Hopp til innhold

Kommunane taper pengar på ny vasskraft

«Alle» vil at Noreg skal ruste opp gamle vasskraftverk. Men vertskommunane tener på å motarbeide planane.

Turbinhjul poleres hos Rainpower på Sørumsand

NYTT TURBINHJUL: Nye skattereglar gjer at det som er god butikk for kraftselskapa, er dårleg butikk for vertskommunane. Fleire kallar det eit paradoks at insentiva trekker ulike vegar når «alle» er einige om at vi treng samling i botn og meir straum.

Foto: Eskil Wie Furunes

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Frå Folgefonna styrtar vatnet ned i Mauranger vasskraftverk ved Hardangerfjorden.

Då produksjonen starta i 1974, var kraftverket fyrst i landet til å hente smeltevatn frå under ein isbre.

50 år seinare har tida sprunge frå kraftverket i Kvinnherad, og eigaren (Statkraft) vil ruste det opp.

Men ikkje utan motstand.

– Denne utbygginga aleine kan bety 2 millionar kroner i reduserte inntekter, seier Vegard Bjørnevik (H), som er ordførar i kommunen.

Forklaringa er nye skattereglar som skal oppmuntre Statkraft og andre norske kraftselskap til å ruste opp gamle vasskraftverk.

Problemet er at dei same reglene går utover inntektene til vertskommunane, som vekslar inn sin «gjestfridom» i konsesjonskraft og skatteinntekter.

I tillegg til å vere «vertskap» er mange kommunar inne på eigarsida og kan øve innverknad på styringa av kraftprodusentane gjennom sin aksjepost.

Slik kan komande generalforsamlingar bli arena for steile frontar:

  • På den eine sida av bordet: Kommunerepresentantar som har økonomisk interesse av å bremse nyinvesteringar som kan trekkjast frå eigedomsskatten.
  • På andre sida: Representantar for «det offisielle synet» om at Noreg treng meir balansekraft.
  • Og i midten: Dei som har to hattar og kan sjå saka frå begge sider.
Mauranger, Folgefonnanleggene. Dam Dravladalen

Dravladalen. Frå utbygginga av Folgefonnanleggene i 1973. Foto: NVE.

Bondhusbreen

Sedimentkammeret under Bondhusbreen. Faksimile frå Statkraftverkene si informasjonsbrosjyre, 1980.

Maurangerutbygginga

«Vindauget» er ei anleggsbrakke som klamrar seg til fjellsida under Bondhusbreen. Her hadde arbeidarane sitt bu- og matkvarter under Maurangerutbygginga på 70-talet. Foto: UiO.

Eit paradoks at det ikkje er vilje til å tilpasse regelverket

Leiar i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK), Jon Rolf Næss, meiner staten må ta grep slik at vertskommunane og kraftselskapa har samanfallande interesser:

Staten må ta tak i dette og lage ordningar som fangar opp morgondagens vasskraftproduksjon, seier han.

Statkraft varsla tidlegare i år at dei vil bruke opp mot 35 milliardar kroner på å ruste opp gamle vasskraftverk «for å gjere kraftsystemet meir robust».

Statkraft resultater for 1. kvartal 2021

– Oppgradering av vasskrafta er ein del av vekststrategien vår, seier konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Å selje smøret sitt utan å få betalt er ein metafor for å bli snytt.

Ordførar i Sirdal kommune, Jonny Liland (Ap), seier det er «ei kjensgjerning» at kommunane blir ståande att som forsmådde smørprodusentar når gamle vasskraftverk blir oppgradert.

Når det er brei einigheit om at vi treng ei omfattande omstilling, så er det eit paradoks at det ikkje er vilje til å tilpasse regelverket til morgondagens kraftutbygging, seier han.

Per Storm-Mathisen

Per Storm-Mathisen, Hafslund

– Det er eit paradoks at insentiva trekker i ulike retningar. Sjølv om vertskommunane i utgangspunktet er positive til oppgraderingar og effektutvidingar, vil dei naturleg nok bli mindre positive dersom dei taper inntekter på slike prosjekt.

Jonny Liland (Ap), ordførar i Sirdal kommune

Jonny Liland, Sirdal-ordførar

– Den fornybarutbygginga som vil vere heilt avgjerande for å nå klimamåla våre, vil i hovudsak vere oppgraderingar av eksisterande vasskraftverk med utbygging av effekt, i tillegg til landbasert vindkraft. Det er ulike måtar dei openberre manglane ved dagens rammeverk kan utbetrast på.

Jon Rolf Næss
Svein Sundsdal

Jon Rolf Næss, leiar i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar

– Staten må ta tak i dette og lage felles nasjonale ordningar som fangar opp morgondagens vasskraftproduksjon, slik at også noko av den verdiskapinga blir igjen lagd lokalt – der produksjonen finn stad.

Professor Leif Lia
NRK

Leif Lia, NTNU

– Dette paradokset må løyast opp før det kjem til enkeltsaker og skaper harde frontar. Ei løysing kan vere å knyte inntektene til fylke og kommunar tettare opp til kontantstraumen frå kraftverka, og skatteekspertar kan heilt sikkert finne gode løysingar for slikt.

Rune Skjevdal
Norsk Grønnkraft

Rune Skjevdal, leiar i Norsk Grønnkraft

– Først og fremst treng nasjonen energi og effekt. Første bod er derfor at prosjekta blir lønnsame å investere i for tiltakshavar. Samanlikna med dei andre har kraftkommunane eit forholdsvis godt inntektsgrunnlag frå kraft.

NRK er kjent med at Fornybar Noreg har sett i gang eit arbeid for å finne ein måte kor insentiva speler på lag med kvarandre.

Vi jobbar kvar dag for at regelverket skal ha så tilstrekkelege insentiv som mogleg for at både kommunar og kraftselskap skal bidra til energiomstillinga, seier Øistein Schmidt Galaaen, som er direktør for produksjon og berekraft i Fornybar Noreg.

Han legg til:

– Vi kjem ikkje gjennom energiomstillinga utan lokal velvilje.

Elisabeth Sæther

– Vasskraft har høgaste prioritet, sa statssekretær i Energidepartementet, Elisabeth Sæther, da ho talte til Produksjonsteknisk Konferanse (PTK) på Gardermoen denne veka. Ho la til: – Så sett i gang og bygg, vi treng dykk!

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen

Viktig at skattereglane fremmar samfunnsmessig lønsame utbyggingar

Under ein kraftkonferanse på Gardermoen denne veka var det stor semje om at mengda vasskraft ikkje lenger må vere hovudfokus, men kvaliteten til vasskraft som balansekraft.

Blant deltakarane på konferansen var NTNU-professor Leif Lia.

Han meiner dagens skattereglar kan bli «ein effektiv stoppar» for ombygging og modernisering av vasskraftsystemet.

Politikarane må snarast ta tak i dette paradokset. Eg er sikker på at skatteekspertar kan finne gode løysingar for slikt.

Les også Forslag om å ta kraftmilliardar «dødt» etter berre éin dag

Vannkraft

Attande i Kvinnherad seier ordførar Vegard Bjørnevik at «løysninga eigentleg er enkel»:

Nye skattereglar som fremjar – og ikkje hemjar – det grøne skiftet.

Om ikkje, er eg redd vertskommunane kjem til å seie nei til vidare utbyggingar.

Vegard Bjørnevik

Vegard Bjørnevik (H) seier det er «ei kjensgjerning» at dei gamle ordningane som historisk har tilgodesett vertskommunane med store inntekter ikkje fungerer like godt for den nye generasjonen vasskraftverk.

Foto: Høyre

Les også Før fekk krafta katedralar – no splitter ho landet

Tyssedal kraftverk