Hopp til innhold

Grzegorz var millimeter unna den sikre død: – Har fått eit nytt liv

41-åringen skulle til Flesland for å henta to av borna sine. Så smadra tunneltaket bilen. Grzegorz Mazur er sikker på at han hadde englevakt.

Ein stein frå Trodaltunnelen knuste bil til Grzegorz Mazur

PERSPEKTIV: Grzegorz Mazur fortel at han har fått eit nytt perspektiv på livet etter ulukka.

Foto: Montasje / NRK

– Eg har fått eit nytt liv, ein slags ny sjanse i livet, seier Grzegorz Mazur.

Då han køyrde mellom Sunnfjord og Bergen i går, rasa plutseleg ein eitt tonn tung stein frå tunneltaket inne i Trodaltunnelen i Masfjorden.

Bilen vart heilt smadra, og store delar av taket knust. Så godt som berre taket over førarplassen vart ikkje treft.

41-åringen trudde ei lampe hadde falle frå taket. Like etter kjende han ei rar lukt. Så såg han bak seg, på det gapande holet i bilen.

– Eg skalv på hendene, men det var ikkje tida for å få panikk, seier Mazur.

Trodaltunnelen

Hadde det vore nokon i baksetet på bilen, hadde dei ikkje overlevd.

Foto: Therese Pisani / NRK
Trodaltunnelen

Bilen vart heilt smadra, og store delar av taket knust.

Foto: Therese Pisani / NRK
Gregorz Mazur sin bil med ny medpassasjer, stein.

Gregorz Mazur fekk brått ein ny medpassasjer då han køyrde gjennom Trodaltunnelen.

Foto: Privat
Bil skadd av stein i Trodaltunnelen

Grzegorz Mazur trudde ei lampe hadde falle frå taket.

Foto: Therese Pisani / NRK

Køyrde sjølv ut av tunnelen

Mazur ville ikkje stoppa i tunnelen, og køyrde difor ut på andre sida før han stoppa bilen. Han anslår at han kan ha køyrd om lag 300 meter.

Han skryt av dei fyrste andre som var på staden.

– Det var kjempesnille folk. Dei hjelpte meg med å koma til meg sjølv. Det er eg glad for, seier Mazur.

– Hadde du englevakt?

– Ja. Eg er katolikk og trur på Gud.

Skulle henta borna

Mazur var på veg til Flesland lufthamn for å henta borna Karolina (19) og Jakub (14). Dei hadde kome frå Polen, og skulle testa seg for korona då mor deira ringde.

– Ho sa me ikkje trong å stressa med tida, men at det gjekk bra med pappa etter ulukka, seier Karolina Mazur.

Då ho såg bilete av bilen, fekk ho lyst til å grina.

– Men eg tenkte eg måtte visa at eg var litt sterk, og ikkje grina framfor veslebror min. Etterpå gjekk eg på do og grein, seier Karolina.

Karolina Mazur (19), Martina (16) og Jakub (14)-

GLAD: Borna t.v. Karolina (19), Martina (16) og yngstemann Jakub (14) er alle glad pappa kom heim uskadd.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Sjekka heile tida tunnelane på veg heim

Ein ven av familien tilbydde seg å henta Jakub og Karolina. Trass det som hendte, ville Grzegorz gjera det sjølv.

På E39 mellom Førde og Bergen er det mange tunnelar.

– Eg såg heile tida og sjekka taket i tunnelane, sidan eg hadde familien med meg, seier Grzegorz.

– Kvar gong me køyrde inn i tunnelen fekk eg eit sug i magen, og fleire gongar ei tåre i augekroken, seier Karolina.

Dottera Martina (16) var ikkje med frå Sunnfjord for å henta syskena. Ein av steinane som trefte bilen hamna i passasjersetet.

– Det er betre å ikkje tenkja på kva som kunne skjedd viss eg hadde hatt nokon i familien med meg då ulukka hende, seier Grzegorz.

Vil vera meir med familien

– Kva skal du bruka det nye livet ditt til?

– Eg skal definitivt bruka meir tid med familien, og ikkje vera så mykje på jobb og ute, seier Grzegorz.

Dottera Karolina meiner familien har fått eit nytt perspektiv på livet etter ulukka.

– Me burde sjå meir etter kvarandre, og ta betre var på kvarandre. Ingen veit kva som kan skje ein dag. Alt er midlertidig, seier ho.

Grzegorz Mazur saman med ungane Martina (16), Jakub (14) og Karolina (19)

TENKE: Grzegorz vil ikkje tenkje på kva som kunne ha skjedd om familien var med han i bilen.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK