Men ifølgje Statens vegvesen blir køyretida blir tre gongar lenger. Helseministeren brukar opninga av Kvivsvegen som eit av argumenta for å leggje ned fødeavdelinga på Eid.
Fylkestingspolitikar for Senterpartiet, Margreta Navelsaker frå Eid, er rysta.
– Det er omlag det verste eg har høyrt til denne tid og null oversikt. Eg trur ikkje vi greier det med fly eingong.
I går vakna folk i til nyheita om at fødeavdelinga blir lagt ned i Eid. Strøm Erichsen brukte Kvivsvegen som eit argument for å sende fleire fødande til Volda.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Tre gonger lengre
Men i ei samtale med ein NRK-journalist i Bergen etter eit TV-intervju, sa ho dette om avstanden mellom Stryn og Volda etter opning av Kvivsveg.
– Det vil bli 15 minutt frå Stryn til Volda, sa ho.
Statens Vegvesen skriv derimot at den reelle reisetida er estimert til 51 minutt, altså tre gongar lenger enn kva ministeren meiner er avstanden.
– Eg vil ikkje gå inn på dette, for det er teke ut av ein samanheng, seier helseministeren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Oppteken av avstandar
Helseministeren meiner ho kjenner til reiseavstandane i Nordfjord.
– Eg har gått i detaljar på det, for eg er oppteken av at når vi gjer endringar, så skal vi vite reiseavstand og reisetid. Det blir ulik reisetid frå ulike deler av Nordfjord-regionen. Men store deler av folka vil få kortare reisetid til Volda når Kvivsvegen opnar.
Sp-politikar Navelsaker er slett ikkje einig.
– Ikkje ei sjel får kortare veg. Absolutt alle, til og med honndølene, får lengre veg. Stryningane får 19 kilometer lengre veg enn dei har i dag. Dersom ikkje veglengde er kvalitet, så veit ikkje eg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: