Mange har reagert på Helseministeren si vektlegging av opninga av Kvivsvegen då ho kom med sjukehusavgjerda på fredag. Nordfjord sjukehus mister mellom anna fødeavdelinga si.
- LES OGSÅ:
STATSSEKRETÆREN: Tord Dale held fast på at reisetida blir kortare eller den same for mange nordfjordingar.
Foto: NRKStatssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Tord Dale, seier vegopninga ikkje har vore det viktigaste. Men held fast på at avstanden vil bli kortare.
– Det er slik at hovudtyngda av dei fødande kjem frå indre Nordfjord og det er der auke i fødselstal vil komme i åra framover. Det viser tal frå SSB. Dei vil få same eller kortare reiseveg i åra framover, seier han.
Tala frå Statens Vegvesen viser at det er 45 minutt for stryningar til Eid i dag, medan det vil bli til 51 minutt til sjukehuset i Volda når Kvivsvegen opnar.
– Det vil bli lengre veg, men den er ny og fergefri. Mange vil få same eller kortare reisetid til sjukehus.
– Viktig å sikre god fagmiljø
Men verken stryningar eller honndøler tek ikkje ferje for å komme seg til sjukehuset på Nordfjordeid. Dale held fast på at mange vil få same eller kortare veg.
– Men det viktigaste var å sikre eit godt fagmiljø, at det er ein attraktiv arbeidsplass der unge og nyutdanna gynekologar ønskjer å flytte for å drive ei god fødeavdeling.
– Men kven siktar de til når de seier same eller kortare reisetid?
– Då siktar vi mellom anna til innbyggjarane i indre Nordfjord. Stryningane vil få omlag same veg som i dag, medan honndølene får kortare veg, seier han.