Hopp til innhold

Påskegudstenesta har fått «long covid»

Deltakinga i norske gudstenester er tilbake på «normalt» nivå etter pandemien. Med eitt unntak: påskegudstenesta.

Giske kyrkje

BØTT ER BRØDEN, DØD ER DØDEN: – Problemet er at påska har blitt meir fjell, sjø, appelsin og Kvikk-lunsj enn årets viktigaste kristne høgtid, seier Vebjørn Selbekk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Nye tal frå SSB viser at påskegudstenesta ikkje har stått opp att etter pandemien.

– Deltakinga i gudstenester er på veg opp igjen, men når det gjeld påskegudstenestene er trenden motsett, seier Andreas Østhus i Statistisk sentralbyrå.

I fjor var det 4000 færre som deltok på påskegudstenester i Noreg samanlikna med 2022, og i år er det venta at trenden fortset.

Tala peikar på at vi må snakke fram påskegudstenestene. Dei er svært sterke og meiningsfulle, ikkje mindre i ei tid der vi møter dei store spørsmål om liv og død på så mange vis, seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

I år feirar han påske i Kautokeino.

Der er påska ein stor fest i kyrkja, men også folkefest. Kanskje vil eg oppleve noko anna enn fallande tal der.

Jesu korsfestelse

Jesu korsfesting av den italienske målaren Giotto (1267-1337).

Foto: Public domain

Direktør Ingrid Vad Nilsen i Kyrkjerådet trur «long covid»-effekten kan ha samanheng med at påskehøgtida er meir «konjunkturutsett» enn jula.

Dei norske koronarestriksjonane blei innførte utan store gnissingar, men da påskegudstenesta blei avlyst for første og andre gong sidan Svartedauden var det fleire som reiste bust.

Les også Prestar meiner regjeringa snakkar for mykje om hytta

Leiligheter og hytter ved Skarsnuten i Hemsedal

Frustrasjonen toppa seg i eit «påskeopprop» i Vårt Land: «Det har vore frustrerande at vi fekk stå i kø i skiheisen eller framfor polet, men ikkje samlast med avstand til gudsteneste», heitte det i presteoppropet.

Til samanlikning prioriterte Danmark og Skottland å ha opne kyrkjer i påska.

 Spørjetimen i Stortinget
Terje Bendiksby / NTB

Kjersti Toppe, livssynsminister

– Eg deler oppfatninga om at trus- og livssynssamfunna blei for hardt regulerte under delar av pandemien. Om dette er årsaka til fallande deltaking på gudstenester nå, er vanskeleg å vite. Så er eg imponert over dei ulike kyrkjelydane sitt arbeid med å arrangere påskegudstenester, konsertar og andre møtepunkt.

Sunniva Gylver er prest i den norske kyrkje.
Privat

Sunniva Gylver, prest

– Vi burde stått tydelegare opp for betydninga av å halde oppe gudstenester under pandemien. Viss ikkje vi som kyrkje viser at dette er livsviktig, kan vi ikkje rekne med at andre skjønner det.

Gard SandakerNielsen
Siv Sandvik

Gard Sandaker-Nielsen, leiar i Open folkekyrkje og Oslo bispedømmeråd

– Skulle vi komme i ein liknande pandemisituasjon, forventar eg at kyrkja ikkje blir pålagd strengare restriksjonar enn kommersielle aktørar som klesbutikkar og vinmonopolet. Så gjeld det å vere der folk er. Det betyr at vi må vurdere å legge til rette for at fleire får oppleve kyrkjepåske der dei er, for eksempel i skiløypa.

Vebjørn Selbekk
Robert Rønning / Robert Rønning NRK

Vebjørn Selbekk, Dagen-redaktør

– Eg meiner det er eit blindspor å skulde på utanforliggande faktorar. Det er norske protestantiske kristne sitt eige ansvar at kyrkjebesøket går ned i påska. Problemet er at påska har blitt meir fjell, sjø, appelsin og Kvikk-lunsj enn årets viktigaste kristne høgtid, som den jo eigentleg er.

Stortingets spørjetime
Ole BergRusten / NTB

Olaug Bollestad, KrF-leiar

– Eg er personleg så ferdig med korona nå at eg ikkje vil legge noko form for skuld på departementet eller direktoratet. Eg håpar alle får ei trygg og god påskefeiring, og at dei som er interesserte, om enn det berre er ein smule, kan ta del i påskegudstenestene, enten det er i Den norske kyrkja eller andre kristne trussamfunn.

Marius Timmann Mjaaland
A. Tufte Wetherilt

Marius Timmann Mjaaland, professor ved Teologisk Fakultet (UiO)

– Det er ikkje uventa at det er vanskeleg å samle mange menneske til påske, det ligg eit djupare alvor over hendingane i påska, men også ei djupare glede. Mysteriet i påska er sterkare, men også meir utfordrande å ta inn over seg. Det blir litt som ein krevjande film, som loddar høgdene og djupnene i livet. Golgata er liksom urmanuskriptet for alle filmar frå Hollywood, berre lenge før Hollywood.

Vi får lage eit godt opplegg for dei som kjem

Eg trur ikkje pandemien aleine kan ta skulda for at påskegudstenestene ikkje lenger er så godt besøkte, seier Hilde Marie Movafagh, som er rektor ved Metodistkirkens teologiske seminar.

Ho meiner det er for tidleg å fastslå at påskegudstenesta er varig svekt som følge av pandemien, og at dalande oppmøte på påskegudstenesta «har vore ein lang tendens over fleire tiår».

  • Sjå fleire reaksjonar på det nye «påskemysteriet» under.
Vidar Bjotveit
Hallstein Dvergsdal

Vidar Bjotveit, prest i Gloppen

– Eg trur det er samansette grunnar til nedgangen. Pandemien kan ha litt av skulda. Men det er ikkje berre i påska vi har nedgang. I påskehøgtida misser vi folk til toppturar og familiehygge. Og som resten av året er sekken av sekularisering open.

Rigmor Frøyen
Privat

Rigmor Frøyen, prest i Naustdal

– Dei som til vanleg går i kyrkja vågar kanskje ikkje å invitere andre til å bli med? Her er eit stor potensial. Som prest lever eg i dette spennet – ei kjensle av at vi tilbyr ei «vare» som mange ikkje vil ha. På same tid treng eg å halde fast på at påskebodskapen er sentrum i den kristne trua. Vi som kjem i kyrkja treng å bli oppmuntra, ikkje bli møtt med orda «vi skulle vore fleire».

Olav Fykse Tveit
Gunnar Bratthammer / NRK

Olav Fykse Tveit, preses og biskop for Nidaros domprosti

– Påska vert markert og feira på mange måtar. Nokon kjem berre innom ei open kyrkje. Eller har ulike opplevingar som ikkje alle tel på same vis: Frå påskekonsertar, påskesamlingar for barnehagar og skular, til korsvandringa, fjellkapell-samlingar, og gudstenester på dei ulike helgedagane og påskenatt. Eg trur mange får med seg noko av det, men kanskje ikkje så mykje som før.

biskop ragnhild jepsen i bergen domkyrkje bak nokon som tar bilde
Valentina Baisotti

Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin

– Påskehøgtida er kyrkja si store høgtid, og talet på gudstenester og samlingar i kyrkjene over heile landet er høgt. Vi ynskjer å nå menneske der dei er. Difor må vi også samtale godt om korleis vi arbeider for å oppnå det. Men framfor alt er vi glade for alle som kjem til kyrkje gjennom høgtida – til samlingar av høg kvalitet og med ulikt preg.

Paul Erik Wirgenes
NRK

Paul Erik Wirgenes, sokneprest i Ris

– Vanar blei endra gjennom koronatida, men vi har for lite talgrunnlag til å vurdere om nedgangen er varig. Sjølv trur eg at det vil ta tid før nye vanar er etablerte. Det er ei utfordring for kyrkja å både kommunisere og gjennomføre påskefeiringa som den sentrale høgtida til kyrkja.

Tore Myklebust
DNK

Tore Myklebust, sokneprest i Breim og Hyen

– Vi kan ikkje skulde berre på pandemien. Den har sikkert til ei viss grad berre forsterka ein langvarig trend til mindre engasjement. Elles blir det spennande å sjå. Lokalt i kyrkja i Gloppen var det god oppslutning om arrangementa palmesøndag. Full kyrkje i Sandane kyrkje. I høve staden godt frammøte på Hestenesøyra og også på Galerikvelden i Vereide kyrkje.

Ingvald Andersen Frøyen
PerIvar Kvalsvik

Ingvald Andersen Frøyen, sokneprest i Førde

– Over eit 20 års perspektiv så ser vi at det er færre som kjem til gudsteneste enn før. Høgtidene står likevel framleis sterkt. Samtidig jobbar vi heile tida med å fornye oss med tanke på form og tidspunkt på gudstenestene våre, fordi folk har nye vanar og prioriteringar.

Kjell Olav Høstaker Nordheim
Arne Stubhaug / NRK

Kjell Olav Høstaker Nordheim, prost i Sogn prosti

– For vår del er det for tidleg å seie om påsken sine gudstenester er varig svekka, og om det har samanheng med restriksjonane. Mellom anna har ikkje nedgangen i kyrkjedeltaking ved jul – som ser ut til å vere ein omfattande trend – ikkje gjort seg gjeldande i Sogn. Vi er derfor optismiske med tanke på påsken som tek til no.

Metodistkirken
Metodistkirkens

Hilde Marie Movafagh, rektor ved Metodistkirkens teologiske seminar

– Ei stappfull kyrkje er det vi ofte vil kalle ei god gudsteneste. Men det er også ei god gudsteneste om du får ein god preiken og god tid på kyrkjekaffien, særleg for dei som har valt å vere heime i påska eller ikkje har så mange stader å reise til. Påska er lang viss nettverket er lite, og da betyr slike gudstenester mykje.

Arild Hellesøy, prost
DNK

Arild Hellesøy, prost i Hardanger og Voss prosti

– Vi får håpe at oppslutninga om påskegudstenestene kan auke gradvis og at vi snart er tilbake til nivået får koronaen, og gjerne over det! Men alt tyder på at dette vil ta tid.

Påska er den viktigaste kristne høgtida

Før jul viste medlemsundersøkinga i Den norske kyrkja «noko vekst» i deltakinga på kyrkjelege aktivitetar sidan 2021, truleg fordi pandemirestriksjonane er borte.

Andelen som oppgir å ha besøkt kyrkja minst éin gong siste 12 månader, auka frå 72 prosent i 2021 til 80 prosent i 2023.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum seier til NRK at påskeforteljinga ikkje blir mindre viktig sjølv om ho blir mindre synleg i samfunnet.

Det er ei komplisert forteljing med mykje mørke og ein veldig sterk dramaturgi. Den inneheld svik, liding, frykt og glede – og er ei forteljing der livet vinn over døden.

Ho legg til:

Den forteljinga skulle eg ønske mange fekk med seg.

Kristin Gunleiksrud Raaum - Andakten

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum seier til NRK at påskeforteljinga ikkje blir noko mindre viktig av at ho har blitt mindre synleg i samfunnet.

Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRK

Les også Folk er trøytte av klimapraten til kyrkja

Giske kyrkje