Hopp til innhold

Borgarverngrupper spreier valdelege videoar på nett

Videoar der såkalla «pedojegerar» går til angrep spreier seg no på nettet. Kripos reagerer sterkt på valdsbruken og at svært unge er involverte.

Mann blir angripen med kniv i Gaupne i Luster.

ÅTAK: Politiet meiner ein mann i 50-åra hadde mål om seksuell handling med mindreårig då han reiste til Gaupne i Luster før helga. Biletet er ein skjermdump av videoen som verserer i sosiale medium.

Foto: Skjermdump

I løpet av kort tid er det publisert tre norske videoar i sosiale medium der personar jaktar på personar dei meiner er pedofile. Personane kallar seg «pedojegerar».

Den siste videoen er frå eit skogholt i Luster. Ein lett attkjennande mann i 50-åra blir angripen med kniv og stukken fleire stader på kroppen. Fem ungdomar er sikta i saka.

Mannen i 50-åra er sikta for å ha avtalt eit møte med barn under 16 år, med mål om seksuell handling. Mannen har ikkje teke stilling til siktinga.

Ein 14-åring er sikta for drapsforsøk.

Les også 14-åring sikta for drapsforsøk etter knivstikking i Luster

Knivstikking Gaupne

Videoen er no sett av over 80.000 personar. Ein tilsvarande video i Sverige er sett av over 230.000 personar.

Kripos ser svært alvorleg på valdsbruk og det ulike nettsamfunn kallar for «Pedojakt».

Guro Skjerve i Kripos

Leiar for etterretningsseksjonen i Kripos, Guro Skjerve.

Foto: Politiet

– Utviklinga den seinaste tida gjer oss bekymra både for bruk av alvorleg vald og at ungdom tidleg i tenåra er involverte i desse gruppene, seier Guro Skjerve, leiar for etterretningsseksjonen i Kripos.

Den siste tida har fenomenet spreidd seg i dei skandinaviske landa.

Vi har sett nokre tilfelle i Noreg der dette har eskalert til valdelege situasjonar, seier Skjerve.

PST undersøker koplingar til høgreekstremisme

– Det vi har sett frå tidlegare saker, både når det gjeld høgreekstremisme og ekstrem islamisme, er at slike videoar kan verke dehumaniserande, seier Martin Bernsen i Politiets tryggingsteneste (PST).

– Det vil seie at ein blir utsett for så mykje vald at ein blir hardhuda og ikkje klarar å sjå at det faktisk går føre seg ei valdshandling.

Det kan verke inn på sikt i det verkelege liv, og ikkje berre digitalt, seier han.

PST har vore kjende med fenomenet «pedojegerar» ei stund, men seier dei ikkje har sett på det veldig lenge.

Martin Bernsen, seniorrådgiver i PST

Seniorrådgjevar i PST, Martin Bernsen, seier dei er kjende med fenomenet «pedojegervideoar».

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Dei jobbar no med å undersøke om desse valdsvideoane er knytt til ein høgreekstrem ideologi.

– Vi undersøker om personar som utfører denne valden og oppfordrar til den, er knytt til ein høgreekstrem ideologi.

– Har de grunn til å tru det?

– Vi har ikkje konkludert, men jobbar med saka, seier Bernsen.

PST kommenterer fenomenet generelt, og uttalar seg ikkje spesifikt om videoen som verserer frå Gaupne.

Ei av gruppene som har delt videoen frå Gaupne, skriv i ei melding på Instagram at dei tek avstand frå påstandar om koplingar til høgreekstrem ideologi.

Ein person som står bak ein nyoppretta konto som oppmodar om å «ta dei pedofile» som NRK har vore i kontakt med, avviser også koplingane.

– At vi er ei høgreekstrem gruppe er ikkje eit aktuelt tema ein gong. Å stemple oss som høgreekstreme blir heilt feil.

Tek avstand frå vald

I ei pressemelding frå dei som står bak ein av kontoane som har delt videoen frå Gaupne, står det at gruppa tek avstand frå væpna vald og ikkje støtter knivstikkinga som har skjedd.

– Vi tek avstand frå slike handlingar og held oss til vårt prinsipp om at ingen former for våpen er tilletne i vår organisasjon.

Dei skriv også at dei har tatt grep og ekskludert personen frå gruppa.

– Det var ei sjokkerande oppdaging for oss at den involverte var så ung som 14 år, står det vidare.

Gruppa skriv at dei framleis kjem til å jobbe for å beskytte samfunnet mot overgrep mot mindreårige.

Truslar, slag og spark

Ordførar i Luster, Andreas Wiese, seier at han er overraska over at slike trendar også har komme til dei.

Ordførar Andreas Wiese i Luster.

Luster-ordførar Andreas Wiese.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Vi har kanskje trudd at Luster var fri for slike hendingar og aktivitet, men så blir dette ein vekker om at sosiale medieplattformer er globale og Luster er ein del av det globale.

Valdsepisoden i førre veke har opprørt heile lokalsamfunnet. Mange av elevane ved ungdomsskulane i kommunen har sett videoen. Både politi og andre etatar ber om at slike videoar ikkje blir delte vidare.

Heltne om knivstikking Gaupne

Politiadvokat Janne Ringseth Heltne.

Foto: Tone Berge / NRK

Politiadvokat Janne Ringseth Heltne i Vest politidistrikt minner om at det er straffbart å dele krenkande bilete av valdshandlingar.

Utover det kan ho ikkje seie noko meir om bakgrunnen for videoen, og kvifor ungdomane og mannen i 50-åra møttest ved skogholtet i Gaupne i Sogn

Rolv Knudsen er bistandsadvokat for den sikta i 50-åra. Han har ikkje sett videoen sjølv, men reagerer på at det blir delt identifiserande bilete av mannen.

– Klienten min reagerer på videoen. Det er ei tilleggsbelastning.

– Politiet skal etterforske

Kripos ser ikkje vekk ifrå at det kan vere fleire norske videoar enn dei kjenner til.

Knivstikking Gaupne
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

Skjerve forstår at overgrep mot mindreårige vekkjer sterke reaksjonar, men understrekar at det er politi og påtalemakt som skal etterforske og straffeforfølge lovbrot i Noreg, mens det er domstolane som dømmer.

– Det kan vere mørketal i slike saker, då ofra for uthenging og vald kan vegre seg for å melde frå til politiet fordi dei sjølve har gjort noko som kan vere straffbart, seier Skjerve.

Ho viser til at borgarverngrupper er problematisk av fleire grunnar og at det er straffbart å dele videoar av personar som har blitt utsett for vald.