Hopp til innhold

Stein fall frå tunneltak og smadra bil på E39: – Sjåføren hadde englevakt

Ein eitt tonn tung stein har smadra ein personbil på E39. Hovudvegen mellom Ålesund og Bergen opna seinare same kveld.

Bil fekk stein på taket i Trodaltunnelen

TREFTE: Bilen som fekk steinen på eit tonn i taket, har fått store skadar.

Foto: NRK-tipsar

– Sjåføren hadde englevakt, det er snakk om millisekundar og millimeter.

Det seier eit vitne til NRK etter ulukka som hende i Trodaltunnelen på E39 mellom Bergen og Førde like før klokka 14.

Ho og familien vart stoppa på veg inn i tunnelen av ein bil som kom ryggande ut etter raset, og såg ikkje sjølv hendinga.

Inne i tunnelen stod ein smadra bil. Den hadde fått ein stein på om lag eitt tonn i taket.

Mannen i 40-åra som køyrde den smadra bilen er ikkje skadd. Ein annan bil punkterte då han køyrde inn i steinnedfallet bak den personbilen.

Var i sjokk

– Hadde dette vore vår bil, så hadde eg og søstera mi vore drepen no. Eg blir skikkeleg kvalm når eg tenkjer på det, seier vitnet.

Ho fortel at stemminga blant folka på staden var sterkt prega og alle var i sjokk.

– Vi tok vare på og trøysta kvarandre. Det var også ei dame som delte ut is, seier vitnet.

Ho skildrar det som vanskeleg å sjå vekk frå den smadra bilen, og ein sjåfør i sjokk.

– Eg og søstera mi er blitt litt redde for å køyre gjennom tunnelar no.

Stengd til utpå kvelden

Eit reinskelag var torsdags kveld inne i tunnelen og jobba med å få ut steinen. Dei sjekka også om det er noko meir som var laust.

– Den er såpass stor at den mest truleg må sprengjast, seier trafikkoperatør Tor Evensen ved vegtrafikksentralen.

Trodaltunnelen på E39 ved Matre i Masfjorden, og er ein av dei mest trafikkerte vegstrekningane på Vestlandet, mellom Bergen og Ålesund.

I tillegg vart to andre tunnelar, Matrebergtunnelen og Masfjordtunnelen stengde for å hindre trafikkaos inne i tunnelane.

Halv ni same kveld opna tunnelane igjen.

Lange køar på E39 i Masfjorden etter stein fall ned frå taket på trodalstunnelen

KAOS: Stenginga av tunnelen har ført til kaos på hovudvegen mellom Ålesund og Bergen.

Foto: Tipsar

Opna heimane sine

Vegvesenet sende trafikkdirigentar til staden for å handtere køane og dirigere bilane til omkøyringsvegane lenger ute på kysten.

Dette førte til lange køar for å ta kabelferja på sambandet Duesund-Masfjordnes.

NRK har fått tips om at folk på ferjekaia på Masfjordnes opnar heimane sine slik at folk i køen kan gå på do.

Lokalbutikken på ferjekaia held også ope lenger slik at folk kan få seg mat og drikke.

– Veldig mange har kome innom. Det er berre hyggeleg å hjelpe til, seier Jolaug Haugsvær som jobbar på butikken på Masfjordnes.

Køar ved Duesund-Masfjordnes

KØ: Det har oppstått lange køar ved Duesund-Masfjordnes.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen

Lange køar

Stenginga av tunnelane førte til lange køar, fortel ein av dei som sto i køen.

– Eg kom ned den lange tunnelen før Matre, også kom eg inn i den vesle og då vart det bom stopp, seier Rolf Sanne Gundersen.

Han var på veg frå Bergen til Førde, og seier at vegen er stengt begge vegar.

– Det har korka seg til dette her, og junior har byrja å spele. Det må nok ein del andre belage seg på. Vi blir nok ståande her i regnvêret. Det kan sjå ut som det kjem til å ta litt tid, fortel han.