Hopp til innhold

Tok lova i eigne hender – blei dømde til ungdomsstraff og samfunnsstraff

Dei fire gutane som var tiltalte i den såkalla «pedojeger-saka» i Indre Sogn er dømde.

et par mennesker i skogen

Guten som blei dømd til 150 timar samfunnsstraff er også dømd for å filme hendinga og dele videoen.

Foto: Skjermdump

Ein junidag i fjor blei ein mann i 50-åra knivstukken og slått fleire gongar i eit skogholt i Indre Sogn. Fem gutar blei sikta etter hendinga. Alle var under 16 år, den eine under 15. Fire tenåringar blei tiltalte etter hendinga.

No har dei fire blitt dømde:

  • To av dei dømde til ungdomsstraff i med gjennomføringstid på 10 månader.
  • Ein av ungdommane er dømd til samfunnsstraff i 150 timar.
  • Den siste guten er dømd til samfunnsstraff i 120 timar.

Samla må dei tre også betale mannen 76.000 kroner i erstatning.

Firda omtalte dommen først.

Det var den yngste guten som blei sikta for det mest alvorlege lovbrotet; drapsforsøk. Men grunna ung alder, vart denne saka lagd vekk.

Ein valdsvideo av hendinga spreidde seg vidare på ei gruppe med føremål om å ta og henge ut pedofile.

Den fornærma mannen er sjølv tiltalt for «grooming».

Knivstikking i Indre Sogn (5 av 5)

I dette skogholtet blei ein mann i 50-åra knivstukken.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Statsadvokaten vurderer anke

Statsadvokat Sigurd Granli konstaterer at to av dei tiltalte vart dømde for grov kroppskrenking, og ikkje grov kroppsskade. Retten har også landa på noko lågare straff enn påstanden.

– Eg er tilfreds med at alle fire er dømde for det vesentlege av tiltalen og at dei er pålagde straffer av ei viss lengd innan straffeforma som vi la ned påstand om, seier han.

Det er førebels uvisst om han vil anke dommen. Ankefristen er to veker.

– Spørsmålet er oppe til vurdering. Vårt syn, etter bevisføringa, er at tre av dei var omfatta av grov kroppsskade, seier Granli.

– Glad for å vere ferdig

Advokat Erik Johan Mjelde forsvara ein av gutane som vart dømde til ungdomsstraff.

– Ein grundig dom, som ikkje blir anka, seier han og grunngjev:

– Dei er ikkje dømde for knivbruk. Det står åleine på han som utførte. I fellesskap er dei dømde for kjennskap til at det kunne skje ei kroppskrenking, og straffeutmålinga tek omsyn til at det er born.

Mjelde har gått gjennom dommen med sin klient og verje.

– Han er mest nøgd med å vere ferdig med saka, og at han no kan legge denne bak seg og gå vidare. Det har vore ei stor påkjenning over lang tid, med mykje rykte.

– Det er ein omfattande dom, så vi må sjå på den og vurdere kva vi skal gjere, seier Ivar Eivind Hauge. Klienten hans vart dømd til samfunnsstraff.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå dei to siste forsvararane.

Erkjende ikkje straffskuld

Ingen av dei fire tiltalte tenåringane erkjente straffskuld for å ha medverka til hendinga eller å ha etterlate mannen i hjelpelaus tilstand.

Tre av ungdommane forklarte i retten at dei ikkje hadde planlagt å skade mannen.

Det var snakk om enten å henge han ut, tusje noko i panna hans, sende det til familie og få han til å miste jobben, sa ein av dei tiltalte i retten.

Dei sa også at dei ikkje viste kor skadd mannen var

Ein femte tenåring var tidlegare sikta for drapsforsøk. Det er han som skal ha knivstukke mannen.

Siktinga fall bort sidan guten var 14 år og under den kriminelle lågalderen då hendinga skjedde.

Saka har vore ei stor påkjenning ifølge den fornærma mannen.

– Det var ein forferdeleg oppleving, og særleg då dei stakk til skogs og blodet pumpa, sa han under rettssaka.

Advokat Rolf Knudsen er iført svart kappe under rettssaken mot moren som er tiltalt for grov mishandling mot egen sønn.

Rolf Knudsen er bistandsadvokat til den fornærma mannen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Planla på chat: – Kan hende vi tek liv av han

Gutane avtalte å møte den fornærma mannen på sjekkeappen Grinder.

I retten viste aktor fram meldingar ungdommane sende til kvarandre før hending.

I ei av meldingane står det at fornærma skulle «bankast kraftig», og at dei skulle sende bildebevis til familien hans om at han var ein «skitten pedo».

«Kan hende vi tek livet av han», skreiv den yngste av gutane i chatten, som ikkje er blant dei tiltalte. Svaret var «det er det beste som kan skje med han».

Ein av dei tiltalte forklarte i retten at chatten inneheldt mykje «ræl».

– Med ræl meiner eg at det er ingen som trur at det går an å drepe nokon eller i det heile tatt kan denge han. Det er heilt urealistisk.

en mann i hvit skjorte

Dei fire forsvararane til tenåringane sat på ei lang rekke i retten.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

«Pedojegerar»

I same periode som valdshendinga i Indre Sogn blei fleire liknande videoar publisert i sosiale medium der personar jaktar på personar dei meiner er pedofile.

Mellom anna vart to mindreårige dømde til ungdoms- og samfunnsstraff for å ha banka opp ein mann i Trøndelag.

Personane kallar seg «pedojegerar».

– Det er eit stor samfunnsproblem at unge personar kan rote seg bort i slik kriminalitet, sa aktor Sigurd Granli tidlegare.

Tidlegare har også Kripos reagert på valdsbruken og at dei involverte er svært unge.

Les også Borgarverngrupper spreier valdelege videoar på nett

et par mennesker i skogen