Hopp til innhold

Statsråden må forklare seg til Stortinget om kva som er middag

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) må forklare seg til Stortinget om kva som kvalifiserer til «middag».

Stortingssalen

TIL STORTINGET: I eit forsøk på å trenge djupare ned i den epistemologiske gåta som er «middag» må landbruksministeren forklare seg til Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

I eit forsøk på å trenge djupare ned i den epistemologiske gåta som er «middag» må landbruksminister Sandra Borch (Sp) forklare seg til Stortinget.

Bakgrunnen er at statsråden i mars proklamerte at «kjøttfri middag er ikkje middag».

Ho fekk støtte av Sp-kollega Geir Pollestad, som uttrykte at haldningsskapande nyvinningar som «kjøttfri måndag» og andre meir eller mindre innovative vegetariske konsept innanfor same sjanger var «noko jåleri».

Utsegnene fekk motstand frå krefter som ønskjer utvide middagsdefinisjonen til å omfatte fleire variantar og uttrykk.

Andre gjorde eit poeng av at det ikkje finst ein autoritativ instans med makt til å definere «middag» ein gong for alle.

Sandra Borch

I eit skriftleg spørsmål til statsråd Sandra Borch (bilete) spør stortingsrepresentant for MDG, Une Bastholm, om kjøttfri ostepai lever opp til middagsstandarden slik landbruksministeren definerer han.

Foto: William Jobling / NRK

Kan signaturretten til Kong Charles III karakteriserast som middag?

I eit skriftleg spørsmål til statsråden spør stortingsrepresentant for MDG, Une Bastholm, om kjøttfri ostepai lever opp til middagsstandarden slik landbruksministeren definerer han.

Det britiske kongehuset har valt kjøttfri ostepai som signaturrett under kroninga av Kong Charles III, og har uttalt at dei håpar å sjå denne retten på alle borda i landet på kroningsdagen 6. mai.

Førebelse rapportar seier at kroningspaien skal fyllast med spinat, bondebønner, cheddarost og estragon.

Dette i motsetning til den meir tradisjonelle paien quiche lorraine, som blir laga med bacon.

Stortingsrepresentant Bastholm gjer merksam på at oppskrifta rett nok involverer noko smult (svinefeitt), men at opptil fleire britar sikkert kan finne på å erstatte dette med anna, plantebasert feitt.

Retta til statsråden spør ho: «Kan signaturretten til Kong Charles III karakteriserast som middag, ifølgje statsråden?»

Kjøttkaker i brun saus

Dette er middag. Det skjønner alle.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Statsråden svarer ja på spørsmålet

Hovudregelen er at statsråden har seks vyrkedagar på seg til å svare på spørsmål frå Stortinget.

NRK har vore i kontakt med departementet, som svarer at dei må komme tilbake til kva som kvalifiserer som middag.

OPPDATERING: Statsråden svarer ja på spørsmålet om kjøttfri ostepai er for middag å rekne.

Statsråden må forklare seg til Stortinget om kva som er middag

Det er teikn til at statsråden svarer «ja» på spørsmålet om signaturretten til Kong Charles III kan karakteriserast som middag.

Foto: Skjermdump

Ifølgje Store norske leksikon blir «middag» rekna som dagens hovudmåltid. Typiske variantar er:

Eit varmt måltid beståande av kjøtt eller fisk

Historisk har måltidet vorte servert midt på dagen – derav namnet – men i dag et dei fleste måltidet seint på ettermiddagen eller litt utpå kvelden, etter skule og arbeid.

Artikkelen i Store norske leksikon inneheld ingen normative føringar for kva som konstituerer den moderne middagen anno 2023, men inneheld eit avsnitt om at middag i Noreg tradisjonelt har vore «eit varmt måltid beståande av kjøtt eller fisk», gjerne saman med grønsaker, potet og saus.

Dei legg til at biletet i dag er meir samansett, og at «ytre påverking» i form av trendar, globalisering og innvandring gjer at middagsmåltidet er meir variert.

Statsråden må forklare seg til Stortinget om kva som er middag

Det britiske kongehuset har valt dette som signaturrett under kroninga av Kong Charles III, og har uttalt at dei håpar å sjå denne retten på alle borda i landet på kroningsdagen 6. mai. Men er det middag?

Foto: Buckingham Palace