Går over til søk etter antatt omkomne personar

Redningsmannskap trur tre personar er tatt av straumen i Tokagjelet i Hardanger. Dykkarar leitar i vatnet nedanfor gjelet. Det blir no leita etter antatt omkomne.

Dykkarar i Movatnet

DYKKARAR: Dykkarar leitar no i Movatnet nedanfor Tokagjelet. Der har hundar markert tidlegare i dag.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

  • Det er ikkje lenger ein redningsaksjon som føregår i Kvam. No blir det søkt etter antatt omkomne personar.
  • Hundar har markert i Movatnet, nedanfor Tokagjelet. Dykkarar frå Bergen leitar i vatnet.
  • Redningsgruppa har funne ein grøn båt og årer som dei knyter til hendinga. Nær båten har redningsetatane også funne klesplagg.
  • Ei kvinne og to menn er framleis sakna.
  • Dei tre personane er frå Askøy, og kommunen har sett krisestab.

– Ei vurderingsgruppe har vurdert det som lite sannsynleg eller ikkje sannsynleg at nokon av desse tre blir funne i live, seier politiet sin innsatsleiar, Svein Valland Laupsa, klokka 21.

Leitinga etter dei tre er difor også formelt nedskalert.

– Det er ikkje ein redningsaksjon. No har me gått over til søk etter antatt omkomne personar, seier Laupsa.

Aksjonen har vore krevjande, opplyser innsatsleiaren. Tidlegare måndag var det litt lågare vassføring i elva det har blitt leita i. På ettermiddagen gjekk vasstanden opp att.

I natt blir leiteaksjonen nedskalert, og talet ressursar kjem til å bli redusert.

– Både for å vareta tryggleiken til leitemannskapa, men og fordi det har gått ei god stund sidan dei sist blei sett, i går kveld, seier Laupsa.

I morgon blir det vurdert kor mykje ressursar som skal setjast inn att i leitinga.

Har funne båt og klede – leitar i vatn

Politiet bekreftar at det er gjort funn av gjenstandar i fossen øvst i Tokagjelet. Det dreiar seg om klesplagg, årer og ein båt opplyser innsatsleiar Svein Valland Laupsa måndag ettermiddag.

Hundar frå Norske redningshundar har også markert i Movatnet, vatnet som ligg nedst i dalen som Tokagjelet leier ned i.

– No ventar me på dykkarar frå Bergen brannvesen som skal undersøkja nærare, sa Laupsa klokka 18.

Dykkarane var på plass kring 19.45.

– Deil vil halda på så lenge det er nødvendig. So vil dei avslutta sitt arbeid når dei har gjort det dei skal gjera, sa Laupsa klokka 21.

VATNET: Movatnet ligg nedst i Steinsdalen, og renn ut i fjorden i Norheimsund. Det er kring 350 meter høgdeforskjell frå der elva renn ut over fossen i Tokagjelet og ned til vatnet. Dykkarar er på veg for å undersøkja der hundar har markert.

Vakthavande i Kvam brann- og redningsteneste, Atle Barane, stadfesta klokka 17 at den funne båten har same farge som båten dei leita etter. Han opplyser også at klesplagga vart funne 75 meter lenger oppe i elva enn der den grøne båten ligg.

– Klesplagget blei funne ved bruk av drone. Det er utfordrande terreng, og vanskeleg å henta desse opp. Det er eit svært krevjande område å søka i, seier innsatsleiar Laupsa.

I 17-tida vart fv. 49 stengt. Naudetatane senka ei korg ned i gjuvet frå ein kranbil.

– Det er eit punkt der me vil sjekka, sa vaktkommandør Helge Lund i 110-sentralen.

Punktet skal vera der fleire av gjenstandane vart funne tidlegare måndag. Det blei også søkt i nærleiken der korga vart firt ned.

– Me håpar også at me kan finna dei sakna med kranen, sa Laupsa på pressebriefen 18.00.

Vegen er no opna att.

SISTE NYTT: Politiet haldt pressebrief 21.00.

Tre framleis sakna

Ei kvinne, to menn og ein hund er framleis sakna. Dei var på veg til ei hytte på andre sida av Langvotnevatnet i ein liten båt, ifølgje politiet. Dei tre er sjø- og fjellvande, og har brukt å krysse elva på punktet.

– Den gongen her har dei uheldigvis blitt tatt av straumen og blitt ført ned mot straumen, seier Laupsa.

Dei er vaksne, og har ein relasjon til dei kvarandre.

Den siste observasjonen av dei tre var i går kveld, då dei blei sett drivande med straumen. Dei tre personane høyrer til i Askøy kommune utanfor Bergen.

Store leitemannskap i sving

Opp mot 50 personar har søkt etter dei sakna i natt og gjennom måndagen. Ved pressebriefen klokka 21 sa politiet at det ikkje lenger er ein redningsaksjon.

Redningsfolk Tokagjelet

REDNINGSFOLK: Ein alpin redningsgruppe jobbar i terrenget mellom riksvegen og fossen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Redningsgruppene har leita frå den siste plassen båten blei observert og mange kilometer ned i elva.

Det har vore krevjande leitetilhøve med store nedbørsmengder, vind og tåke. Det har ikkje vore mogeleg å leite med helikopter på grunn av tåka.

Tokagjelet i Hardanger.

BRATT: Sjølve fossefallet utfor kanten er rundt 15 meter.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Krevjande leitetilhøve

Politiet fekk melding om ulukka via AMK klokka 21.33 søndag kveld.

Augevitnet som ringde inn, frykta at dei tre var tatt av den kraftige straumen i Tokagjelselva på austsida av Langvotnevatnet på Kvamskogen.

Meldar har ein relasjon til dei sakna personane.

Vassføringa i elva er svært stor, og båten dei tre sat i skal ha vore ført med straumen mot ein demning og ein høg foss.

Sjølve fossefallet utfor kanten er rundt 15 meter, men det er mange mindre stryk og fall nedover elva. Det er vel 350 meter i høgdeforskjell frå fossen i Tokagjelet og ned til Norheimsund, der elva renn ut i fjorden.

6LUdTjUXO48

ELV: Det har vore stor vassføring i elva den siste tida.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Klatrar sjekka botn av fossen

Vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen Vest fortel til NRK at store mannskap er i aksjon i området.

Det gjeld både klatrarar, dykkarar, redningshundar, Røde Kors og Kvam brann- og redning.

– Vi har hatt ein mann frå klatregruppa på toppen av demninga. Han har fira seg ned til botnen av fossen for å sjå om han kunne observere noko der. Det er funne ei åre i elva, seier Drotningsvik.

Redningsaksjon Kvam

SØKER: Mannskap frå fleire redningsetatar er søndag kveld sett i søk langs elva.

Foto: Sigbjørn Linga / Hordaland Folkeblad

Ber private halde seg unna

I samband med den pågåande aksjonen ber politiet om at privatpersonar som ikkje er ein del av aksjonen, ikkje oppsøker eller rører seg i området langs elva/vatnet.

– Vi veit at det er privatpersonar som ut frå dei beste hensiktene vil vere med og leite, og har vore i området for å sjå. Det er desse personane politiet ber la vere, fordi vi ikkje ønskjer å miste fleire personar i området, seier Drotningsvik.

Også innsatsleiar understrekar dette.

– Det regner, og er mykje vatn i elva. Sivile personar må halde seg vekke. Det er farleg.

 Tokagjelet i Hardanger

SØK: Leiteaksjonen går føre seg langs elva som leder til Norheimsund i Hardanger. Hundar og båtar er ute. Ein drone er også sett inn i søket.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Såg båt i straumen

– Alle naudetatane rykte ut mot staden og Hovudredningssentralen for Sør-Noreg blei umiddelbart varsla. Frivillige mannskap er kalla ut og på veg mot staden, opplyste politiet i ei pressemelding klokka 23.15.

Eit augevitne såg robåten bli teken av straumen, og ført nedover mot demninga og Tokagjelselva.

Vitnet sprang etter båten så langt det let seg gjera. Dei tre personane var i båten så lenge vitnet hadde auga på dei.

Redningsmannskap fryktar at tre menneske er tatt av straumen i Tokagjelet i Hardanger. Det er gjort funn av ei åre i den flaumstore elva.

TEKEN AV STRAUMEN: Eit augevitne såg robåten bli teken av straumen, og ført nedover mot demninga og Tokagjelselva. Rundt 50 personar deltar i søket etter dei sakna.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

PRESSEKONFERANSE: Sjå pressekonferansen med siste nytt frå leiteaksjonen klokka sju måndag morgon her.

VATNET: Movatnet ligg nedst i Steinsdalen, og renn ut i fjorden i Norheimsund. Det er kring 350 meter høgdeforskjell frå der elva renn ut over fossen i Tokagjelet og ned til vatnet. Dykkarar er på veg for å undersøkja der hundar har markert.