Køyrde inn i steinblokk som fall ned i Fjærlandstunnelen: – Me hoppa ein meter med bilen

Ingen vart skadd då ei steinblokk fall ned frå veggen i Fjærlandstunnelen på rv. 5 mellom Sunnfjord og Sogndal.

Fjærlandstunnelen

STEIN FRÅ VEGGEN: Ein stein på om lag ein meter i diameter har falle frå veggen av Fjærlandstunnelen på rv. 5 mellom Sunnfjord og Sogndal.

Foto: Jo Marius Bøym

Eg skjønte ikkje kva eg hadde køyrt på, men eg skjønte det var noko hardt, seier Bjørn Ivar Jensen.

Fredag kveld skulle han og kona ta seg ein kosetur frå hytta på Dokka, og til Vestlandet.

– Me hadde ein koseleg tur, til det small.

Jensen køyrde nemleg på ein stein på om lag ein meter i diameter inne i Fjærlandstunnelen på rv. 5 mellom Sogndal og Sunnfjord.

I tunnelen var det dårleg lys som blinka, og Jensen seier han blenda ned då han møtte ein lastebil like før han køyrde på steinen.

– Me hoppa ein meter eller to med bilen. Det fyrste eg tenkte var «faen i helvete, no rauk bilen vår», seier Jensen, som er utdanna mekanikar.

Bilen har no skadar i bakstillinga. Bilen som kom bak Jensen greidde akkurat å ikkje køyra på steinen. Politiet meldte fyrst at dei to bilane kolliderte. Det stemmer ikkje.

Bjørn Ivar Jensen sin bil etter å ha køyrd på stein i Fjørlandstunnelen

SMELL: Bakdekket på bilen til Bjørn Ivar Jensen står i ein unaturleg posisjon.

Foto: Jo Marius Bøym

Kika opp på hol i tunnelveggen

Etter ulukka kikka Jensen rett opp i eit hol på vel ein meters omkrets i tunnelveggen.

Jensen har køyrd bil sidan 70-talet, men aldri opplevd noko liknande før.

– Eg har aldri vore redd for å køyra i tunnelar, men ein byrjar å tenkja når noko sånt skjer.

Skapar straumbrot og kø

Entreprenør er inne i tunnelen, og politiet melder at det er mindre materielle skadar.

– Det er heilt mørkt i tunnelen per no, sa Knappen like etter nedfallet.

Steinen skal truleg ha ført til straumbrot i tunnelen. BKK er på staden for å sørgja for at lyset kjem tilbake i tunnelen.

Tunnelen er stengt.

– Det er uvisst om me kan opna i kveld eller ikkje, seier trafikkoperatør Stian Rosnes hjå Vegtrafikksentralen vest.

Politifyrstebetjent Øyvind Førde på staden opplyser at entreprenør er inne i tunnelen og ryddar no, og at tunnelen vil vere stengd i minst tre timar.

Førde seier at han ikkje har kjennskap til om det er kalla inn geolog for å vurdera skadane.

Ras i Fjærlandtunnelen

STENGT: Politifyrstebetent Øyvind Førde rykka ut til nordenden av tunnelen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Steinnedfall to dagar på rad

I går fall ein stein ned frå taket av Trodaltunnelen på E39 i Masfjorden. Då vart bilen til Grzegorz (41) smadra. Eit vitne omtala det som om at han hadde «englevakt».

Vegvesenet inspiserte Trodaltunnelen tre dagar før nedfallet.

– Geologi ikkje er ein eksakt vitskap. Fjell er eit materiale som er i bevegelse, så sjølv om det er inspisert og sikra, så kan det likevel vere laust materiale nokre stader som kan falle ned, sa avdelingsdirektør i Statens vegvesen Drift og vedlikehald vest, Svenn Finden til NRK etter ulukka på E39.

Vegvesenet beklaga ulukka sterkt.

Steinnedfall Fjærlandstunnelen

STENGT: Tunnelen er førebels stengt.

Foto: Jo Marius Bøym

Ved 2-tida i natt melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna att.