Torsdag ettermiddag fall ein stein ned frå taket i Trodaltunnelen på E39 i Masfjorden. Ein personbil blei fullstendig knust og ein annan punkterte etter å ha køyrd inn i steinen.
Utruleg nok blei ingen skadde.
– Sjåføren hadde englevakt, det er snakk om millisekundar og millimeter, sa eit vitne til NRK.
I mange timar var hovudfartsåra mellom Bergen og Ålesund stengd. Etter å ha inspisert den 848 meter lange tunnelen på ny, opna Vegtrafikksentralen tunnelane som blei stengde.
KNUST: Taket på personbilen blei knust av den eitt tonn tunge steinen. Føraren av bilen, ein mann i 40-åra, kom uskadd frå ulukka.
Foto: NRK-tipsarNyleg gått gjennom oppgradering
Ulukkestunnelen, bygd i 1986, er blant mange som dei siste åra har vore gjennom oppgraderingar på E39. I 2018 blei anbodet lyst ut.
Kontrakten på over hundre millionar kroner innebar oppgradering av elektriske og styringstekniske installasjonar, anlegg og byggteknikk, samt trafikkavvikling under arbeidsperioden.
Seinaste i juni/juli var det inspeksjon i tunnelen.
Statens vegvesen beklagar no på det sterkaste steinnedfallet i Trodaltunnelen på E39 torsdag.
– Det viktigaste er menneskeliv ikkje gjekk tapt, og det er vi glade for, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen Drift og vedlikehold region vest.
LANGE KØAR: Vitne NRK snakka med omtalte situasjonen som kaotisk etter at steinen fall ned inne i tunnelen.
Foto: TipsarInspiserte tre dagar før
Det blir utført inspeksjonar i tunnelane kvart halvår. Siste inspeksjon vart sluttført berre tre dagar før hendinga.
Tunnelen har i tillegg gjennomgått ei stor oppgradering som starta i 2019 og vart avslutta i 2020.
Ifølge Finden vil inspeksjonar vanlegvis avdekke laust materiale i tunnelane, men ikkje alltid.
– Geologi ikkje er ein eksakt vitenskap. Fjell er eit materiale som er i bevegelse, så sjølv om det er inspisert og sikra, så kan det likevel vere laust materiale nokre stader som kan falle ned, seier Finden til NRK.
ALVORLEG: Ein bil vert smadra etter ulykka.
Foto: Therese Pisani / NRKStatens vegvesen understrekar nok ein gong at dei er lei seg for det som har skjedd.
– Alle alvorlege hendingar gjer at går vi igjennom inspeksjon og rutinar for å sjå om det er noko vi kan gjere annleis for å gjere vegen sikrare, legg Finden til.
Statens vegvesen understrekar at våre vegar er trygge og framkomelege for våre bilistar så lenge dei er opne, heiter det i pressemeldinga.