Hyttenaboar forskrekka etter ulukka i Tokagjelet: – Blitt åtvara mot fossen i alle år

Hyttefolk har i alle år frykta fossen i Tokagjelet. No søker redningsetatane i eit fleire kilometer langt elveområde etter dei tre sakna.

Hyttenaboer Britt-Helen Wilhelmsen og Håkon Wilhelmsen ved Tokagjelet på Kvamskogen

FORFERDELEG: Håkon Wilhelmsen har reist på hytta på Kvamskogen heilt sidan han var liten gutunge.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Det er heilt forferdeleg. Det er tragisk at sånt skal skje her i vårt hyttenabolag, seier Britt-Helen Wilhelmsen.

NRK treffer ho og mannen Håkon Wilhelmsen på kanten av Tokagjelet måndag ettermiddag.

Mannen Håkon har vore på hytte på Kvamskogen sidan han var liten gut. I alle år har han vore varsam med å nærma seg enden av Longvotnovatnet, der fossen buldrar utfor Tokagjelet.

– Me har rodd i båt på dette vatnet i alle år, frå me var så store, seier Wilhelmsen og senkar handa til like over kneet.

– Me fekk alltid beskjed: «Ikkje ro for langt ned mot Tokagjelet, der kan du bli tatt av straumen».

Dei tre sakna skal ha tatt seg over vatnet på det smalaste punktet.
Måndag blei det gjort funn av ein båt, om lag 300 meter nedanfor fossen.
Leiting etter omkomne i Tokagjelet
Båten blei funnen nokre hundre meter under den øverste fossen i Tokagjelet. Kraftig regn har gitt høg vasstand i elva, som ligg i botn av eit djupt gjel.
Frå fossen slynger elva seg 300 høgdemeter nedover Tokagjelet til øvst i Steinsdalen. Elva er stri, også nedover dalen.
Brannvesenet har observasjonspostar på alle bruer over elva. Det pågår søk i elva og i fjorden.

Blei vitne til ulukka

Sundag kveld skjedde det utenkelege. Eit familiemedlem blei vitne til at tre personar og ein hund i ein robåt blei tatt av straumen i enden av vatnet og ført mot fossen. Det var mørkt og regna kraftig.

Ifølge politiet sat dei tre framleis i båten då vitnet mista dei av syne.

Dei sakna er to vaksne menn og ei vaksen kvinne busett i Askøy kommune. Alle er norske statsborgarar.

Etter det politiet opplyser skal dei ha kryssa Longvotnovatnet etter å ha vore på ei hytte.

– Dei har pleid å kryssa dette punktet tidlegare, men denne gongen har dei uheldigvis blitt tekne av straumen og ført ned mot fossen, seier innsatsleiar Svein Valland Laupsa.

STERK STRAUM: Fossen i Tokagjelet har sterk straum.

Dramatisk stryk

Når det er lite vassføring renn Longvotnovatnet sakte mot stryket, som startar rundt hundre meter før sjølve fossefallet.

Her er det også bygd ein terskel og vassinntak i samband med den pågåande kraftutbygginga av Tokagjelet.

Men ved mykje regnvêr aukar vassmengdene i vatnet kraftig. I løpet av det siste døgnet har det kome meir enn 60 millimeter nedbør på Kvamskogen.

Alt fleire hundre meter over fossen var det måndag kraftig straum i vatnet.

Der vatnet er på det smalaste, kor det også heng eit sikkerheitstau over vatnet, var det måndag stri straum.

Etter terskelen heller elva skrått nedover i rundt 50–60 meter før vatnet dundrar utfor ein 15–20 meter høg foss.

Vidare nedover gjelet er det svært kupert, med fleire mindre fossefall og stryk. Gjelet er djupt og bratt på begge sider, noko som gjer søks- og redningsarbeidet vanskeleg.

Tokagjelet

STRYK: Ned dette stryket forsvann båten med dei tre personane seint sundag kveld. Dei tre skulle ta seg over vatnet lenger oppe.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fleire ulukker i Tokagjelet

Måndag ettermiddag held søket fram i Tokagjelet, langs Steinsdalselva og i Hardangerfjorden. Søket går føre seg langs eit elveområdet som strekker seg 8–9 kilometer frå fossen i Tokagjelet til fjordbassenget i Norheimsund.

Politiet omtalar det enno som ein redningsaksjon.

Opp gjennom åra har det vore fleire ulukker i det bratte Tokagjelet. Sist helg måtte to personar reddast opp av gjelet etter at dei ramla utfor muren.

Historisk har hyttefolk og bønder gått over osen, like før stryket, når det har vore tørt og lite vatn.

Ulukka pregar no hyttefolket på Kvamskogen. Ekteparet Wilhelmsen tenker på familiane til dei sakna.

– Dette er jo folk som har drive og rodd over her i alle år. Dette var den raskaste vegen over, og det er langt å gå rundt, konstaterer Håkon Wilhelmsen.

– Det er noko me kjem til å tenka på kvar gong me er her oppe, fortel kona Britt-Helen.

Redningsfolk Tokagjelet

KREVJANDE FORHOLD: Redningsmannskap tek seg ned til fossen måndag føremiddag. Søksområdet frå fjellvatnet til fjorden strekkjer seg no opp mot éi mil.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK