Hopp til innhold

Ønskjer svart boks velkommen i helikopter

Havarikommisjonen rår til at alle helikopter må få taleregistrator etter den tragiske ulykka i Ullensvang der eit Airlift-helikopter styrta og fem menneske omkom.

Freddy Eriksen, helikopterstyrt Ullensvang

AVVENTAR: Administrerande direktør i Airlift, Freddy Eriksen, avventar om det kjem eit pålegg om svart boks i alle helikopter. Til høgre åstaden etter helikopterstyrten i Ullensvang 4. juli i fjor.

Foto: Jan Kåre Ness / NRK/Scanpix

Det har ikkje administrerande direktør i Airlift, Freddy Eriksen, noko i mot.

– Først og fremst vil eg seie at dette er ei tragisk ulykke som har vore tøff for alle pårørande og tilsette i selskapet, seier administrerande direktør i Airlift, Freddy Eriksen.

I dag kom den endelege rapporten frå Statens havarikommisjon om helikopterulykka i Ullensvang i Hardanger 4. juli i fjor. Den konkluderer med at det ikkje er tekniske feil ved helikopteret som er årsak til ulykka der fem menneske omkom.

Skuldast menneskeleg svikt

Ein krapp sving førte til at helikopteret kom ut av kontroll, og det var ikkje nok høgde til å rette det opp i tide, skriv Havarikommisjonen i sin endelege rapport.

Dermed konkluderer rapporten med at det var menneskeleg svikt og utfordringar knytte til denne helikoptertypen som førte til dødsulykka son har vorte karakterisert som ein av norgeshistoriens mest alvorlege.

– No har vi fått den endelege rapporten og det har komme fram ei anbefaling om at ein skal ha ein registrator i helikoptera, og dei ønskjer at det skal bli teke via dei europeiske luftfartsmyndigheiter. Det vil vi sjølvsagt sjå på dersom det skal innførast, seier Eriksen.

Avventar lovpålegg

Helikopterbransjen har ikkje tidlegare teke til orde for dette.

– Det er ikkje noko pålagt krav endå, og sjølv om ein har snakka om det, har det vore lite føremålstenleg sidan dei systema ein har hatt har vore både for store og tunge. Men no har det komme nye ting på marknaden, og det må vi sjå på, seier Eriksen.

Han påpeikar at dersom det kjem eit lovpålegg så vil det gjelde alle.

– Blir det lovpålagt er det ingen veg utanom. Då må vi berre gjere det, seier Eriksen.

Men kor mykje dette kan komme til å koste, torer han ikkje anslå.

– Det veit eg ikkje. Det vil komme an på kva alternativ ein vel og kva som finst på marknaden, seier Eriksen.

Har gjort mange forbetringar

– Vi har gjort ein del forbetringar allereie som er relatert til dette for å sørgje at det ikkje skjer ein gong til. Det er det viktigaste, seier Eriksen.

– Kva har de gjort konkret?

– Vi har sett på det som kan vere årsaka, det er ikkje eit eintydig svar på det. Noko går på manøvrering, og der har vi lagt inn tydelege krav som går utover det som er pålagt av myndigheitene, seier Eriksen.

Han legg til at dei også har gjort ei rekkje tiltak i forhold til korleis dei skal jobbe med tryggleik generelt sett.

– Og synleggjere det som kan vere ein årsak, ein servo transparency, ein situasjon der hydrolikken låser seg og som kan skje i spesielle tilfelle og under spesielle omstende. Det vil vi sørgje for ikkje ser, så vi har lagt inn avgrensingar for einskilde høgder og kva ein kan gjere med helikopteret, seier Eriksen.