Hopp til innhold

Grunneigarane i Myklebustdalen tapte for Statnett

Arbeidet med kraftlinja gjennom Myklebustdalen får halde fram, det har Gulating lagmannsrett bestemt.

Myklebustdalen

FÅR HALDE FRAM: Dommen frå Gulating lagmannsrett endrar ingenting for Statnett, dei jobbar vidare i Myklebustdalen.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Grunneigarane i Myklebustdalen nådde ikkje fram med kravet sitt om å stoppe Statnett sitt arbeid i Myklebustdalen. I ein dom frå 27. april gir ikkje Gulating lagmannsrett dei medhald i kravet.

– Som følgje av vedtaket kan Statnett halde fram arbeidet i Myklebustdalen, seier Martha Hagerup Nilson som er kommunikasjonssjef for region midt i Statnett.

I 2009 fekk Statnett løyve til å bygge ei ny 420 kV kraftlinje frå Ørskog til Fardal i Sogn. Tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe bestemte at linja skulle gå gjennom Myklebustdalen.

Statnett startet bygginga, etter at namsmannen i Bremanger ga dei tilgang.

Olje og energidepartementet heldt fast på at konsesjonsvedtaket frå 2011 var gyldig. Dermed skulle Namsmannen avgjere om Statnett kunne ta opp att arbeidet. Men det aksepterte ikkje grunneigarane og klaga til Fjordane tingrett.

Fjordane tingrett bestemte at Namsmannen skulle ta stilling til om Statnett skulle få tilgang til dalen eller ikkje. Namsmannen gav Statnett tilgang til Myklebustdalen, men ikkje Sørdalen.

– Saka medfører inga endring, situasjonen blir den same, seier Hagerup Nilson.

Statnett har framleis ikkje tilgang til Sørdalen etter at grunneigarane vann fram i Fjordane tingrett.

Advokatane til grunneigarane har ikkje vore tilgjengelege for kommentar. Men grunneigarane har anka saka til Høgsterett.