Mannen i 50-åra trudde han skulle møte ein 15-åring i eit skogholt i Sogn i fjor.
I staden vart han angripen av ein ungdomsgjeng som knivstakk han og filma hendinga.
Fire av ungdommane vart nyleg dømde. Ein av dei ankar dommen.
No er det knivofferet, mannen i 50-åra, som sjølv som sit på tiltalebenken.
Han er tiltalt for å ha avtalt eit møte med ein person under 16 år med mål om seksuell omgang.
Mannen nekta straffskuld da rettssaka starta onsdag.
Rolf Knudsen forsvarar mannen i 50-åra, som vedgår delvis straffskuld i tiltalepunkta mot seg.
Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRKGrove meldingar
Aktor Sissel Kleiven viste fram meldingane på appen Grindr i retten, kor den tiltalte trudde han snakka med ein 15-åring.
Meldingane var av grov seksuell karakter.
– Eg er skamfull, sa den tiltalte om meldingane.
Da dei møttest i indre Sogn, hadde mannen med seg kondom og glidemiddel.
– Det har eg alltid med meg, sa mannen.
Den tiltalte hadde også med liggeunderlag og pledd.
Han forklarte at planen var å sitte på liggeunderlaget, drikke alkohol og snakke med guten. Han hadde køyrd i mange timar for å møte han.
I fjor sommar vart mannen i angripen i dette skogholtet i indre Sogn.
Foto: CHRISTIAN BLOM– Forklaringa står ikkje til truande, sa aktor Kleiven,
Ho bad om seks månader i fengsel, med 60 dagar på vilkår.
Meiner møtet var provosert fram
Forsvararen argumenterte for at mannen ikkje hadde seksuell omgang som hensikt.
– Han manglar vilje til seksuell omgang, og han har heller ikkje evne, sa forsvarar Knudsen.
Det var guten som provoserte fram møtet, ifølge forsvararen. I tillegg bad Knudsen retten ta omsyn til dei voldsomme konsekvensane av knivangrepet og uthenging på nett.
I retten fortalde den tiltalte at han hadde hatt det svært tøft, og særleg etter at videoen av overfallet vart delt på nett.
Sissel Kleiven meiner forklaringa til mannen ikkje er truverdig.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK– Det har vore heilt grufullt for han i over eit år. Vi håper han snart kan begynne å legge dette bak seg, men det er veldig tøft.
På grunn av knivangrepet og videodelinga, bad aktor om at 60 dagar av straffa skal bli sona på vilkår.
Den seinare tida har det vore fleire rettssaker mot personar som lokkar folk dei trur er pedofile inn i feller, og legg det ut på nett.
Det er venta dom i saka 17. juli.