen prest enn Mikael Bruun som prest

Fleirtalet i soknerådet ville ikkje ha Mikael Bruun som prest, og var sikre på at det ville bli bråk når han vart tilsett. Så vart det i staden heilt stille. Fram til no.

Stedje kyrkje i Sogndal

STEDJE KYRKJE: I fjor lyste kyrkja i Sogndal ut stillinga som sokneprest etter at Kjell Olav Høstaker Nordheim valde å flytte på seg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På denne tida i fjor vart Mikael Bruun tilsett som sokneprest i Sogndal.

Medlemmer i Bjørgvin bispedømmeråd og i Stedje sokneråd trudde det ville bli bråk.

– Vi trudde jo at folk ville google han, og kome over alle skriveria frå Nord-Noreg, seier Astrid Hove.

Ho var den gongen soknerådsleiar i Stedje, eit av fleire sokn i Sogndal.

Men ingenting skjedde. Mikael Bruun vart ein populær sokneprest.

Så kom bråket likevel, og det med renter.

Mikael Bruun, sokneprest i Sogndal.

BRÅK: Kyrkja i Sogndal trudde det ville bli bråk då dei tilsette Mikael Bruun (bilete). Så vart det i staden heilt stille. Fram til no.

Foto: Bjørn Sølsnæs / Sogn Avis

Den siste veka har synet til Bruun på kvinnelege prestar hissa på seg konfirmantforeldre, og ført til utmeldingar og krisemøte i soknerådet.

Og støvet har enno ikkje lagt seg.

Kva var det som skjedde då Mikael Bruun vart tilsett som sokneprest i Sogndal?

Og vil det nokosinne bli fred att?

Historia byrjar i mars 2019. Den førre presten skulle flytte til Askvoll, og Sogndal kyrkje lyste ut stillinga som sokneprest. Søknadsfristen var 22. april.

I utlysinga sto det at kyrkjelyden såg etter «ein som vektlegg samarbeid med dei andre tilsette i staben».

Ein av søkarane var Mikael Bruun.

Retting: den einaste søkaren var Mikael Bruun.

Kunne ikkje stille seg bak

Dei som tilset prestar i Den norske kyrkja, er bispedømmerådet. I dette tilfellet Bjørgvin bispedømmeråd, der det sit ti medlemmer.

Før dei fell ned på ei avgjerd hentar dei innspel frå eit innstillingsråd, frå tidlegare arbeidsgjevarar og frå dei lokale sokneråda, som alle har «uttalerett».

Når det berre er ein søker på jobben, pleier bispedømmerådet å vere samrøystes. Det er trass alt ingen andre kandidatar å peike på.

Det var ikkje tilfelle i fjor sommar. NRK har vore i kontakt med fleire i bispedømerådet som ikkje kunne stille seg bak Bruuns kandidatur.

Synet hans på kvinnelege prestar var kjent, og historier frå tida hans som vikarprest i Nordreisa i Troms gjorde at fleire av medlemmene stilte spørsmål ved samarbeidsevnene hans.

– La meg seie det slik ... det var lange og krevjande diskusjonar, seier Karl Johan Kirkebø, som har sete i bispedømmerådet sidan 2016.

– Eg står ikkje fritt til å uttale meg, seier Nora Baardtvedt, som sat i det same bispedømmerådet.

I fjor var ho ein av fleire teologistudentar ved VID vitskapelege høgskole i Stavanger, som tok til motmæle etter at ein professor ved den same høgskulen gav ut boka «Skal kvinnene tie? Om ordinasjon av kvinner til presteteneste».

Listetopp for Åpen folkekirke i Bergen, Karl Johan Kirkebø

KREVJANDE: – Det var lange og krevjande diskusjonar, seier Karl Johan Kirkebø. Han sat i bispedømmerådet som tilsette Mikael Bruun.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Dukka ikkje opp i ordinasjonen

Ei av historiene som bispedømmerådet hadde på bordet, handla om ordinasjonen til Julie Schjøth, den første kvinnelege presten i Nordreisa nokosinne. Sjølv om soknerådet var klare på at dei «forventa» at Bruun ville møte, dukka han aldri opp i ordinasjonen.

Til avisa Fremover forklarte han at han hadde «andre gjeremål» den dagen.

I tillegg hadde bispedømerådet fått eit brev frå fleirtalet i Stedje sokneråd. Stedje er eit av to sokn i Sogndal der Bruun i dag er tilsett (det andre er Fjærland). I brevet gjorde fleirtalet i soknerådet det klart at dei føretrekte at stillinga vart ståande ledig om Bruun var den einaste søkaren.

– Vi hadde ei anna innstilling, men vi tok han sjølvsagt godt i mot, seier soknerådsleiar i Stedje, Astrid Hove.

(Les tilsvar frå Mikael Bruun nederst i saken.)

Kjersti Brakestad Boge

KONFIDENSIELT: Kjersti Brakestad Boge var representant for prestane i Bjørgvin bispedømmeråd. Ho kan ikkje uttale seg om korleis stemmene fordelte seg.

Foto: Liv Berit Helland Gilberg / NRK

– Køyrereglane kan ikkje praktiserast

De såkalla «køyrereglane» har sidan 1978 vore brukt til å regulere forholdet der to kollegaer held på to uforlikelege posisjonar. For eksempel i synet på likekjønna ekteskap eller kor vidt kvinner kan vere prestar.

Kjersti Brakestad Boge er sokneprest i Kvinnherad. I 2019 sat ho i Bjørgvin bispedømmeråd, som representant for prestane.

Ho kan ikkje uttale seg om korleis stemmene fordelte seg, men seier at ho «sidan 2003 har halde fram at køyrereglane ikkje kan praktiserast i kollegafellesskapa i Den norske kyrkje».

I 2004 vedtok Presteforeningen (fagforeininga til norske prestar) at køyrereglane ikkje lenger skulle vere ein del av programmet deira.

Argumentet var at det ikkje går an å ri to hestar; og at den som forsøker å gjere alle til lags, ikkje gjer nokon til lags.

Denne veka forsøkte leiar i Presteforeningen, Martin Enstad, å gravlegge retningslinjene endå meir: «Det er uakseptabelt om kvinners arbeidsmiljø forringes av mannlege kollegaers praktisering av sitt teologiske syn», skrev han.

Oddny Miljeteig og statuen «Dansk pike»

PROVOSERANDE: – Denne saka gjer at det rykker i mine nedarva feministiske genar, seier Oddny Irene Miljeteig.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Det er unødig provoserande

– Denne saka gjer at det rykker i mine nedarva feministiske genar, seier Oddny Irene Miljeteig. SV-profilen er nyvald medlem i Bjørgvin bispedømmeråd og var ikkje med på å tilsette Mikael Bruun.

– Eg kunne ønske han kunne gi seg. Det er ikkje nødvendig å proklamere synet på den måten han gjer. Det er unødig provoserande om vi skal ha nokolunde kyrkjefred.

Tanken er fri. Men kva om tanken går på arbeidsmiljøet laus? Spørsmålet har ridd Den norske kyrkja sidan Ingrid Bjerkås vart ordinert som Noregs første kvinnelege prest i 1961.

– Like viktig som alter- og nattverdsfellesskapen er alle dei små uttrykka for mikroaggresjon i kvardagen, seier Kjersti Boge.

Ho meiner saka er eit spørsmål om diskresjon, omsyn og smidigheit. Ikkje ytringsfridom.

– Brev som går ut til alle prestar og som startar med «kjære brør». Det er alle desse små tinga som tærer på i lengda.

Olav Fykse Tveit, January 2020

SKAL SAMARBEIDE: – Det er forventa av alle at dei tilsette samarbeider med kvarandre innanfor kyrkjas lære og ordningar, seier Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja.

Foto: Albin Hillert / Kirkenes Verdensråd

– Forventa av alle at dei tilsette samarbeider

Olav Fykse Tveit er preses i Den norske kyrkja, som betyr at han er sjef for biskopane.

Han fortel at han har lært to ting den siste veka. For det fyrste har han «sett at det er nødvendig å kommunisere tydeleg at Den norske kyrkja har eitt offisielt syn på at kvinner og menn er likestilt».

Den andre lærdommen går på høgda under taket:

– Det er forventa av alle at dei tilsette samarbeider med kvarandre innanfor kyrkjas lære og ordningar. Å delta i gudstenester som overordna ber deg om å delta i, er difor eit ansvar for alle prestar. Men det er ikkje meiningstvang.