Hopp til innhold

Ap-leiar i Gloppen meiner Bjørlo rotar med reiseavstandar

– Alfred Bjørlo bør feie for eiga dør når han hevdar regjeringa rotar med fakta rundt Nordfjord sjukehus, meiner Ola Tarjei Kroken som er leiar i Gloppen Arbeidarparti.

Reisetid til sjukehuset

KARTET TIL ALFRED BJØRLO: Slik meiner Venstre sin ordførarkanditat i Eid at reisetida blir for nordfjordingane.

Foto: Inmedia

Ordførarkandidat for Venstre i Eid, Alfred Bjørlo, har laga eit kart for å vise at dei fleste innbyggjarane i Nordfjord får lengre reisetid til det næraste sjukehuset når fødeavdelinga i Eid blir lagt ned. Han seier at av omlag 30 000 menneske, får 1000 kortare og 29 000 lengre reisetid når dei må reise til Volda.

Ola Tarjei Kroken

IKKJE NØGD: Ola Tarjei Kroken meiner at Alfred Bjørlo triksar litt med tal.

Foto: NRK

No meiner Kroken at ordførarkandidaten i Eid sjølv slurvar med fakta.

– Han har produsert eit kart som skal vise talgrunnlaget for sjukehuset i Eid. Men han har ikkje teke med at mange allereie brukar sjukehuset i Førde. Det sjukehuset er ikkje eingong med på kartet som Bjørlo har laga. Det er å trikse litt sjølv, seier han.

Fødande reiser til Førde

Kroken meiner at han som gloppar har blitt brukt i ein sjukehuskamp han ikkje er ein del av.

– Ja, eg føler at han har laga kartet optimalt ut frå si side av saka. Då bør han tenkje seg om, for 70 prosent av dei fødande i Gloppen reiser allereie til sentralsjukehuset i Førde.

Han meiner at Bjørlo brukar sjukehussaka som valkampsak.

– Eg tykkjer det er oppsiktvekkande at han har fått eit slikt engasjement på så kort tid, seier Kroken.

Tykkjer det er uforståeleg

Alfred Bjørlo

UFORSTÅELEG: Alfred Bjørlo forstår ikkje kritikken frå Kroken.

Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

Alfred Bjørlo går ikkje med på at han brukar sjukehusstriden for å skaffe seg ordførarklubba i kommunen.

– Dersom ein som lokalpolitikar i Nordfjord skulle sitje musestille og ikkje meine noko, så blir det vanvittig. Dette er tida for å engasjere seg hardt på tvers av partigrenser. At det er gale at vi som politikarar engasjerer oss i den viktigaste saka for framtida i Nordfjord akkurat no, blir for meg heilt uforståeleg.

– Viser det næraste sjukehuset

Han seier at kartet viser kven som i dag har Nordfjord sjukehus som sitt næraste sjukehus reint fysisk og kven som får endringar i reisetida når fødeavdelinga blir nedlagd.

– Då er tala slik vi ser på kartet. Når det gjeld Sandane som er kommunesenteret i Gloppen, er det i dag ein halvtime reisetid til Nordfjordeid. Blir sjukehuset her nedlagd, vil deira næraste sjukehus vere Førde som er ein god time unna. På kartet har vi ikkje teke med til dømes Byrkjelo og Breim som ligg sør i kommunen, seier han.

– Ingen detaljanalyse

Bjørlo seier at kartet ikkje viser kven som faktisk brukar sjukehuset.

– Kartet går ikkje inn på noko detaljanalyse om kven som brukar det eller ikkje. Men dersom nokre i Arbeidarpartiet meiner at Nordfjord sjukehus ikkje er viktig for Gloppen, så er det overraskande. Gloppen har stått saman med resten av Nordfjordrådet om å understreke betydninga av å oppretthalde fødeavdelinga.